Kultur

Romanen Søsterklokkene tek utgangspunkt i ei autentisk segn frå Myttings oppvekststad, Ringebu. Som takk for at to siamesiske tvillingar fekk døy samtidig, og ikkje kvar for seg, fekk faren deira støypt to kyrkjeklokker. Den eine av dei to kyrkjeklokkene som står i sentrum for romanhandlinga, er framleis i bruk i Ringebu stavkyrkje. Søsterklokka er, ifølgje segna, på botnen av Mjøsa.

– Kyrkjeklokkeklangen er både grunntonen og dei største svingingane i eit menneskeliv. Klokkene ringer til gravferder og bryllaup, dei ringer til høgtider. Klangen vekker store deler av kjensleregisteret vårt, seier Mytting.

For forfattaren inngir kyrkjeklokkene respekt, dei er som ein heilagdom. Han kunne til dømes ikkje tenke seg å slå på klokkene berre for å høyre klangen, om klokkene ikkje var meint å ringe – det ville han oppfatte som blasfemisk.

Idear i kyrkja