Bøker

Les om heltar av begge kjønn: 'Ungdom bryr seg ikkje'

Populære, nye teikneserie-bøker har gjerne sterke, kvinnelege hovudpersonar, men lesast av både gutar og jenter.

Dei populære teikneseriebøkene Amuletten har ei jente som hovudperson, utan at det ser ut til å påverke kven som kjøper eller les bøkene. Men er det ikkje slik at gutar ikkje les bøker med jenter som hovudperson?

Lindy Andersen, redaktør i Fontini som gir ut Amuletten, er ikkje heilt einig.

– Gutane slukte vel bøker om Pippi og Ronja, Lyra i Den mørke materien og Katniss i Dødslekene (Hunger Games). No les dei gjerne Zita, Kikkis krim og om Sonja i Nordlysserien. Men du har eit poeng. Gutar les helst om gutar, mens jenter les gjerne om begge kjønn.

– Kvifor er det slik? Mine kjelder meiner at gutar helst vil identifisere seg med hovudkarakteren, mens jentene også les for å lære om andre som ikkje er som dei sjølve. Her må det kanskje litt forsking til.

LES MER: - Gradvis gikk det opp for meg at det fantes en mal som jeg skulle passe inn i. Men jeg passet aldri

Før og etter

Tonje Tornes, teikneserieredaktør i Egmont, trekk òg inn Katniss, og meiner det er eit skilje før og etter Dødslekene av amerikanske Suzanne Collins.

– Men eg trur dette med kva gutar og jenter les er noko vi vaksne projiserer på dei unge. Yngre generasjonar tek nok ikkje dette med seg når dei vel ei bok eller ein film, eller når dei skal høyre på musikk.

Tornes peiker på at desse nye heltane heller ikkje er ferdige heltar frå første side, slik som Pippi Langstrømpe var.

– Her er det heltar som du må bli kjent med, og som utviklar seg utover i bøkene.

LES MER: Siri Novak Øen er først og fremst pastor - ikke kvinnepastor

Fleire jenter les

– Nei, det er berre tull, svarer Steffen Sørum på spørsmålet mitt. Han er fagleg leiar for forfattarutdanninga på Norsk barnebokinstitutt.

Alice i Eventyrland, Ronja Røverdatter, og Pippi har alltid selgt bra til gutar. Eg trur det er i tidsanda at ein spør om slike ting. Eg har høyrt folk seie det er for få gutar som hovudpersonar, og at det gjer at gutar ikkje les nok. For ein bokhandlar så er det fint å kunne seie at her har du Amuletten og Zita med jenter i hovudrolla, men eg trur at ungdom ikkje bryr seg om kjønn. Eg trur heller at vi vaksne ser oss blinde på dette.

Ser du på all barne- og ungdomslitteraturen så er det ein større og større del av kvinnelege hovudpersonar, meiner Sørum.

– På enkelte forlag er det overvekt av jenter og kvinner, og eg trur at det du kan lese ut av det, er at det er fleire jenter enn før som les teikneseriar.

Les mer om mer disse temaene:

Lars Petter Sveen

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Bøker