Bøker

Litteraturens DNA

– Bibelen og dei greske klassikarane er dei to pilarane for den vestlege sivilisasjonen, seier kritikaren og forfattaren Daniel Mendelsohn.

Vårt Lands vesle «serie» der vi intervjuar USAs leiande litteraturkritikarar og intellektuelle, er vi denne gongen komen til Daniel Mendelsohn. Til sams med James Wood og Kristin Dombek, som vi har intervjua tidlegare, har også Mendelsohn ein sterk affinitet for bibelkunnskap.

Men først: Kven er Daniel Mendelsohn, og kvifor er han viktig? Som kritikar er namnet hans tett kopla til toneangivande tidsskrift som The New Yorker og The New York Review of Books, og det vekentlege bokbilaget til storavisa The New York Times. Han er også kjent som forfattar, og fekk verdsomspennande suksess med boka Forsvunnet (The Lost), der han prøvde å finne ut kva som skjedde med slektningane som forsvann under Holocaust.

Det norske Athen

Nyleg var Mendelsohn i Noreg for å promotere si nye bok, En odyssé, ei danningsreise i fotspora til Homer og det klassiske greske verket­ Odysseen. Han har også vore her til lands fleire gongar tidlegare, mellom anna som deltakar på Norsk-amerikansk litteraturfestival.

– På meg verkar det som om det finst eit svært livleg litterært og intellektuelt liv her i Noreg. Ofte er det er ein fordel å vere eit lite miljø, som i gamle Athen, der samtalen i nokon mon blir konsentrert. I USA er det for mange «sentrum» rundt ikring overalt, seier Mendelsohn.

At forfattaren og kritikaren er opptatt av den klassiske greske litteraturen, kan neppe seiast for tydeleg, slik han heilt naturleg kan smette inn samanlikningar mellom antikken og dagens Noreg. Men kvifor skal vi framleis lese Homer og dei gamle grekarane i dag?

– Det er jo stadige diskusjonar rundt det å ha ein kanon. Fleire universitetsstudentar i USA gjer opprør mot det å måtte lese ei rekke verk av døde, kvite menn. Samtidig: Det er ein grunn til at klassikarane er klassikarar. Det er ­ingen som prøver å selje deg ein dårleg bruktbil. Eg blir stadig slått av kor mykje dei har å seie oss om grunnleggande og livsviktige spørsmål kring menneskelivet – spørsmål som går på tvers av tider.

Bibelen

Mendelsohn trekker samtidig­ fram ein annan litterær tradisjon han ­reknar som like viktig som den greske:

– Bibelen og dei greske klassikarane er dei to pilarane for den vestlege sivilisasjonen.

Endå ein gong kjem det altså ein ­leiande intellektuell frå USA til Noreg og understrekar kor viktig det er å kjenne Bibelen. James Wood, som er professor i litteraturkritikk ved Harvard University og ein skribentkollega av Mendelsohn i The New Yorker, er særlig interessert i korleis moderne samfunn med sterke sekulære impulsar framleis ber med seg dei religiøse tradisjonane, «som spøkelse».

– Oppgåva for kritikarane har ­tidlegare vore å gripe fatt i dei politiske kampane som er viktige for samfunnet. Eg meiner at religionen no har tatt rolla til politikken. Å ikkje vere i stand til å snakke om dette, er eit stort problem, sa Wood då han blei intervjua av Vårt Land.

Mendelsohn snakkar om mykje av det same.

– Vi har eit intellektuelt ansvar for å kjenne desse tekstane. Du kan gjerne la vere å like dei. Men du er nøydd til å lese dei, seier han.

På eigen risiko

Den amerikanske skribenten peikar på den enorme betyd­inga som den hebraiske bibelen og Det nye testamentet har hatt på den vestlige sivilisasjonen og litteraturen.

– Du kan ignorere dette, men då ignorerer du på eigen risiko. Eg synest rett og slett det er uansvarleg å ikkje vere familiær med desse tekstane, seier Mendelsohn, som understrekar at han sjølv er ein ikkje-truande jøde.

– Men eg trur ikkje på dei greske ­gudane, heller. Eg kan framleis få mykje ut av å lese om dei.

Han har merka seg at kunnskapen om Bibelen blant studentane han underviser, er mykje dårlegare i dag enn då han begynte å undervise på slutten av 1980-talet og det tidlege 1990-talet. Og dette er USA, der store delar av befolkninga har hatt ein sterk tradisjon for å lese Bibelen og gå i kyrkja på søndagen. Slik er ikkje norma i dag.

– Før var ikkje dette eit tema, for folk gjekk i kyrkja og fekk med seg bibelhistoriene. Men i takt med sekulariseringa av samfunnet er det blitt eit stort problem at folk ikkje kjenner desse historiene lenger.

Bibelundervising

Mendelsohn ­erkjenner at det finst utfordringar knytt til bibelundervising i skulen i eit sekulært samfunn, men meiner at ein iallfall burde undervise i Bibelen, ut frå kulturarvomsyn, på amerikansk «high school». Dette skjer i liten grad i offentlege skular i USA i dag, mens mange private skular kan tilby bibelundervising.

– Du kan ikkje lese, på ein interessant måte, la oss seie 80 prosent av all skjønnlitteratur, om du ikkje kjenner­ den bibelske tradisjonen. Mange av ­studentane mine fangar ikkje opp bibelallusjonar i samtidslitteraturen lenger, rett og slett fordi dei ikkje kan bibelhistoriene, seier Mendelsohn.

For ikkje å snakke om kor vanskeleg det blir å trekke samanlikningar mellom dei to nemnte pilarane, den klassisk greske og den bibelske, utan tilstrekkeleg kunnskap om begge tradisjonane. På universitetsnivå har Mendelsohn undervist i Faidra-myten, slik vi mellom anna kan finne han hjå den greske tragediediktaren Evripides, der Faidra forelskar seg i stesonen Hippolytos og klagar han for valdtekt etter at han avviser henne.

– Då eg peika på at historia kan saman­liknast med den bibelske historia om Josef og Potifars kone, såg student­ane ut som nokre spørsmålsteikn, fortel Mendelsohn.

Han brukar også å undervise i Jobs bok og dei greske tragediediktarane ­parallelt – då både Job og dei greske tragediane i stor grad handlar om korleis ein responderer når ulykka rammar deg.

– Vi er heldige som har desse to tradisjonane i vår vestlege kultur, den greske og den bibelske. Nokre gongar er dei parallelle, og andre gonger ikkje. Dei er som to strengar av DNA-et, som tvinnar seg rundt kvarandre, seier han.

Endå ein gong understrekar forfattaren­ og kritikaren dette poenget:

– Uansett om ein trur eller ikkje: Om ein skal vere eit intellektuelt ansvarleg menneske, er ein nøydd til å gjere seg kjent med Bibelen og den klassiske greske­ litteraturen. Elles manglar det rett og slett for mykje. Skal du bygge eit fly, er du nøydd til å kjenne til fysikken, seier Daniel Mendelsohn.

---

Daniel Mendelsohn

  • Fødd 1960 i Long Island, New York.
  • Ein av USAs leiande litteraturkritikarar, kjent mellom anna frå The New Yorker, The New York Review of Books og The New York Times Book Review.
  • Fekk eit gjennombrot som forfattar med boka Forsvunnet (The Lost) i 2006, der han gjekk opp spora etter slektning­ane som forsvann under ­Holocaust.
  • Aktuell på norsk med den ferske boka En odyssé (Press forlag).

---

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Bøker