Kultur

Måtte velje mellom ektemann eller å vere imam

Sherin Khankan, Danmarks første kvinnelege imam, møtte Vårt Lands Ingeborg Misje Bergem i Vår Frue kirke. Høyr heile Min tro-intervjuet her.

Bilde 1 av 3

– Eksmannen min støtta meg og ideen om ein kvinnevenleg moské. Men då han innsåg at eg skulle vere imam sjølv, takla han det ikkje. Så eg fekk eit ultimatum: han eller imamtittelen.

Kva handlar islamsk feminisme om?

– For meg handlar det om å dekonstruere dei manipulerte dikotomiane mellom aust og vest, kristne og muslimar, menn og kvinner.

LES OGSÅ: Barna er flaue og mannen er redd, men imama Sherin Khankan tier ikke i forsamlingen

Kontroversiell

Sherin Khankan er feminist og ei av verdas få kvinnelege imamar. Ho var med på å grunnleggje den kontroversielle Mariam-moskeen i København. Med feministisk lesing av koranen utfordrar dei den etablerte historia til både høgreekstreme og islamistar.

– Nokre islamofobar vil gjerne halde på narrativet om at islam er ein krigarsk og kvinnerundertrykkande religion. Når dei ser at kvinner tek leiing og les koranen med fokus på likskap mellom kjønna, blir det vanskeleg å halde på deira historie.

Mariam-moskeen har tre kampsaker:

• Retten til å vere kvinne og imam.

• At kvinna har rett til å skilje seg.

• At kvinna skal få velje kven ho vil gifte seg med.

LES OGSÅ: Vier muslimske kvinner til kristne menn

– Legitimt for kvinner òg

Desse rettane strid med muslimsk praksis i mange land og miljø.

– Eg har to gutar og to jenter. Sjansen for at døtrene mine forelskar seg i ein ikkje-muslim er gigantisk. Faren til borna mine argumenterer for at han har oppdratt borna så godt at dei ikkje kjem til å tenke på å bli forelska i ein som ikkje er muslim. Du finn den same oppfatning blant nokre kristne og jødar. I Mariam-moskeen har vi gjort det mogleg muslimske kvinner å gifte seg kven dei vil. Vi er den einaste moskeen i Skandinavia som gjer dette.

– Kan muslimske menn gifte seg utanfor islam?

– Det kan dei. Koranen seier at ein muslimsk mann kan gifte seg med ein jødisk eller kristen person. Men den seier heller ikkje noko om at kvinner ikkje gifte seg med kven dei vil. Difor meiner vi det er legitimt for kvinner å gifte seg med kven ein vil.

LES OGSÅ: Dansker hisser seg opp av kvinnelig imam på prekestolen

Fang

Ifølgje islamsk lov kan mannen skilje seg frå kona viss han vil, medan ho ikkje har den retten. Det har dei endra på i Mariam-moskeen.

– Kvinner er fanga i ekteskap prega av fysisk og psykisk misbruk fordi mannen ikkje gjev dei lov til å skilje seg. Difor har vi har laga ein ny skilsmissekontrakt som fusjonerer dansk lov med islamsk tradisjon. Den stadfester mellom anna at kvinner kan skilje seg.

– Viss Gud tillet ein mann å gifte seg med ei kristen kvinne, gjeld sjølvsagt dette også for kvinna. Eg trur dette har djupe røter i koranen.

---

Min tro

  • I 28 år har Vårt Land prata med menneske om kva dei trur. Dei siste åra har vi tatt med desse samtalane til Olavsfestdagane og Vår Frue kirke i Trondheim.
  • I 2019 møter vi, klokka 15 alle dagar:
  • • Måndag 29. juli: Sherin Khankan i samtale med Ingeborg Misje Bergem.
  • • Tysdag 30. juli: Per Oddvar «Prots» Hildre i samtale med Ingeborg Misje Bergem.
  • • Onsdag 31. juli: Rune Edvardsen i samtale med Elise Kruse.
  • • Torsdag 1. august: Veronica Orderud i samtale med Håvard Nyhus.
  • • Fredag 2. august: Preses Helga Haugland Bygfulien i samtale med Berit Aalborg.
  • • Laurdag 3. august: Charlotte Rørth i samtale med Håvard Nyhus.
  • Alle intervjua blir tilgjengelege som podkast dagen etter.

---

Les mer om mer disse temaene:

David Sviland

David Sviland

Ingeborg Bergem

Ingeborg M. Bergem

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kultur