Kultur

Mariakirkeruinen fredag den 13. mars 2020

Kan ei mor vera ein far?

Kan ei kyrkje vera ein ruin?

Kan månen erstatta sola

nettene og friskmelda

oss frå dagane

bak lukka dører

og skitne glas?

Kan du som mettar

liten fugl med to fiskar

og fem små brød

gi oss som trur

me svelt medan me et

og snakkar på eit språk

me ikkje sjølv forstår

gi oss språket og håpet

attende før du forlét

oss slik at me

etter innestengde

dagar og netter

kan sjå oss sjølve

i spegelen som menneske?

Gi oss i dag brødet

me kan dela.

Gi oss i dag handa

som kan halda andre hender.

Gi oss våren inn i sommaren

der me vitjar naboen sysken

besteforeldre

som ei mor eller ein far

me alltid har visst om.

Slik ble teksten til

Forfatter Inger Bråtveit:

– Då eg møtte Knut Erik Tveit til befaringa i Mariakirkeruinen fredag den trettande mars, heldt Norge på å stengja ned. På befaringa, der dotter mi, sidan skulen var stengd, også var med, heldt me ein meters avstand. Me stod og stirde på ein ruin, som hadde vore ei kyrkje og ei stasmakt, som i si tid vart sett i brann av svenskane.

– Kyrkja låg perfekt til, rett ved vasspegelen ved Oslofjorden. Eit landskap med gravemaskinar og skrekkodar skugga no for sola. Seinare vart avstandsregelen utvida til å gjelda to meter, og me gjekk inn i unntakstilstanden som framleis, trass gradvis gjennopning i landet, gjeld.

– Det er frå denne unntakstilstanden og såkalla kvardagen diktet er skrive, der spørsmåla i diktet endar opp med å verta ei bøn. Fyrst kjende eg det som om det ikkje fanst ord. Så tenkte eg, korleis kan me møtast att etter dette?

– Mennesket er ikkje noko øy. Menneske treng menneske. Gjennom desse dagane har eg som mor avlært barnet mitt noko av det viktigaste me som foreldre ein gong prøvde å læra barna våre: Å vera ein venn. Altså eit medmenneske som tek kontakt.

– Korleis vert dagane etter dette? Eg veit ikkje, men kjenner både redsle, håp og utmatting i våren som akkurat no her, fem hundre meter frå Mariakirkeruinen, på eit underleg vis har gått over i ein slags sjuk sommar med tjue pluss grader. Det er naturstridig om dette varer.

– Diktet er skrive ut av like delar med håp og tvil, frå ein fortvila kvardag inn mot påskehøgtida, frå ein vinter på bar bakke inn mot våren, i håpet om sommaren.

---

4-4 tekst

  • Fire forfattere er invitert av Påske & Pasjon til å lese Markus-evangeliet og besøke Mariakirkens ruiner i Oslo, før de skriver en tekst.
  • 4 – 4 utforsker stedet Mariakirkeruinen og situasjonen Påskeaften.
  • Årets tekster er skrevet av Inger Bråtveit, Marie Aubert, Ida Hegazi Høyer og Steinar Opstad.
  • Inger Bråtveit har skrevet dagens dikt.

---

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kultur