Lomheim fryktar Facebook øydelegg menneske
Ein av fire unge synest det er viktigare å vere oppdatert på Facebook enn å treffe venner. – Det er eit hån å kalle det sosiale medium for sosialt, seier tidlegare direktør i Språkrådet, Sylfest Lomheim.
– Dersom teknologien tek styringa over oss, sluttar vi å vere det biologiske vesenet vi har vore i fleire hundre tusen år, seier Sylfest Lomheim.
Alf Kjetil Walgermo
Sylfest Lomheim er stigen ned frå direktørsetet i Språkrådet. Men det han har på hjartet, er viktigare enn nokon gong. Med boka Tale er gull opptrer han som jordisk vekkingspredikant: Vi står i fare for ikkje lenger å utvikle oss til sanne menneske.
– Mennesket er i ferd med å bli slukt av kommunikasjonsteknologi. Eg er ikkje imot teknologien. Men dersom teknologien tek styringa over oss, sluttar vi å vere det biologiske vesenet vi har vore i fleire hundre tusen år. Då brenn det eit blått lys for mennesket, seier Lomheim til Vårt Land.
– Kva er den største trugselen?
Bestill abonnement her
KJØP