Kultur

Katy Perry er dømt for plagiat av kristen rappsong

Den verdsberømde popartisten har ifølgje domstolen latt seg inspirere litt for mykje av den kristne rapparen Flame.

Perry er no dømd for plagiat av ein domstol i Los Angeles, melder nyheitsbyrået AP.

Rapparen Flame, eller Marcus Gray, som er hans sivile namn, saksøte Perry for å ha plagiert låta hans «Joyful Noise» i 2014. No har dommarane avgjort at songen er plagiat. Kor mykje Perry skuldar for plagieringa, er enno ikkje avgjort.

Toppa hitlistene

Songen som er skulda for plagiat, heiter «Dark Horse» og kom ut på albumet «Prism» i 2013. Den toppa hitlistene i vekevis og gav Perry ein Grammy-nominasjon. I 2015 brukte ho songen i showet sitt på Super Bowl.

Den suksessfulle artisten hadde ein streng, kristen oppvekst, men fekk sitt gjennombrot med songen «I kissed a girl». No går det ikkje i kristen musikk lenger. I retten vitna nemleg Perry og låtskrivarane hennar om at dei «aldri hadde høyrt songen (til Flame) før skuldinga. Kristen musikk høyrde dei heller ikkje på».

Påfallande lik

Greys advokatar argumenterte for at beaten og instrumentallinja i nær halve «Dark horse» er påfallande lik «joyful Noise».

Forsvaret, som bestod av musikkekspertar, meinte musikkmønsteret var like enkelt som «Mary Had a Little Lamb». Juryen var ikkje einig, og kom fram til at beaten var original nok til å vere eit andsverk.

Les mer om mer disse temaene:

David Sviland

David Sviland

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kultur