Bøker

Når ein prøver å skilje teologi frå politikk, kjem metafysikken gjerne att i ny drakt

Kva skjer når politikk og teologi blir blanda ­saman? Ragnar Misje Bergem skriv om korleis vi slit med å forstå vår eiga europeiske historie.

– Vi lev i ein europeisk kultur som har prøvd å skilje teologi og politikk i dei siste fem hundre åra. Problemet er at dette skiljet stadig bryt saman.

Ragnar Misje Bergem har skrive Politisk teologi. Det er ingen innføringsbok om Bibelen eller om kva slags politikk kristne bør støtte opp om. Ho handlar om korleis religion og politikk har vore blanda saman i si eiga historie.

– Når vi opnar skottet mellom ­teologien og politikken, så ser vi at dei skotta aldri har vore tette.

Av med hovudet!

Politisk teologi startar med den franske revolusjonen i 1789, da eineveldet i Frankrike fall og kongen vart halshogd.

– I fransk kontekst er revolusjonen framleis aktuell – presidenten i Frankrike, Macron, nemner han stadig vekk. Så seint som i 2015, før han vart president, sa han at franskmenn eigentleg ikkje ville drepe kongen eller institusjonane. Han meinte at sidan da har franskmenna ønskt å fylle tomrommet som revolusjonen skapte.

– Men kvifor startar du boka her?

– Det er eit eksempel på kva som skjer når ein prøver å bryte opp teologi og politikk. Og likevel kom all meta­fysikken, heile røynda som revolusjonen­ ville bryte med, tilbake i ny drakt. Den nye republikken som kom etterpå underkasta seg dei same mønstera som han gjorde opprør mot.

Men for å forstå kvifor revolusjonen ville bryte opp teologi og politikk, må ein gå enda lenger tilbake.

LES OGSÅ: Høyrepopulismen er et utrykk for en lengsel etter sammenheng og tilhørlighet. Kirken kan sitte på løsningen, mener Joel Halldorf

Dei to kroppane til kongen

Sidan middelalderen var det eit førande syn at kongen hadde to kroppar. Misje Bergem seier dette var ei politisk og ­teologisk førestilling.

– Ideen var at ein samanlikna kongen med Jesus. På same måte som Jesus var både Gud og menneske, så hadde kongen to kroppar, men var ein person. Han hadde, som Jesus, ein fysisk kropp. Men han hadde òg ein politisk kropp.

Ifølgje denne tanken var kroppen til kongen heile det politiske fellesskapet. Kongen var nasjonen sjølv. Dermed såg du heile landet og fellesskapet i det du såg kongen.

– Dette er ein del av ein lang tradisjon der symbola til kyrkja har blitt blanda med symbola til kongen. I ­europeisk historie var det i mange hundre år stor konkurranse mellom kongar og pavar – kongar framstilte seg som pavar og pavar framstilte seg som kongar.

Norske tilstandar

Misje Bergem fortel at dette ikkje bør vere framandt for oss her i Noreg. Han peiker på at da vår eigen kong Olav døydde, ytra statsminister Gro Harlem Brundtland orda: «Kongen er død, leve kongen!»

– Dette er eit ekko av tanken om at den evige kongen aldri døyr, seier Misje Bergem.

– I det franske eineveldet, som hadde sitt høgdepunkt før revolusjonen, tok dei dette synspunktet til ytterpunktet. Med «Solkongen», Ludvig 14 (1638–1715), prøvde dei å slå saman dei to kroppane til kongen om til ein. Dette skulle bli veldig provoserande for dei revolusjonære.

LES OGSÅ: – Religionen skal ikke styre politikken, svarer Erik Lunde på Kjell Skartveits ønske om å forme norske lover etter en kristen etikk

Den liberale forteljinga

Liberalismen er rådande i dei fleste europeiske land i dag. Men korleis steller den seg til skiljet mellom teologien og politikken? For svare på det, hoppar Misje Bergem over til reformasjonen og religionskrigane på 1500- og 1600-talet. Han skriv at «religionskrigene var skolebenken der det liberale mennesket lærte å skille­ mellom religion og politikk.»

– Kva betyr det?

– Religionskrigane var for den liberale tradisjonen kroneksempelet på kva som skjer når politikk og teologi blandast saman. Med reformasjonen braut heilskapen saman. Ein fekk nye samfunn og fleire krigar, blant anna 30–års krigen, svarar han.

I forteljinga til liberalismen vil det å knytte makta til ei spesifikk kyrkje eller tru, føre til vald og konflikt. Den moderne staten løyser dette ved å heve seg over religionen.

– Du kan i livet ditt tru kva du vil, så lenge du ikkje hindrar andre i å gjere det same. Men i den offentlege og ­politiske sfæren må ikkje religion eller religiøse overtydingar vere ­styrande. Dette er den liberale forteljinga om korleis skiljet mellom religion og ­politikk oppstår.

LES OGSÅ: Slik vil Norge se ut hvis disse kristenkonservative stemmene fikk bestemme

Trua i nasjonalstaten

Etter herjing­ane under religionskrigane, kom freden i Westfalen i 1648. Han blir rekna som startskotet til utviklinga som gav oss nasjonalstatane i Europa.

– Tanken om at religion er avgrensa til privat tru, er blitt til fordi nasjonalstaten har avgrensa makta til kyrkja og beskytta det offentlege rom, fortel Misje Bergem.

Men han trekk fram at nasjonal­staten sjølv tok over mange av symbola og rituala frå det religiøse.

– Den franske revolusjonen har òg sine kyrkjefedre, og dei ligg i Panthéon i Paris, der restane til framståande, franske borgarar blir lagde.

Den politiske kyrkja

Men kva da med Noreg? Her til lands har kyrkja gått frå å vere statskyrkje til å bli ei folkekyrkje. Nokre stemmer meiner ho er venstrevridd. Er kyrkja blitt meir politisk no enn før?

Misje Bergem tenkjer seg godt om før han svarar på eit spørsmål som gjeld vår eiga maurtue.

– Eg trur kontroversar rundt kva kyrkja skal engasjere seg i, er eit resultat av at også vi i Noreg ikkje har klart for oss kva som er religion og kva som er politikk.

– Kva slags verdiar kan kyrkja fremme? Er det fridom, blir det høgresida. Er det sosial rettferd, blir det venstresida. Forsøket på å ikkje vere partipolitisk blir fort meiningslaus, for da kan ein aldri fremme verdiar som ikkje alle er einige i. Den polariserte debatten er eit resultat av at ein ikkje heilt veit kvar skiljet mellom teologi og politikk skal gå.

---

Aktuell bok

  • Politisk teologi av Ragnar Misje Bergem
  • Misje Bergem er post­doktor på MF vitenskapelig høyskole.
  • Boka kom ut denne veka på Dreyer forlag.

---

Les mer om mer disse temaene:

Lars Petter Sveen

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Bøker