Kultur

Jesus frå Nasaret: Politisk revolusjonær eller overjordisk frelsar?

I si nye bok teiknar religionshistorikar Reza Aslan eit bilete av Jesus som ein politisk revolusjonær. – Apostlane si tru på oppstandelsen er det som forandra den jødiske messianske rørsla til ein heilt ny religion, seier han.

Bilde 1 av 2

Det var forteljinga om Jesus som gjorde at den iransk-amerikanske forfattaren og religionshistorikaren Reza Aslan vart frelst på ein kristen leirskule som femtenåring. Det var forteljinga om himmelens og jordas Gud som vart fødd som eit hjelpelaust barn, vaks opp fri for synd, ofra seg sjølv til liding og død for å fri menneska frå all synd, og stod opp frå dei døde tredje dag slik at dei som no trudde på han, skulle få evig liv i Guds himmelrike. Den unge Aslan vart så gripen av dette narrativet, at han sjølv måtte ut og forkynne bodskapen.

– Eg vaks opp i ein sekulær muslimsk familie i Iran, utan særleg moglegheit for å uttrykke religion. Då familien flytta til USA, var anti-muslimske haldningar relativt utbreidde. Så då eg fekk høyre bodskapen i evangelia, fekk eg ikkje berre ei spirituell oppvakning, men ein sjanse til å bli akseptert som amerikanar. Jesus var mitt amerikanske identifikasjonskort, seier forfattaren som er aktuell på norsk med boka Seloten. Historien om hvordan Jesus fra Nasaret ble Jesus Kristus.

Blei muslim

Då Aslan som ung student byrja å forstå at mykje ved den nemnde forteljinga, slik han fekk høyre henne, ikkje stemmer, mista han trua på Jesus som Guds son, og konverterte til islam.

– Eg skjønte etter kvart at mykje av det eg hadde fått høyre om Jesus, ikkje var riktig, og eg byrja leite etter andre måtar å uttrykke spiritualiteten min på. Eg byrja grave i mine islamske røter.

– Men om det var mangel på historisk korrektheit som fekk deg til å miste den kristne trua, ville det ikkje vore meir nærliggande å bli ateist?

– Då eg konverterte til kristendommen, var det ei emosjonell konvertering, og då eg konverterte til islam, var det ei intellektuell. Ingen hadde lært meg noko om Muhammed, så føresetnadene for å oppdage han var annleis. Alle religionar er menneskeskapte og fulle av problem, og religion er ikkje anna enn eit språk for å uttrykke tru, meiner Aslan.

Historisk nøyaktig

Seloten er resultatet av tjue års forsking for å prøve å nærme seg Jesus på nytt. Denne gongen ikkje som Jesus Kristus, men som Jesus frå Nasaret, ein religiøst motivert politisk revolusjonær – ein selot – som vart drepen fordi han utgjorde ein trussel mot Romerriket.

– Vi høyrer så lite om tida Jesus levde i. Men vi må ikkje gløyme at han var eit produkt av si tid og at han snakka til spesifikke personar. Om vi ikkje veit kven det var, korleis kan vi vite kva han meinte? spør Aslan.

At vi i det heile tatt veit noko som helst om Jesus frå Nasaret, er eit mirakel, meiner Aslan. Jesus levde i ei svært turbulent tid med utbreidde apokalyptiske forventingar blant jødane i Judea, det området som i dag utgjer Israel og Palestina. Det fanst tallause profetar og sjølvutnemnde messiasar som forkynte at Guds rike var nær.

Jesus frå Nasaret nemnast berre så vidt i nokre historiske dokument datert til første halvdel av det andre hundreåret. Det stadfestar at han har eksistert, og at han leia ei populær jødisk rørsle i byrjinga av det første hundreåret som omtalte han som Messias. Jesus vart arrestert og korsfesta på grunn av det, meiner Aslan, men det er alt vi kan vite sikkert om han. På bakgrunn av det vi veit om denne urolege tidsepoken og romerske historiske dokument, ønskjer religionshistorikaren å teikne eit meir historisk nøyaktig bilde av Jesus enn det han meiner evangelia kan gi oss.

LES OGSÅ: Slik har synet på Jesus preget Norge

Nedtona politikk

Evangelieforfattarane tona ned dei revolusjonære og politiske sidene ved Jesus, skriv Aslan i Seloten, og det med god grunn. Evangelia vart skrivne etter at romarane i år 70 e. Kr. hadde jamna Jerusalem med jorda for å slå ned på og hemne det jødiske opprøret fire år før. Det var nødvendig å ta avstand frå den radikale messianske nasjonalismen som førte til dette opprøret, om ein skulle forkynne bodskapen om Jesus.

På den eine sida ville evangelieforfattarane unngå romaranes vreide, meiner Aslan. På den andre var romarane på denne tida det viktigaste målet for evangeliseringa; jødane var jo utstøtte. Slik vart Jesus den fredelege og åndelege leiaren vi kjenner han som frå Bibelen, ein som romarane kunne godta, og som dei til slutt omfamna, då kristendommen i år 395 vart gjort til statsreligion.

Guds rike på jord

Seloten teiknar altså eit bilete av Jesus som jødisk revolusjonær. Reza Aslan utfordrar bildet vi har av Jesus som ein unik og upolitisk forkynnar av eit ikkje-jordisk Guds rike. Forfattaren meiner at Jesus, sameleis som alle dei andre selotane i denne perioden, snakka om eit Guds rike på jord, eit rike for jødane med ein jødisk konge.

På eit punkt blir det likevel vanskeleg å sjå for seg at ein kan akseptere premissa i Seloten og samstundes halde fast på ei kristen tru: Aslan skriv nemleg at den læra som Paulus forkynte, ikkje samsvarte med det Jesus sjølv meinte. Tanken om at trua på den guddommelege Jesus er einstydande med frelse og evig liv, kjem ikkje frå Jesus sjølv, meiner Aslan. I staden legg Paulus fram ei heilt ny lære om Jesus, og lagar han til ein ny skapning, nemleg Kristus, som Jesus sjølv aldri ville kjent seg att i. Med dette synet roker Aslan ved sjølve grunnlaget for den kristendommen vi kjenner i dag.

– Jesus skapte ikkje kristendommen, og Muhammed skapte ikkje islam. Det var det følgjarane som gjorde, seier han.

Tru aleine

Den truande muslimen har utfordra også den nedskrivne forteljinga om Muhammed og danninga av islam i boka No god but God, som kom i 2005. Han understrekar at Seloten, som har vore ein bestseljar i mange land, ikkje er meint som ei undergraving av kristendommen.

– Eg har høyrt frå fleire kristne som har lese boka, at trua deira har blitt styrka. Det er jo det tru handlar om, å velje å tru at det er ein grunn til at Jesus frå Nasaret er han som vart Jesus Kristus, seier Aslan.

Sjølv meiner han at oppstandelsen per definisjon ahistorisk og eit spørsmål om tru aleine.

– Apostlane si tru på oppstandelsen er nettopp det som forandra den jødiske messianske rørsla til ein heilt ny religion: kristendommen. I hjartet av denne religionen ligg forvandlinga av trua på Guds rike som eit jordisk kongedømme til å bli eit metaforisk og overjordisk himmelrike.

LES OGSÅ: Nerven ligger i Jesu død og oppstandelse

Selektiv tolking

Torleif Elgvin, professor i bibelfag ved NLA Høgskulen og ekspert på Dødehavsrullane, har vore fagleg konsulent på den norske omsetjinga. Han står nemnd i kolofonen saman med eit tydeleg atterhald: «Det betyr ikke at han nødvendigvis er enig i hovedlinjene i Aslans tolkning av evangeliene eller tolkningen av enkeltavsnitt».

– Kvifor var det viktig for deg å få med desse linjene?

– På norsk har vi fått retta opp mykje som var historisk og kulturelt unøyaktig i Aslan si bok. Men han gjer Jesus til ein type selot som ikkje sjølv grip til våpen, men som ventar på eit nasjonalt politisk forstått fridomsrike. Klart det er mogleg å finne vers i evangelia som ein kan tolke i den retninga, men eg synest det blir veldig selektivt. Aslan drar ut dei versa som passar med hans teori. Alt anna blir avfeia som evangelistane sine seinare tilføyingar, seier Elgvin.

Han er samd i at evangelia er prega av etterrefleksjon, men synest det er vanskeleg, også historisk sett, å sjå bort frå Jesu veldig sterke sjølvforståing som profet og meir enn ein profet.

Kritisk til tekstutval

Framstillinga av Paulus som hovudskapar av kristendommen, er han skeptisk til.

– Det er ein gamal teori. I dag har fleirtalet både blant kristne og jødiske forskarar forlate denne teorien.

Han meiner forskinga går meir i retning av å sjå ein større kontinuitet frå Jesus – og den tidlege rørsla etter han – og fram til Paulus enn det Aslan framstiller i Seloten.

– Aslan har i motsetnad til mange forskarar stor tillit til Tomasevangeliet som historisk kjelde, som skal reflektere eit tidleg skisma innan Jesus-rørsla. Han reknar også med ei kløft mellom Paulus og Jesu apostlar.

Elgvin er generelt kritisk til utvalet av tekstar Aslan har valt å lese som dokumentarhistorie og kva han avfeiar som meir stiliserte og teologiserte tekstar.

– Dei fleste forskarar er til dømes samde om at Josefus' forteljing om det kollektive sjølvmordet på Masada, som Aslan les som dokumentarhistorie, er veldig stilisert. At han les henne på ein annan måte enn evangelia, harmoniserer ikkje heilt. Aslan tek også rabbinske mirakel-forteljingar skrive ned i det 5. og 6. hundreåret som historisk truverdige, om Eleasar, Simon bar Yohai, Hanina, Honi og Hilkia. Mens Aslan ser desse jødiske mirakelforteljingane som bakgrunn for Jesusbildet i evangelia, ser forskarer i dag dei langt på veg som seine «ekko» av kristen tradisjon om Jesus.

LES OGSÅ: Nytt funn som skal være en bit av Markusevangeliet

Ingen trussel

Elgvin reagerer på Aslan sin påstand om at trua på ein lekamleg oppstandelse var sjeldan blant jødane, og at tanken om at Messias skulle døy og stå opp att, som kjøt og blod, var framand for dei.

– Fariseisk tru på lekamleg oppstandelse i endetida var delt med mange andre jødar i det første hundreåret, og er belagt i jødiske tekstar frå 2. hundreåret f. Kr. Tanken om ein messiasskikkelse som risikerer livet, går gjennom trengsler eller døyr, finn vi i to tekstar frå Det gamle testamentet, i Jer 30,20–22 og Sak 13,7–9, og vi vil finne eit par dødehavstekstar som går i same retning.

– Aslan seier at fleire kristne som har lese boka hans, har blitt styrka i trua si på Jesus. Kan ein framleis tru om ein skal akseptere alle premissa for denne forteljinga om Jesus?

– Det er heilt klart at hans Jesus-bilde ikkje går saman med trua på Jesus som kristne flest har i dag. Det let seg ikkje foreine med det sentrale i kyrkja si tru. Men det betyr ikkje at vi treng sjå denne boka som ein trussel mot den kristne trua. Sjølv om det bildet av Jesus som Aslan skisserer, ber preg av å vere einsidig og til tider unøyaktig, er det ei spennande bok med mykje verdifull informasjon om samtida til Jesus. Og så må vi sjå stort på at ein kulturopen muslim skriv ei bok om den historiske Jesus og er fascinert av han.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kultur