Kultur

Maria Magdalena på kyrkjeturné

Jesus hadde eit radikalt syn på kvinner, seier skodespelar Reidun Melvær Berge. I april speler ho Maria Magdalena i 16 kyrkjer i Sogn og Fjordane.

– Stykket seier noko universelt for alle som har kjent på utanforskap, seier Berge.

Maria Magdalena – Jesu virke er forma som ein monolog og er del av ein trilogi om kvinner i Bibelen skrive av forfattar Håvard Rem. Det andre stykket handlar om Mirjam, og i tredje del får vi sjå påskeevangeliet frå Maria, Jesu mor, sitt perspektiv.

– Eg speler Maria som sit ved eit bål utanfor Jerusalem og fortel om den lange reisa med Jesus ho har vore med på.

Rett før

Stykket tek oss tilbake til dei spente dagane før korsfestinga.

– Det er rett før dei skal gå inn i Jerusalem kor Jesus skal bli mottatt som ein konge, til stor frustrasjon blant dei på toppen. Du får eit tydeleg inntrykk av kor mykje krig, konflikt og elende det var på denne tida. Maria snakkar om Jesu prosjekt som utfordrar makta på denne tida og førebur seg på eit skikkeleg opprør.

I tillegg til å få eit levande bilde av den politiske situasjonen på denne tida, blir vi betre kjent med den myteomspunne kvinna.

– Det står ikkje så mykje om Maria Magdalena i Bibelen, difor finst det mange ulike versjonar av ho. Rems versjon hentar element frå forskjellige kvinner og kan ikkje kallast historisk korrekt – her har han lese mellom linjene. Rem er jo trass alt forfattar, men mykje er inspirert av ulike teoriar og forsking.

Hard kvinne

– Kven er Maria i dette stykket?

– Vi har gått for å fortelje ei mørk historie. Maria er ei hard kvinne med lite håp og tru på rettferd og det gode. Ho har vore prostituert, fattig og utstøytt. «Nokre av mennene betalte, men det var slett ikkje alle», seier ho i ein replikk. Einslege kvinner var fritt vilt på denne tida.

LES OGSÅ: I teaterstykket Openberringa blir Mikael kalla til å ligge med Maria

Teorien om at Maria var prostituert er i følgje bibel.no basert på at den prostituerte kvinna i Lukas 7,37-50 er identisk med Maria Magdalena. Denne oppfatninga har særleg rotfeste i den katolske kyrkja. I dette teaterstykket er denne kvinna kopla opp mot disippelen Maria, og mellom desse får vi vendepunktet.

– Møtet med Jesus er eit vendepunkt i livet hennar. Etter dette får ho håp og kjærleik gjennom fellesskap med Jesus, disiplane og andre kvinner. Ho får kraft til å bli ein sterk disippel som har mykje å kome med. Det kontrastfylte ved livet hennar tykkjer eg er spennande å jobbe med.

Er det mogleg å kjenne seg at i Maria Magdalena i dag?

– Absolutt. Denne historia kan overførast til mange samanhengar. Det er nok mange som kjenner seg att i utanforskapen hennar, kor fantastisk det er å plutseleg føle seg verdsett, og det å kjempe for noko du trur.

Les mer om mer disse temaene:

David Sviland

David Sviland

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kultur