Musikk

Drepen rappar med songar for sommaren

Pop Smoke er eit av fleire eksempel på at rapp og hiphop er det rocken ein gong var: Ein sjanger der skjebnane til artistane er like lite føreseielege som musikken.

Siste veke kom endeleg Shoot for the Stars Aim for the Moon, plata som skulle gjere Pop Smoke til superstjerne. Men Bashar Barakah Jackson, som han eigentleg heitte, vart berre tjue år gammal. Den 19. februar i år vart han skoten og drepen etter at fire maskerte menn braut seg inn der han budde.

Drap og fengsel

Før kunne rocken skryte, men no er det rappen og hiphopen som er farleg og spennande. For skjebnen til Pop Smoke er ikkje unik.

I mars i fjor vart rapparen Nipsey Hussle skoten utanfor klesbutikken han eigde i Los Angeles. For berre nokre veker sidan, den 25. juni, vart rapparen Huey skutt utanfor heimen sin i Missouri. Og ein av dei store kjendisskandalane i musikkverda det siste året har vore fengslinga av, og rettsaken mot Tekashi 6ix9ine, som vart dømd til to år for blant anna gangsterverksemd. Og Drakeo the Ruler slapp nettopp eit album der vokalen hans er blitt spelt inn over telefon frå fengselet. Der sit han klaga for mord, og politiet har brukt tekstane frå hans førre album som bevis i saka mot han.

LES MER: Du store min som det drar i gang her, da! - Anmeldelse av Jessie Wares siste album

Joplin og Hendrix

Det er jo heilt vilt.

Akkurat som skandalane i rocken på 60-talet var heilt ville. Da døydde kjende artistar som Janis Joplin, Jimi Hendrix, Jim Morrison og Brian Jones i The Rolling Stone, pur unge og talentfulle. Bob Dylan var i ein kronisk amfetaminrus da han i 1965-1966 spelte inn klassikarane Bringing It All Back Home, Highway 61 Revisited, og Blonde on Blonde. Han var heldig og kræsja på motorsykkel, og måtte gøyme seg bort ein stad i skogane nær Woodstock for å komme til hektene igjen.

Stjerner var skapte, men rammene rundt dei var knapt på plass. Lite var profesjonalisert, og liva musikarane levde, var hasardiøse og beint fram ukloke.

Forbilde

Mange seier at skandalane og tragediane vi no ser handlar om dekadanse og at rapp– og hiphop–artistar har for tett kopling til kriminelle miljø. Men i staden for å hisse oss opp over at dagens artistar er dårlege forbilde for ungdom, burde vi heller tenke at den skuldinga ikkje er ny.

Ein heil foreldregenerasjon var livredde for Elvis Presley og nokre ungdommar frå Liverpool. Vi er ekspertar på å forstå kva David Bowie heldt på med gjennom heile si karriere. Da greier vi fint å forstå dei ulike representasjonane i rappen og hiphopen.

LEST DENNE? Ny film om Aretha Franklin. Se traileren her

Sommarsongen

Vi har lenge prøvd å forstå kva som ligg bak LSD–tåka i fleire av tekstane til både The Beatles og Bob Dylan. I rappen er det vel så mykje fornuftig. Songane som i dag blir globale hits, speglar ofte ei verd der barn og unge møter eit høgst usikkert liv i sitt eige nabolag. I eit land som har eksplodert i demonstrasjonar mot politivald, COVID 19, og som er styrt av ein president og eit politisk leiarskap som ikkje verker å bry seg om sitt eige folk, dukkar det stadig opp nye stemmer i musikken som ber i seg denne uroa.

Eller som berre skapar songar som vil lyse opp julikvelden.

Shoot For The Stars Aim For The Moon er ikkje like rå som dei første mixtapane Pop Smoke ga ut. Men songane kjem til å bli spelte i heile sommar. Det er ein verdig avskjed for ein artist som gjekk bort så altfor tidleg.

LES OGSÅ:

Fortellergrepet gjør serien I May Destroy You til den mest nyskapende på mange år

«Vi hører Vivaldi på vekkeklokka, i heisen, i kantina, på do: Hva er det med Vivaldi?»

Religiøs musikk kan gå inn på den mest hardnakkede ateist, sier tidligere hardnakket ateist

Les mer om mer disse temaene:

Lars Petter Sveen

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Musikk