Livsglede og tenarsinn

Helga Haugland Byfuglien fekk blikket for å hjelpe andre som tenåring i KFUK/KFUM-rørsla. Framleis drøymer ho om at dagens ungdommar skal få oppleva engasjementet frå 68-revolusjonen. Denne veka blei ho intervjua av Berit Aalborg i Min tro-serien til Vårt Land på Olavsfest.

– Det låg ein skugge over familien vår. Ved dei store anledningane var det alltid nokon som drog opp dette at det er ein som manglar, seier Byfuglien.
Publisert Sist oppdatert

– I 1967 stod eg i Bergen med heimelaga plakat kor det stod «God jul for Biafra». Det var amatørmessig, men viktig del av trusutviklinga og det å ha eit blikk for den andre.

Byfuglien er fast preses i Bispemøtet i Den norske kirke. I ungdomstida vanka ho i det kristne ungdomsarbeidet til Ten sing-grunnleggjar Kjell Grønner.

– Vi var gjerne over 100 på ungdomsmøta. Her fekk vi leiaroppgåver og vart utfordra til å tene andre. Dette var i 1967-68 og vi nærma oss den sosialetiske vekkinga. Dette var ei veldig viktig tid for meg.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP