Stjerna ingen trudde skulle reise seg att
– Britney Spears viser at det ikkje er over og ut om ein gjer noko dumt, seier kulturhistorikar.
Topp-redaktør Hillevi Forsman (t.h) møtte Britney Spears for eit par år sidan. Ho vart overraska over kor usikker verdsstjerna var.
Privat
Fredag besøkte Britney Spears (32) Oslo for å promotere sin undertøyskolleksjon «The intimate Britney Spears». Redaktør i ungdomsbladet Topp, Hillevi Forsman, kan opplyse om at besøket av den tidvis kontroversielle stjerna ikkje har vekt stor interesse blant lesarane til bladet hennar. Men ho meiner likevel Britney Spears er blant dei største artistane i verda.
– Ho er eldre enn dei vi skriv om i Topp, så ho har kanskje vekse frå den målgruppa. Men eg er ein stor fan av henne, det har eg vore sidan eg var lita. Og dei siste showa hennar i Las Vegas har solgt kjempebra, sjølv om ho kanskje ikkje er ein av dei største artistane i 2014, seier ho.
Fleire skandalar
Bestill abonnement her
KJØP