Kultur

Musikalsk historieforteljing

Med fleire barokkinstrument, perkusjon og panfløyter ønskjer ensemble Wirakocha å grave fram songar på utdøydde språk og melodiar ingen har høyrt før.

– Kolonitida hadde eit levande og stilblandande musikkliv som vi framleis finn spor av i musikken vi høyrer på i dag, seier Laila Finvik Pettersen.

Pettersen er songar og har spesialisert seg på barokkmusikk. Men med Ensemble Wirakocha kokar ho saman ein musikalsk rett basert på 400 år gamle tekstar, tonar og rytmar frå Afrika, Latin-Amerika og Europa. For å få til dette treng dei eksperthjelp.

– Vi kjenner forskarar i Latin-Amerika som grev fram handskrivne notar for oss. Vi får songar på utdøydde språk og melodiar som ingen har høyrt før. Dette er gullgraving.

I bortgløymde melodiar og tekstar finn Pettersen hjarteskjerande tekstar, feststemde melodiar, og historier om folk som forlét heimlandet sitt.

– Historia er like aktuell i dag. No bur der syrarar over heile landet vårt. Dei ber på sine eigne barneregler og barnerim.

Kolonitid

Den brutale kolonitida gav gode kår for musikken.

– Europearane hadde med seg komponistar og instrumentmakarar på reisene sine. Dei afrikanske slavane hadde også med seg deira kultur. Då europearane ville ha dei til å gå i kyrkja, måtte dei spele afrikansk musikk med kristent innhald.

Dei kristne tekstane står seg ikkje like godt i vår tid.

– «La oss danse og feire, for i morgon skal vi bli kvite!» syng vi i den eine songen. Det er jo forferdeleg støytande tekstar.

Pettersen har oppdaga at sjølv om tekstane er negativt lada, treng ikkje musikken vere det.

– Ein av songane handlar om eit barn som sit på eit skip og er lei seg for at han må forlate mora si. Det er ei hjarteskjerande historie, men musikken er veldig lystig! Denne oppskrifta er typisk for latinsk musikk – ein kombinerer liding med noko vakkert.

Bandnamnet har dei henta frå religionen til inkaene og Thor Heyerdal.

– Wirakocha er ein av dei viktigaste gudane i inkareligionen, nemleg Kon-Tiki Wirakocha, som også Heyerdal kalla balsaflåten sin. Han var oppteken av korleis kultur og kunnskap flyttar seg, det er vi også.

Kamerunsk oppvekst

Som misjonærbarn fekk Pettersen tidleg med seg ein annleis musikkultur enn Norge kan tilby. Frå ho var 9 til 13 år budde ho og familien i Kamerun.

– Tida i Kamerun påverka meg veldig mykje. Musikken deira har så kompleks rytmikk samanlikna med mainstream pop. Det var ein valdsam kontrast å kome tilbake til Norge å høyre på Bruce Springsteen, liksom.

Den dansbare musikken sette sitt preg på kvardagen i Kamerun.

– Dans og musikk er heilt daglegdags i Kamerun. I Norge går vi på diskotek for å danse, i Kamerun dansar vi når vi høyrer musikk, om det er i skulegarden eller på busshaldeplassen.

Musikalsk reise

Ensemblet består av ti musikarar med ulik geografisk og musikalsk bakgrunn. For tida er dei aktuelle med oppsettinga «Løvetannen».

– Vi gjer ei musikalsk reise frå Kongo, via Portugal og Spania til Latin-Amerika. Publikum får mellom anna høyre spor av afrikanske rytmar blanda med europeisk vokalpolyfoni og urbefolkningsspråk.

Musikarane har forska på kva slags instrument som blei brukte for 400 år sidan. Men sjølv gjer dei akkurat som dei vil.

– Panfløyte er eit folketoneinstrument som ikkje skulle brukast med strykeinstrument. Såleis er det framleis i Peru. Men vi bruker panfløyte og barokkfiolinar på ein gong og har stor glede av det.

LES OGSÅ: Benedicte Maurseth vil unngå at folkemusikken stivnar i tradisjonstrekk.

Glede og sorg

Laurdag 8. juni speler dei «Løvetannen» på Sentralen i Oslo. Pettersen håpar dei klarar formidle ein bodskap med konserten.

– Vi fortel mykje undervegs og publikum blir ofte gripne. Vi er like mykje historieformidlarar som musikarar. Bodskapen er ei djup erkjenning av at menneske har evne til å skape skjønnheit for å overleve. Musikken samlar folk i sorg og glede. Uansett kor vanskeleg situasjon ein kjem i, har ein alltid moglegheit til å velje det gode.

---

Ensemble Wirakocha

  • Besetning: Laila Finvik Pettersen (song og forteljing), Adrian Lara (song, panfløyte), Kristin Lanset (song og blokkfløyter), Oda Habbestad (song, barokkfiolin), Tove Bagge (song, barokkbratsj), Roar Bye (song og barokkcello), Nikolai Endresen Dahl (song, cembalo), Thomas Schoofs Melheim (song, teorbe og barokkgitar), Martin Ulvin (song, perkusjon), David Cariano (song, perkusjon). Speler laurdag 8. juni på Sentralen i Oslo.

---

Les mer om mer disse temaene:

David Sviland

David Sviland

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kultur