Kultur

Kolliderte med Sigvart Dagsland, no har politiet tatt ut tiltale

Ein 36 år gammal mann er tiltalt for aktlaus køyring, etter å ha kollidert med Sigvart Dagsland og bandet hans for snart to år sidan. – Lukkeleg for at alle overlevde, seier artisten.

Sigvart Dagsland var på veg heim frå ein konsert på Rena då bilen han sat i frontkolliderte med ein annan bil 16. januar 2018.

Dagsland sjølv, keyboardist Torjus Vierli og lydmann Helge Leirvik blei alle alvorleg skadde, fortalde Dagsland-manager Jan Sollesnes.

– Både dei to andre og Sigvart har vore gjennom omfattande operasjonar, sa Sollesnes.

No er mannen som sat i den andre bilen tiltalt for aktlaus køyring, melder NRK.

sigvart dagsland og karoline krüger juleplate
Sigvart Dagsland, her saman med ektefellen Karoline Krüger i 2013, blei alvorleg skadd i trafikkulukka i januar 2018. Foto: Lars O. Flydal

«Tilpassa ikkje farten»

Den 36 år gamle mannen blei sjølv hardt skadd i frontkollisjonen i Stange i Hedmark. Ifølgje tiltalen frå politiet kom 36-åringen over i feil køyrefelt på Riksveg 3.

Politiet skriv at mannen ikkje hadde nok merksemd mot trafikken framfor seg, og/eller at han ikkje tilpassa farten etter forholda. Ifølgje politiet var køyrebanen glatt der ulukka skjedde. Bilen som Dagsland sat i blei totalskadd.

NRK skriv at 36-åringen er tiltalt etter straffelova paragraf 280. Ifølgje paragrafen kan ein person straffast med fengsel inntil tre år dersom ein er aktlaust årsak til betydeleg skade på kropp eller helsa til ein annan person.

Mannen er også tiltalt for å ha køyrt med nedslitne piggdekk.

– Fått oppleve solsida av norsk helsevesen

Sigvart Dagsland sjølv var sjukemeld i eit halvt år etter ulukka, medan Vierli og Leirvik var sjukemelde i over eitt år. No, snart to år etter, seier Dagsland at han ikkje kjem til å fremje noko sivilt krav mot 36-åringen.

– Det går veldig bra med meg. Eg er stort sett tilbake igjen. Det er ein ankel som blir litt spennande i framtida, men akkurat no ser det bra ut. Eg har fått oppleve solsida av norsk helsevesen, seier Dagsland til NRK.

Artisten seier at han først og fremst er overlukkeleg over at alle involverte i ulukka overlevde. Politiet har tatt ut tiltale mot 36-åringen, men ein dato for rettssak er foreløpig ikkje sett.

LES MER:

Bjørn Eidsvåg og Sigvart Dagsland samarbeider – viser til Knut Arild Hareide

I 50 år har Ten Sing-bevegelsen fostret profesjonelle musikere og artister. Hvorfor så mange?

Denne sangen er den beste Sigvart Dagsland har skrevet

Les mer om mer disse temaene:

Hans-Olav Rise

Hans-Olav Rise

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kultur