Ein liten stein som gneg i lomma
Det ord seier med lyd, seier eit bilde med stillheit, sa kirkefaderen Basil den Store på 300-talet. I dag er ikkje bilde alltid så stille lenger, ofte skrik dei så høgt at vi knapt høyrer dei.
Holocaust: Hilde Kramers illustrasjonsprosjekt THIS IS A HUMAN BEING stiller spørsmålet: Når blir eit enkelt menneske borte for alltid? I dødsaugeblinken? Eller når ingen lenger veit at ein har levd?
Essay av Bjørn Sortland
Som skjønnlitterær forfattar har eg lenge hatt eit salsargument til barn og unge som ikkje les: Bøker skaper bilde inni deg, på ein annan måte enn film. Men på eit klassebesøk nyleg møtte eg ein gut som sa at han ikkje såg eit einaste bilde når han las. Han var nøydd til å sjå filmen. Er det verkeleg sant at barn no slit med å skapa eigne bilde? Eg har alltid tenkt at djevelen er ein som sensurer, skjuler, ein som ikkje vil at vi skal vita. Men er han heller ein som vil visa oss alt – absolutt alt? Bilde rasar mot oss 24/7 frå alle skjermar og kanalar. Augo våre er svoltne som haiar, men kanskje for lengst stappmette.
Holocaust som klisjé?
Bestill abonnement her
KJØP