Musikk

Ein neve ro

Melodiene til Hege Bålsrød passar som hand i hanske til Olav Mosdøl sine dikt.

«Er det sant at båe hendan fulle av strev og jag er betre enn ein neve med ro?» spør Olav Mosdøl i diktet Mannemakt, som han deklamerer over tonar Hege Bålsrød har komponert. Bakom nappar Kjell Åge Stovelands bratsj med uroleg klimpring og strok, som om han rister kraftig på hovudet. Diktaren svarer sjølv mot slutten av plata i den vesle, livskloke teksten Røter.

Funne tonen. Samarbeidet mellom Hege Bålsrød og Olav Mosdøl har vart i nokre år, og dei har funne tonen. Melodiene hennar er enkle og milde og passar som hand i hanske til desse tekstene. På sume ligg musikken som ein bylgjande tonane attom orda som Olav les. På andre syng ho hans dikt.

Stemma er klår og med god formidling av tekstane. Akkompagnementet er lengtande munnspeltonar eller harmonisk spel på gitar og tangentar og vâre strok på bratsjen. Her er ikkje noko som luggar.

«Æveljosa skin». Nærver i dei små tinga i livet er eit kjennemerke ved Olav Mosdøls dikting. Han ser inn i augo til ein nyfødd for å koma nær kjernen i livet. Eit anna kjennemerke er at han er open for alt som er utanfor og ovanfor vår fatteevne, som når han skriv om å «eige arv der æveljosa skin».

Her er mykje melankoli, men sume av tonane er lette og glade, som i Sommarbarn og Lys pastell som er ein duett mellom han som les og ho som syng.

Les mer om mer disse temaene:

Marianne Lystrup

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Musikk