KA vann fram: Lokalavis felt i PFU etter omtale av kyrkjestrid
PRESSEETIKK: KA Arbeidsgjevarorganisasjonen for kyrkjelege verksemder skulda Setesdølen for å vere tendensiøse i framstillinga av ei kyrkjekonflikt. Pressas Faglege Utval (PFU) var einige.
KLAGAR: Trygve Jordheim, kommunikasjonsdirektør i KA, har skrive klagen til PFU i samråd med kyrkjeleiinga i Valle. Onsdag fekk dei medhald.
Erlend Berge
– Det verkar som Setesdølen ikkje har gjort noko for å finne andre kjelder, anna enn at dei har prøvd å få svar frå kyrkjeleiinga, sa PFU-medlem og NRK-redaktør Stein Bjøntegård under PFU-møtet onsdag.
Saman med resten av Pressas Faglege Utval gjekk han inn for å felle lokalavisa i Setesdal for brot på god presseskikk. Det enda med felling på punkt 3.2 og 4.14 i Ver Varsam-plakaten, høvesvis for kjeldeutval og opplysningskontroll, og for å ikkje gi motparten høve til å imøtegå sterke skuldingar.
Oppsagt kyrkjetenar står sentralt