Bøker

Klarer vi ikkje betre?

– Vi må finne tilbake til ei åndelegheit som kan knyte oss saman som menneske, seier den svenske forfattaren Lina Wolff.

Ho er no aktuell på norsk med den kritikarroste romanen De polyglotte elskerne, som ho fekk den prestisjetunge Augustprisen for då boka kom ut i Sverige. Handlinga krinsar rundt eit manus med same tittel som Wolffs bok, skrive av den kjende, fiktive forfattaren Max Lamas, ein av bokas hovudpersonar, og forteljar i andre og midtre del.

– Han ser på seg sjølv som heva over det objektiviserande blikket på kvinner. Han avskyr menn som ikkje klarer å kontrollere mannlegdomen sin, og er stort sett blind for at han strevar med akkurat det same, fortel Wolff då Vårt Land møter henne i eit sørpete Oslo denne veka.

Sjølv om dei to andre forteljarane er kvinner, kviler både manuset og kvinnesynet til Lamas tungt over heile romanen og dei andre karakterane.

Svarer Houellebecq

Ideen til boka kom etter at Wolff hadde lese fleire av romanane til den franske forfattaren Michel Houellebecq og vart sitjande att med ei nedstemt kjensle på grunn av kvinnesynet som fleire stader kjem til uttrykk hos han.

– Eg kjende det mannlege blikket så sterkt. Då meiner eg ikkje at alle menn har det blikket, eller at det er det einaste blikket som finst hos Houellebecq; vi er nok mykje meir mangefasetterte enn som så. Men dette er eit fenomen som eksisterer og eg trur det berre blir sterkare – sjølv om det heldigvis også er sterke motkrefter no, seier ho og peiker på at dei fleste kvinner kjenner på eit utruleg press på seg av dette blikket.

– Men det er også eit komplisert blikk, fordi vi alle er ein del av det. Vi har alle våre roller i manuskriptet, og det er eit blikk som også er integrert i oss kvinner.

Wolff kom fram til at ho ville skrive eit svar. I staden for ein kronikk skreiv ho romanen De polyglotte elskerne.

LES OGSÅ: Er Sigrid Undset i ferd med å bli gløymt?

Kynisk

– Eg ville ta dette blikket som Houllebecqs bøker uttrykker og reindyrke det, skape karakterar som har dette blikket, og som blir utsette for det. Kva skjer med dei då?

Forfattaren ønskjer å vise kor ille det kan vere, kor kynisk det er mogleg å bli, og at vi ikkje blir betre menneske av å vere kyniske.

– Ein kan kanskje sitte aleine på ein klippe og sjå veldig langt, men ein kjem ikkje nære andre menneske på den måten.

«Det er derfor jenter skal trene karate og ikke judo, for når man først ligger under en klump på hundre kilo, har det ingenting å si hvor myk og rask man er, hundre kilo er hundre kilo, og hittil har ingen klart å oppheve tyngdeloven.» Dette seier Ellinor, forteljaren i første del av boka, etter at ho er blir valdtatt av litteraturkritkaren Calisto, som ho møtte på ei dating-side på nett. Ellinor er ei kvinne på nokon og tretti, frå bygda, som er interessert i slåssing og tv-seriar, mindre i språk og litteratur, som er fri for det statusjaget og den kulturelle kapitalen som Lamas og Calisto baserer sine liv på. Ho blir framstilt som eit meir genuint motstykke til deira intellektuelle runddans - samstundes som ho slit med mindreverdigheitskompleks i møte med han.

Mykje begjær

Som hemn for valdtekta brenn ho opp den einaste kopien av eit manus skrive av ein mannleg forfattar som Calisto forgudar (les: Lamas). Ho held like fullt fram med å bu hos Calisto som kjærasten hans.

– Kva er det som gjer at ho blir hos Calisto?

– Det lurer eg også på, seier Wolff.

På eitt nivå vil jo menneska i boka finne kjærleik og kome nær andre, men samstundes er dei så prega av denne «polyglossiaen», fleirspråklegheita, at kommunikasjonen ikkje fungerer. Det lykkast dei ikkje å forstå kvarandre.

– Dei er som fluger som flyg mot ei glasrute, men som blir kasta tilbake.

– Er det som i forteljinga om Babels tårn, at dei berre ikkje klarer snakke saman – eller har dei eigentleg stengd av?

– Personleg trur eg, og det er ikkje sikkert eg klarer å gi uttrykk for det i bokform, at evna å finne kjærleiksfulle relasjonar og skape kjærleik med andre menneske finst i oss. Samstundes er vi øydelagde av ein lang tradisjon prega av ein måte å sjå menneska, og særleg kvinna, på, som hindrar oss i å uttrykke oss genuint og kommunisere med kvarandre.

Wolff meiner vi har utsjånaden, det ytre, så sterkt i fokus at vi blir hindra i å kome nær kvarandre.

– Det er mykje begjær, det er mykje sex, det er mykje kropp som møter oss overalt vi ser, og eg trur det er ei erstatning for ei åndelegheit som vi har mista. Eg trur vi hadde hatt det så mykje betre om vi hadde klart å heller løfte fram den.

LES OGSÅ: Ingen skader barna sine som foreldre

Blind flekk

Gjennom heile samtalen vender vi stadig tilbake til blikket på kvinna.

– Reint instinktivt klarer Lamas å kjenne att det mannlege blikket og sjå at det er feil – hos andre. Men han ser ikkje at han sjølv også har det, han trur han er heva over desse mennene. Og det er denne blindskapen eg vil vise fram, som finst overalt – også hos kvinnene.

«En kvinne kan alltid gi en mann glede, uansett hvordan hun er skapt», seier Matilde Latini, italiensk matrise og matriark, og bestemor til bokas tredje forteljar, Lucrezia. Utsegna viser korleis også kvinnene ser på seg sjølve med eit mannleg blikk, utan at vi nødvendigvis er klare over det.

– Mitt ønske er altså på ingen måte å teikne eit vrengjebilde av mannen eller ein traktat mot mannlegheita, men å vise fram eit fenomen som sit djupt, som ikkje eig menneska, men som menneska er berarar av.

– Men det er ei feministisk bok?

– Ja, i den forstand at eg vil halde opp ein spegel og seie: Slik ser det ut frå der eg står. Og vi må vel kunne klare betre enn dette? Men vi må få has på denne blinde flekken. Og finne tilbake til ei åndelegheit som kan knyte oss saman som menneske.

Om enden er god

– Det er Latini-kvinnene i Italia Lamas skriv om i manuset. Kvifor er dette manuset så viktig for han?

– Fordi det fortel sanninga om han sjølv. Det er Lamas' forsøk på kome nærmare kvinnene på ein genuin måte. Men han får det ikkje til. Blikket byrjar lyttande og forståingsfullt, men blir snart kynisk og kaldt. Når han til slutt forstår at manuset er borte, brent opp, så blir han letta. For det har også vore eit tyngande manus med eit gamalt bilde av han sjølv. Med det forsvinn også den sterke kynismen han har vore fylt opp av.

Ein kan altså skimte både erkjenning og von ved romanens ende.

– «Ingen bra bøker sluttar godt», er det mange som seier, men denne gjer på ein måte det. Det finst eit slags håp.

LES OGSÅ: Moderne hekser og Hollywood

Djup krise

Med metoo-rørsla er boka brått så aktuell som ein kan få det. Wolff meiner alle avsløringane rørsla har ført med seg, vrengjer innsida ut på samfunnet.

– Meiner du det finst håp for oss også utanfor boka?

– Ein blir sjokkert over krafta, og kor utbreitt dette er. Men eg håper at dette er ein augeopnar for oss. Kva er det for oppførsel vi har? Korleis ser vi oss sjølve, korleis set vi grenser, og korleis kan vi bli meir verdige mot kvarandre? Men vi er, slik eg ser det, i ei ganske djup krise. Dette er alvorleg, vi treng verkeleg ei forandring. Og det kjem til å ta tid.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Bøker