Kultur

– Kva for nokre store og små hendingar er eit liv?

NY ROMAN: Tore Renberg hadde 107 brev frå mormor på loftet. Ut av dei vaks ein roman fram.

Bilde 1 av 2

– Eg utsette å opne eska og lese breva på ny, seier Renberg.

– Ein vegrar seg kanskje for å gå inn i eigen fortid. Du veit korleis slike ting er, du legg det vekk og tenker at ein dag skal du få systematisert og lest alt.

Onsdagsmøta

Ingen tid å miste handlar om Edel, 84 år, som nettopp er blitt enke. Ho og dottera, Tove, bestemmer seg for å halde av kvar onsdag. Med dette som utgangspunkt fortel romanen om ni onsdagsmøte mellom mor og dotter. Men Renberg seier boka ikkje er sjølvbiografisk, sjølv om ho har eit heilt konkret og personleg utgangspunkt.

– Min morfar døydde i 1996. Da hadde han levd eit langt og, korleis skal eg seie det.

LEST DENNE? Tore Renbergs Angrep fra alle kanter er en beretning fra Stavangers underklasse

Renberg stoppar opp, før han held fram: – Eit lite liv.

Han veit det høyres negativt ut, men det ikkje er meininga.

– Det var eit lite liv i den forstand at dette var eit 1900-tals liv for folk som ikkje hadde så mykje pengar. Som ikkje hadde ein så stor krets. Som konsentrerte seg om å få hushaldet til å gå rundt, at ungane hadde det greitt. Mormor klaga ikkje på det.

Stega i trappa

Men da morfaren til Renberg døydde, opplevde
kona hans det som så mange
enker og enkemenn gjer, at livet ikkje gir meining lenger.

– Mormor blir gåande omkring seg sjølv og sjå på veggane sine. Sjå på sofaen der morfar skulle sitte. Sjå på plassen ved sida av seg i senga der morfar skulle ligge. Lytte etter stega hans i trappa. Han er ikkje der, og ho forstår ikkje livet sitt. Ho blir einsam og fortvila, det er eit meiningstap.

Mor til Renberg ser dette, og synest det er fortvilande at mora har det slik.

– Ho seier: «Mamma, skal vi møtast ein gong i veka? Skal vi lage eit arrangement, slik at vi ser kvarandre?» Så gjer dei det, til mormor mi døyr i 2003.

Lite og skjørt

Alt dette skjer mens Renberg er ein ung mann som studerer i Bergen og etter kvart blir forfattar i Oslo. Først for nokre år sidan fortalte mora kva som hendte.

Han knipsar med fingrane, og er engasjert slik berre Tore Renberg kan vere.

– Da mor mi stod der og fortalte meg om desse onsdagsmøta ho og mormor hadde, tenkte eg at denne boka har skrive seg sjølv.

LES OGSÅ: Forfatteren Tore Renberg platedebuterer

Men han held fast på at Ingen tid å miste kjem frå ein liten idé, og at det er eit skjørt prosjekt.

– Boka kjem frå da eg såg mormor som var aleine. Eg var forferdeleg glad i henne. Likevel har eg ikkje portrettert mormors personlegdom i denne boka.

Mormors språk

I Ingen tid å miste møter vi ikkje mormor til Renberg, men Edel. Og ho er litt av ein karakter. Renberg sjølv kallar ho sterk og dryg.

– Vanlegvis pleier mine karakterar av den typen å vere menn. Viss mine lesarar skulle kikke omkring i bøkene mine, ville dei finne ein del storkjefta mannfolk som ikkje bryr seg omgjevnadane. Denne gongen vart det ei veldig gammal dame frå første verdskrig.

Sjølv om Edel ikkje er basert på mormor hans, så er Edels språk henta frå mormora.

– Da eg var liten gut måtte mor mi ut i arbeid, og mormor måtte passe meg. Så eg var
mykje saman med henne. Ho var eit forteljande menneske, retorisk sterk, og språket hennes er integrert i meg.

LES OGSÅ: Nominasjoner for Tore Renberg og Per Petterson

I den førre romanen, Du er så lys, valde Renberg å skrive på nynorsk. Ei bok seinare er han tilbake i bokmålet. Han seier det heng saman med språket som Edel fører i romanen.

– Mormor var heilt dansk, ho vaks opp i Noreg med danske foreldre. Og så talte ho kondisjonert stavangersk, veldig pent.

Renberg seier det er to grunnar til å snakke pent. Enten så kjem du frå overklassen, eller så vil du dit.

– Blant dei som ikkje hadde så mykje pengar i Stavanger, var det heilt naturleg å snakke slik.

Breva på loftet

Mykje av grunnen til at Renberg har lagt seg så tett på mormoras språk, er at han brevveksla med henne frå 1992 til 2003. Han har hatt ei eske med 107 brev frå mormora ståande på loftet.

Sjølv om han vegra seg mot å gå inn i fortida, så las han breva på nytt

– Eg hadde fått forma av mor mi og språket frå mormor. Etter å ha lest gjennom alle breva så såg eg kor spesielt mormors språk var. Det var så fint, og det finst ikkje lenger.

Våre små liv

– Kvart kapittel avsluttar du med: «Vi ber om lite, bare litt konsentrasjon, om ikke for annet enn at disse
dagene fantes og ikke gjør det lenger, bare her.» Kva er det som er blitt borte?

– Det er ein slags poetikk, ein slags etikk, som eg har tenkt mykje på da eg skreiv denne romanen. Eg følte eg fekk formulert noko som ligg tett på litteraturens eigenverdi. Det vi held på med er å ta vare på livsløp.

LES OGSÅ: Kjærleiken til nynorsk på Vestlandet: – Språket viser kven vi er

Renberg seier at tida er i ferd med å renne ut for Edel i romanen. Men at vi ikkje må miste henne av syne.

– Det er kanskje ein nærsynt roman. Den gir seg ikkje over til dei store, politiske spørsmål. Den prøver å gå veldig nært på våre små liv.

– Samtidig viser du til fleire konkrete tidsteikn, blant anna terroråtaket 11. september, som peiker ut mot ei større verd.

– Vi er alle saman uløyseleg knytt til den heilt konkrete, tilfeldig gjevne omgjevnaden vi står i. For mormor så var det desse hendingane i verdshistoria, desse stolpene, desse folka, som prega henne og som ho ville ha rundt seg. Det lytta eg til i breva hennes, i livet hennes. Kva for nokre store og små hendingar er eit liv? Kva er det som slår inn?

Eit liv

Renberg er oppteken av at vi skal respektere desse kvinnene for livet dei levde.

– Dommen over fortida kan eg ofte bli plaga over. I staden for å dømme, burde vi studere fortida. Dette har vore Edels liv, og det er utifrå desse rammene ein må forstå bragda i Edels liv.

Han seier han kan bli litt fornærma på vegne av mormora.

– Eg synes kanskje ikkje at vi ser med det rette blikket på det kvinnelivet. Og det kjenner eg at plagar meg. For det var eit liv. Det var ikkje eit elendig liv. Det var eit liv ut ifrå dei rammene dei hadde, og dei gjorde ein jækla jobb.

Les mer om mer disse temaene:

Lars Petter Sveen

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kultur