Musikk

Frå no av skal Kanye West berre lage kristen musikk

«Jesus is King» blir lansert fredag. – Det er rett timing, seier prosjektleiar i Music Norway.

Det var i samband med det komande albumet «Jesus is King» at Kanye West skal ha uttala at han ikkje lenger skal lage låtar som «Gold Digger», «Famous» eller annan sekulær musikk. Frå no av er det berre gospelmusikk som gjeld for rapparen. Det skriv nettmagasinet Hiphopdx. Albumet kjem ut med ein tilhøyrande konsertfilm med same namn.

Nærare kyrkja

– Eg gler meg veldig til denne skiva, og har skikkeleg trua, seier Einar Idsøe Eidsvåg. Han er prosjektleiar i Music Norway.

Han dreg fram at dei tidlegare albuma til rapparen har hatt eit meir elektronisk lydbilete enn denne lét til å ha.

– Kanskje er det ein reaksjon på all støyen som finst om dagen, også i musikken, og kanskje handlar det om eit ønskje om å knytte musikken sin nærare til kyrkja.

Eidsvåg trur samtidig det er verd å hugse på at det er mykje lågare terskel i USA enn i Noreg for å stå fram som kristen.

– Å seie «God bless you» er framleis litt som å seie «ha en fin dag».

Følgjer sitt kall

– Er det smart kommersielt?

– Eg trur ikkje han tenkjer på det i det heile tatt. Eg trur at han berre følgjer sitt kall, seier Eidsvåg.

– Kan det også være risikofylt, med tanke på salet?

– Ja, det trur eg, men eg har ei kjensle av at det er rett timing for å gjere noko slikt no. Det har mykje med korleis musikken dei siste åra har vore, og at mange er svoltne på ein meir autentisk lyd som blant anna gospelkoret gjev.

– Så kanskje vi får ei vekking?

– Det kan hende det.

Oppstyr

Artisten har tidlegare laga mykje oppstyr då han blant anna poserte som Jesus på framsida av musikkmagasinet Rolling Stones og uttala at det skulle stått om ham i Bibelen. Heime hos West skal det også ha vore ein kopi av Michelangelos berømte utsmykking av Det sixtinske kapell, med den modifikasjonen at alle ansikta var bytt ut med ansiktet til artisten sjølv.

Kanye West har óg latt seg inspirere av norsk kristenmusikk. Som produsent sampla han deler av låta «Konklusjon» av det norske kristenbandet Good News, til songen «M.P.A.» med Pusha T og Asap Rocky.

Eigentleg skulle albumet ha kome i september i 2018 med namnet Yandhi. Men i mellomtida har artisten sidan januar i år drive med regelmessige gudsteneste. Ei storarta gospelgruppe har stelt opp kvar søndag, lukka frå media. Klipp frå gudstenestene har likevel dukka opp i sosiale medium. Sidan har albumnamnet endra seg til «Jesus is King» og Kanye West har med gospelgruppa framført songen «Water» frå det nye albumet på festivalen Coachella. Gospelgruppa er venta å vere sentral på den nye plata.

Går i bølgjer

Carl Petter Opsahl gler seg også til plateslepp på fredag. Han er førsteamanuensis på MF og har blant anna forska på spiritualitet i hip hop. Han har følgd med på Kanye West sidan før han debuterte med The Collage Dropout i 2004.

– Vil Jesus is King bli ei tradisjonell, kristen plate?

– Vi veit ennå ikkje, men Kim Kardashian har sloppe titlane på sosiale medium, og gudstenestene han har hatt sidan januar er av format veldig lovsang- og gospelprega.

– Er det noko i lufta som gjer at denne utgjevinga kjem no?

– Gud er tilbake i hip hopen. Kendrick Lamar er eit godt eksempel. Og Chance the Rapper. Kanye har sagt at Chance the Rapper – ein annan kristen rappar – fekk han tilbake til trua og røtene. Men dette har gått i bølgjer i hip hopen. Vi såg det i councious–rørsla på 90–talet. Fleire rapparar har blitt pastorar, som Reverend Run i RUN DMC og Ma$e.

Enkel forkynning

Opsahl seier han var meir tilbakehalden på å seie noko om intensjonane til Kanye West – og om dette var eit slags stunt – før gudstenesta han heldt på Cochellafestivalen i april. Her opplevde forskaren at rapparen ikkje tok ei altfor framståande rolle. I sentrum sto koret, menneska og kyrkjelyden.

Kanye skal ha sagt under gudstenesta at han tidlegare har jakta på pengar, salstal og status, men at han no vil setje Jesus først.

– Det er e ganske enkel forkynning, men ho verker veldig ekte.

– Så Kanye bryt ikkje med noko kjent forteljing i hip hopen?

– Nei, dette har vore ein understraum i hip hop nesten sidan starten.

Frelsaren

Marius Emanuelsen er musikkritikar i Morgenbladet og litteraturvitar. Han skriv til Vårt Land at han berre har følgd med med eit halvt øyre denne gongen, mest fordi han har vore oppteken med andre ting og «litt fordi førre Kanye–omgang var såpass skuffande».

– Men kristendommen har jo spøkt i bakgrunnen sida debuten, legg han til.

– Det tok ei ny vending med Yeezus, og enda ei da Chance the Rapper trakk inn gospel–element på TLOP.

Det store spørsmålet, trur Emanuelsen, er vel kanskje om Kanye er i stand til å sjå noko anna enn seg sjølv i Frelsaren, og om dette er noko han må.

– Det er viktig å hugse at også Snoop Dogg har laga eit gospelalbum i det siste, og at det truleg er betre enn det Kanye kjem til å lage, sjølv om Kanye framleis er ein meir interessant artist enn Snoop i 2019.

---

Kanye West

  • (f. 1977)
  • Amerikansk plateprodusent og rapper.
  • Gift med realitystjerna Kim Kardashian.
  • Jesus is King blir hans tiende album.
  • Han har selt 140 millionar album og tatt imot 21 Grammy-prisar.

---

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Musikk