Musikk

Inspirerte av barnemusikk frå heile verda

Trondheimsartistar framførte barnesongar frå heile verda under Olavsfestdagene i Trondheim i går. – Vi må møte kulturuttrykka til kvarandre med eit ope sinn, seier artisten Marie Sahba.

Det siste året har musikkprodusent Jostein Ansnes saman med musikarane Rasmus Rohde og Sunniva Hovde jobba med å samle inn barnesongar frå heile verda. Prosjektet, som heiter Noa, vart presentert for første gong i form av ein konsert med trønderske artistar under barneprogrammet til Olavsfestdagene i Trondheim i går.

– Det er veldig mykje kultur i innvandrarmiljøa i Noreg som ikkje kjem til overflata, seier Ansnes, som er leiar av trondheimsbaserte Øra Studio og har jobba mykje med musikk for barn.

Med Noa vil han løfte fram i alle fall ein liten del av det.

ANMELDELSE: Masaaki Suzuki kan alene kan skape musikkfest

Kulturelle møte

– Vi er opptatt av verdien det er å gå i møte med andre kulturar. Men heilt frå starten av har det også vore tanken at vi skulle få profesjonelle artistar til å lage sine eigne tolkingar av songane, som skulle fungere først og fremst som inspirasjon.

Artistane, som alle har tilknyting til Trøndelag, har også ulik bakgrunn, både kulturelt og musikalsk.

– Artistane tar med seg bakgrunnen sin inn i arbeidet med å tolke denne musikken, seier Ansnes.

På scena fekk vi sjå blant andre Rosha Vole, til vanleg bassist, gitarist og vokalist blant anna i Neil and the New Vibrations, joikaren Charlotta Kappfjell, Trond Wiger frå G.O.D.S. og soloartisten Charlotte Audestad. Vole har jobba mykje med å løfte fram gamal malawisk musikk og Kappfjell har jobba bevisst for å halde liv i det sørsamiske språket – blant anna har ho gitt ut ei plate med barnesongar omsette til sørsamisk.

Røter

Også Marie Sahba, som opna gårsdagens konsert, har eit bevisst forhold til sine musikalske røter. Til vanleg lagar ho popmusikk for vaksne, på engelsk. No syng ho to songar som ho høyrde mykje på som barn, ein om ein hane og ein om ei sol. Først på norsk, så på originalspråket, azarisk.

Songane fekk ho høyre gjennom far sin, som er oppvaksen i byen Orumiyeh, som i dag ligg i Nord-Iran, men som tidlegare var ein del av Azerbadsjan. Azarisk er morsmålet hans.

– Eg kan ikkje språket veldig godt, men eg forstod songane med pappa si hjelp, seier Sahba, som har spelt både på Trondheim calling og By:Larm.

Sahba har fått med seg barnebokforfattar Kari Stai, som har laga ny tekst til songane, inspirert av originalteksten.

– Vi har fått veldig frie tyglar og det har vore veldig fint, sjølv om det er veldig annleis frå det eg vanlegvis gjer – det å lage nye versjonar av gamle songar er eit heilt anna utgangspunkt enn å lage noko ut av ingenting.

Samstundes er det ikkje nytt for henne å bruke element frå Iran og Aserbajdsjan i musikken.

– Det er ei herleg inspirasjonskjelde, og gjer at eg føler meg sterkare knytt til musikken. Røtene mine har vore ein viktig del av oppveksten min.

LES OGSÅ: Religionsdialog om annerledeshet

Bli høyrt

Der somme følgjer originalen nokså tett, har andre tatt utgangspunkt i innhaldet i tekstane og skapt noko heilt eige ut av det.

– Ein viktig tanke for meg har også vore at folk skal kunne høyre denne musikken utan å vite noko om prosjektet eller bakgrunnen songane har, og tenkje at dette er flott barnemusikk, seier Ansnes.

Songane kjem også ut på plate. Men Ansnes håper likevel at dette berre er starten, og at dei kan få til å lage anten ei songbok eller eit notehefte, både med originalsongane og dei nytolka versjonane.

– Eg vil jo at prosjektet skal vere ei byrjing på noko som kan føre til at desse kulturuttrykka blir synte fram i større grad.

Fire feite bia

Rasmus Rohde og Sunniva Hovde har vore viktige støttespelarar for Ansnes i arbeidet. Hovde er førsteamanuensis ved Seksjon for musikk ved Dronning Mauds minne og har jobba med afrikansk musikk i mange år. Rohde, som er låtskrivar, vokalist og gitarist i Rasmus og Verdens Beste Band, har det siste året vore i kontakt med fleire av innvandrarmiljøa i Trondheim på jakt etter gode songar, på Mangfoldshuset i Trondheim, på tamilsk festkveld og på besøk hos familiar frå Syria og Bangladesh.

– Men det tar tid å bli kjent med folk og få dei til å opne seg, seier han, og fortel at han ikkje sjeldan måtte synge for dei først, før dei ville presentere songar frå barndommen sin for han.

Til konserten har Rohde blant anna gjendikta den persiske barnesongen «Zambure Asal» som på trøndersk har fått tittelen «Fire feite bia» og ein bosnisk song om ein gut som blir eten av ein krokodille.

– I mine versjonar har eg prøvd å behalde noko av den originale songen samtidig som det skal vere spennande for norsktalande barn, seier han.

LES OGSÅ: Musikere må tilpasse seg kirkerommet

Skattar

For Marie Sahba var det ingen tvil om at dette var eit prosjekt ho ville vere med på.

– Det er eit prosjekt som er med på å vise mangfald og vonleg føre til større forståing for andre kulturar. Det er viktig i eit samfunn der framandfrykt og fordommar spreier seg som eld i tørt gras.

Landegrenser ser ho på som ein illusjon skapt av oss menneske.

– Vi må møte kulturuttrykka til kvarandre med eit ope sinn. Skal vi forstå kvarandre, hjelper det å sjå kor like vi menneske eigentleg er. Alle er vi oppvaksne med song og musikk, og her ligg det mange skattar som det er synd å gå glipp av. Det er desse skattane eg vil vere med på å syne fram.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Musikk