Knausgård kjem til Tromøy kirke
LITTERATUR: Forfattaren Karl Ove Knausgård vender heim til øya der alt starta og snakkar neste fredag om bøkene sine i Tromøy kirke. – Vi gleder oss frykteleg, seier sokneprest Lars Peder Holm.
FORFATTARSAMTALE: Karl Ove Knausgård vender heim til øya der alt starta. Samtalen som aspirerer til tittelen «årets litterære hending» går føre seg i Tromøy kirke fredag 17. januar.
Terje Bendiksby/NTB kultur
Karl Ove Knausgård blei internasjonal superstjerne med romanane om sitt eige liv, Min kamp 1–6. I band tre skreiv han mykje om oppveksten på Tromøya utanfor Arendal. Neste fredag er likevel den første gongen Knausgård vender heim til øya for å snakke om bøkene sine, i samtale med forfattar Birger Emanuelsen. Samtalen som aspirerer til tittelen «årets litterære hending» går føre seg i Tromøy kirke, ei oldtidskyrkje som spelar ei viktig rolle i Knausgårds nyaste roman, Arendal (2024).
– Vi gleder oss frykteleg, seier sokneprest Lars Peder Holm i Tromøy kyrkjelyd, som arrangerer forfattarsamtalen i samarbeid med Studio Spornes Kultur.
– Dette er eit flott høve av fleire grunnar. Vi er veldig stolte av Tromøy kirke, som jo er ei mellomalderkyrkje og ein svært sentral stad på øya vår. Vi gleder oss også fordi Karl Ove Knausgård har ein plass i hjartet til folk på Tromøya, etter at han har budd her og har linjer til øya i fleire av bøkene sine. Det kjennest som om at han no kjem heim ein tur!