Justin Biebers mor vart råda til å abortere vekk sonen
Har laga film mot abort.
Justin Bieber hadde aldri fått sett dagens lys dersom mora Pattie Mallette hadde følgt råda om å ta abort. No har ho produsert ein film mot abort.
Bieber-fans over heile verda kan bokstaveleg talt takke Pattie Mallette og trua hennar for at superstjerna eksisterer. Dersom Mallette ikkje hadde blitt kristen før graviditeten som 18-åring, så hadde ho gitt etter for presset og abortert vekk sonen Justin.
Det fortel ho i sjølvbiografien Nowhere But Up. Boka gir eit innblikk i Mallettes fortid der ho opplevde seksuelt misbruk, var i stadige konfliktar med politiet, misbrukte rusmiddel og til slutt fann fram til Gud.
Prislønna film. Den kanadiske mora har uttalt at ho er abortmotstandar, eit standpunkt som også sonen Justin har. No har mora til superstjerna produsert anti-abort filmen Cresendo som hadde premiere i slutten av februar. Så langt har den hausta elleve internasjonale prisar.