Bøker

Abba

Abba er kjent overalt: Agnetha, Bjørn, Benny og Anni-Frid, det blir ABBA. Ei pop–gruppe, ja, og eit svensk ­firma for hermetisert fisk – og så: Abba, Far.

Ab tyder «far» både på hebraisk og aramaisk, også kjent frå mange arabiske namn som Abu. Med bestemt artikkel på aramaisk blir det abba. Eit flott ord fordi det er likt framlengs og baklengs. Det burde difor skrivast med ein omsnudd B, men då ville eg bli saksøkt av ABBA, for dei har patent på den skrivemåten.

Ordet er berre brukt tre gonger i Bibelen. I Mark 14,63 er Jesus i Getsemane og ber til Abba, Far: Ta dette begeret frå meg. Paulus brukar det to gonger, i Rom 8,15 om dei som har barnekårs ånd og ropar Abba, Far! Og i Gal 4,6 om dei som har Guds Ånd og ropar Abba, Far! Merkeleg nok er det ikkje brukt i Fadervår. Der er det rein gresk: pater.

Dermed er me midt inne i ein stor diskusjon: Er Gud ein far? Er han ein mann? Slik Michelangelo framstilte han i Det sixtinske kapell?

Kvinner i alle land har protestert. Gud må vera heva over kjønna. Nokre vil dermed ha kvinne­lege uttrykk saman med dei mannlege: Gud, vår far og mor. Andre vil finna ukjønna uttrykk: eit vesen. Atter andre vil la det bli statistisk jamvekt mellom «han» og «ho» i Bibel­omsetjinga. Og så er det nokre som vil la Bibelspråket stå der i all sin manndom, og kritisera det ope.

Her er det to problem. Det eine er grammatikken, og det andre er ­Israels mannssamfunn.

Gud, far, og Abba er hankjønn, grammatisk. Men Ånd er grammatisk hokjønn, blir det framheva, ruakh er hokjønn på hebraisk, og dermed er det viktig å bruka begge orda. Ja, dette går fint, før ein blandar inn gresk. For ånd på gresk er pneuma, og det er inkjekjønn. Hebraisk har to kjønn: hannkjønn og hokjønn, gresk har dessutan inkjekjønn og får tre kjønn. I Europa har italiensk, fransk, spansk og portugisisk to kjønn, tysk og norsk tre. Avspeglar dette tankegangen i desse landa? Lite sannsynleg.

Men tankegangen er like viktig som gramma­tikken,­ og det gamle Israel tenkte i manns­kategoriar. Dette kan ein prøva å fjerna i omsetjinga og i teologien, eller ein kan mildna det, eller ein kan motarbeida det. Alle desse strategiane­ har sine forkjemparar.

Men Abba vil vera der, og i somme kyrkje­samfunn er det veldig populært. Det er eit uttrykk for ånd, Den heilage Ande, og heva over kjønnsforskjellen.

Kanskje Abba er vegen ut av grammatikken og tankegangen? Men Abba er jo eit framandord! For dei som har sett Jesus i Getsemane og har barnekårs ånd, er det jo ikkje eit framandt ord, likevel.

Magnar Kartveit

professor i Det gamle testamentet

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Bøker