Bøker

Klokkene ringer for deg

Forfattar Lars Mytting får mange av sine beste idear i kyrkja. Den nye romanen hans handlar om kyrkjeklokker.

Romanen Søsterklokkene tek utgangspunkt i ei autentisk segn frå Myttings oppvekststad, Ringebu. Som takk for at to siamesiske tvillingar fekk døy samtidig, og ikkje kvar for seg, fekk faren deira støypt to kyrkjeklokker. Den eine av dei to kyrkjeklokkene som står i sentrum for romanhandlinga, er framleis i bruk i Ringebu stavkyrkje. Søsterklokka er, ifølgje segna, på botnen av Mjøsa.

– Kyrkjeklokkeklangen er både grunntonen og dei største svingingane i eit menneskeliv. Klokkene ringer til gravferder og bryllaup, dei ringer til høgtider. Klangen vekker store deler av kjensleregisteret vårt, seier Mytting.

For forfattaren inngir kyrkjeklokkene respekt, dei er som ein heilagdom. Han kunne til dømes ikkje tenke seg å slå på klokkene berre for å høyre klangen, om klokkene ikkje var meint å ringe – det ville han oppfatte som blasfemisk.

Idear i kyrkja

Kyrkjerommet ser han på som eit rom for meditativ ettertanke. Han hugsar at han allereie i konfirmasjonstida sat og såg opp på veggmåleria og undra seg over dei.

– Eg har fått mange av ideane til dei tre seinaste romanane mine i kyrkja. Eg er ingen stor kyrkjegjengar og har ikkje ei tydeleg gudstru, men eg likar den meditative tilstanden som kjem i kyrkjerommet, fortel forfattaren.

I bøkene hans finst det ofte prestar, slik det i Søsterklokkene finst ein prest Mytting omtaler som «1880-åras gitarprest».

– I det byggverket som ein roman utgjer, er presten ein kjærkommen person å ha med. Presten står i sentrum av bygda og ser folk både i dei høgste og i dei lågaste situasjonar. Han kan med rette blande seg inn i bygdefolket si tru, og han kjenner eit ansvar for å dra dei i ei ny retning. Samtidig har eg stor forkjærleik for det latent komiske i den høgverdige og formelle stillinga presten har.

– Du nyttar ein god del humor i romanen?

– Ja, det er blant anna slik at menneska overlever på galgenhumor når det er som svartast. Humoren er rett i nærleiken av mange situasjonar, som når det blir vanskeleg å senke ei kiste i jorda fordi telen har gått så djupt.

Tru og overtru

I Søsterklokkene sjonglerer Mytting ikkje berre mellom humor og alvor, men mellom tru og overtru. Mykje av den omtalte overtrua er inspirert av sanne historier, som fjøsen som måtte flyttast fordi kyrne var urolege – han var etter seiande bygd over ein av inngangane til dei underjordiske. Dette bryt mot gudstrua som til dømes presten står for.

– Heile boka er gjennomsyra av trua på noko større, men menneska i romanen veit ikkje heilt kva dette «større» er, forklarer forfattaren.

Som det står ein stad i romanen: «De rådende makter, hvem de nå måtte være...»

Trua kan for somme vere ei overlevingsmekanisme eller ein forklaringsmodell, slik overtrua også kan vere ein måte å forklare det ukjente på. Presten si gudstru inneheld dessutan element som kan vere like vanskeleg å forklare som elementa i overtrua til bygdefolket.

– På eitt tidspunkt byrjar kyrkjeklokkene å ringe av seg sjølv. Kva tenker presten om dette?

– Han vil ha det bort. Det er i konkurranse med fasiten hans. Gudstrua til presten er basert på at endringar i den fysiske verda ikkje er lov. Alt må ha ei vitskapleg forklaring.

Malmfull klang

Vitskapleg sett er det likevel ingen tvil om at kyrkjeklokkene i Ringebu stavkyrkje har ein uvanleg malmfull og mektig klang. Målingar med tyske mikrofonar har slått fast at desibelverdien er uvanleg høg. I stavkyrkja er det i dag tre kyrkjeklokker, der klokka som har inspirert romanen er frå 1755. Den andre klokka er støypt i 1847, mens den tredje er støypt på 1950-talet.

– Lyden av kyrkjeklokkene er så høg at det blei ringeforbod i 2013, fordi klokkaren fekk hørselsskadar – og risikerte å få kranieskadar. Kyrkjelyden ville ikkje ha automatisk ringeanlegg, så i staden bygde dei eit lydtett rom – som eit polstra bankvelv – der klokkaren kan stå når han ringer med klokkene, fortel Mytting.

Lyden er med andre ord like høg som før, noko som i romanen blir sagt å kunne hanke inn dei tvilande til gudsteneste.

LES MER: Flere intervjuer, anmeldelser og essays i vårt bokbilag Bøker!

Slektsforteljing

– Vi må snakke litt meir om det litterære aspektet ved boka. Korleis utvikla du dette prosjektet?

– Det begynte som ei slektsforteljing, som det i grunnen er. Etter to, tre månader kom eg over den nedskrivne segna om søsterklokkene, frå 1923, og forstod etter kvart at eg kunne bruke denne som overbygning for heile romanen.

Mytting fortel at han skriv ganske mykje om undervegs.

– Eg forstår ikkje personane ordentleg før eg har skrive om dei. Eg er ein dårleg sjakkspelar, så eg ser ikkje langt fram. Eg må vere saman med personane ganske lenge før dei blir tydelege for meg.

Romanen balanserer også på eit anna punkt – mellom det lovmessige eller stringente i handlinga og dei mange digresjonane. Dette speglar den sterke munnlege tradisjonen i Gudbrandsdalen, der det finst eit utal småhistorier, biografar og vitnesbyrd som ifølgje Mytting kan bli forveksla med slarv, men som eigentleg er ein felles, kollektiv hukommelse. Forfattaren har såleis leita seg fram til ein litterær form som kan ta opp i seg slike «raritetar» folk fyller kaffislabberasa sine med.

– Det er dette som held bygdekulturen saman, meiner Lars Mytting.

– Småhistoriene viser fram det kollektive minnet og den nære historia.

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Bøker