Edvard Hoems kritikarroste romanar om slekta Hoem har blitt folkelesnad. Den store slektsforteljinga starta i 1874 med Hoems oldefar, slåttekaren Knut Hansen Nesje. Etter tre bind om Knuts etterkomarar gjorde Hoem som Star Wars, forteljinga gikk framover ved å ta nokre skritt tilbake i tid. Jordmor på jorda frå 2018 handlar om tippoldemora Marta Kristine som vart født på slutten av 1700-talet.