Kultur

Inferno ­på norsk

I desse dagar blir det utgitt to nye ­omsettingar av Dantes Inferno. Det seier noko om vår tid, meiner professor i idéhistorie Unn Falkeid.

Bilde 1 av 2

På den amerikanske nettsida «Dante today» kan du få oversikt over all slags populærkulturelle referansar til den italienske ­mellomalderforfattaren ­Dante Alighieris meisterverk Den ­gudommelege komedie. I New ­Orleans finn vi Dantes ­kitchen og i Colorado ligg ­Purgatory Ski ­Resort. Det finst dataspel, brettspel og puslespel, toalettpapir, Dante-shorts og nøkkelring, og i 2016 kledde skodespelar Rachel McAdams seg i ein ­Valentino-kjole pynta med sitat frå ­Komedien.

Dante har fått enorm betyding for vårt vestlege samfunn, ikkje minst gjennom skildringane av himmel, skjærseld og helvete, som har hatt ei sterk påverking på førestellingane om desse stadene. Og interessa for det 700 år gamle verket ser ikkje ut til å minke.

Menneskekunnskap

No blir også den litterære kanon i ­Noreg to hakk rikare, idet vi får to nye norske utgåver av første del av storverket, Inferno. Her fortel Dante om første del av reisa han gjorde i påskeveka i år 1300, til Helvete, med den romerske diktaren Vergil som guide. Skildringane er brutale og pinslene syndarane må halde ut, er fryktelege å lese om. ­

LES OGSÅ: Fantasiens helvete

Moralsk sett kan det vere vanskeleg for ein lesar med eit moderne gudssyn å svelgje Guds rettferd i denne fælslege forma.

Unn Falkeid, ­professor ved UiO, har likevel ikkje noko problem med å forstå kvifor verket framleis er ­populært.

– Det er rett og slett fabelaktig litteratur, fylt med psykologisk innsikt og menneskekunnskap. Det er eit brutalt univers, men etisk. Dante konfronterer oss her med eviggyldige spørsmål; kvifor gjer vi ikkje det rette når vi veit kva som er rett? Tenk for ­eksempel på miljøvern i dag. Vi veit kva vi må gjere for å redde­ verda, men vi gjer det ikkje, seier­ ho.

Hos Dante er helvetesskildringane meint som ei åtvaring mot egoisme og sjølvopptattheit, og som ei oppmoding til å handle riktig, slik ho ser det.

– Det handlar ikkje om kor fælt det kan vere i etterlivet, men om livet vårt på jorda. Heile meininga i verket er at vi skal sjå på røynda med eit nytt blikk.

LES OGSÅ: Noen ser engler, andre opplever helvete

Syndas natur

Henrik Syse, som har skrive forordet til ­Asbjørn Bjornes' omsetting på Dreyers forlag, peiker på at vi ikkje må la mothug og sjokk over domstenkinga stå i vegen for Dantes moralske bodskap. Syse er filosof og forskar ved ­Institutt for fredsforsking.

– Idéhistorisk må vi kunne seie at Dante har vore med på å forme vår forståing av helvete – og det på godt og vondt. ­Verket vart jo tidleg svært populært, og Dante­ målar eit stort univers som vi ikkje finn i den forma i ­Bibelen – sjølv om både tanken om evig fortaping og om straff tilpassa brotsverket finst der, seier han, og peiker på at verket for Dante kanskje først og fremst var ei samling politiske og etiske brannfaklar.

– Dante seier ikkje at det nødvendigvis er slik helvete er – men det er likevel slik det er blitt ståande i populærkulturen.

Syse meiner Inferno først og fremst handlar om folk som er så opptatte av seg sjølv at dei ikkje ser sine medmenneske.

– Det er veldig få av oss som er kristne i dag, som meiner at Dantes forståing av Guds straff er riktig. Men han seier noko heilt sentralt om syndas natur, om å ikkje vere fylte av nåde og kjærleik. Og i verket som heilskap speler nåden ei enormt stor rolle, seier Syse, som meiner Dante har noko å fortelje moralsk og politisk som utfordrar oss.

Kontroversiell

– Når ein les Dante, kan ein spørje seg: Kven og kva hadde han skrive om i dag? Er det noko ved våre handlingar, med måten vi organiserer samfunnet vårt på i dag som han ville vore kritisk til? Våpna vi bygger, krigane vi fører, egoismen som pregar oss? Det skal vi ta innover oss, meiner Syse.

Sjølv om vi skal ta den historiske avstanden på alvor, slik Syse uttrykker det, understrekar Asbjørn Bjornes i innleiinga til Dreyer-utgåva at Dante allereie i si samtid skapte reaksjonar.

– Folk syntest desse helvetesskildringane var for direkte og grove. Mange synest ­skildringane av pinslene var for sterk kost, ­seier Bjornes til Vårt Land.

Den gongen var verket også kontroversielt på grunn av den politiske grunntonen, der Dante­ namngir ei rekke kjende­ personar frå si samtid, og går til angrep på korrupsjonen i ­pavedømmet gjennom å plassere fleire pavar i Inferno. For Bjornes har det vore ei viktig målsetjing i omsetjingsarbeidet å gjere desse 700 år gamle referansane forståelege for ein ­moderne lesar.

Derfor er også denne utgåva ­utstyrt med eit solid noteapparat, og Bjornes har forsynt kvar song med samandrag.

– Utan slike forklaringar ­risikerer ein som lesar å bli ståande fast, og ikkje få med seg kor utømeleg Dante er, seier ­Bjornes, og peiker på at det berre er ­Bibelen sjølv som kan overgå ei slik breidde og variasjon innanfor ei enkelt bok, med politiske referansar, teologi, filosofi og folketru.

LES OGSÅ: Helvete i de lukkede rom

Musikk

Til no har det ­eksistert ei fullstendig norsk ­attdikting av heile verket, Magnus ­Ullelands nynorske versjon frå 1993–1996. Både Bjornes' versjon og ­utgåva som kjem på Solum­Bokvennen, i Erik Ringens omsetjing, er på bokmål. Begge omsettarane har valt å droppe ende­rimet vi finn i Dantes original, men ­behalde verseforma med ­linjer på 11-­stavingar. Der ­Bjornes har prøvd å omsette så nært meiningsinnhaldet som mogleg, har Erik Ringen gått litt lenger i å ­bevare Dantes ­formale kunst.

For å kompensere for at ende­rimet er borte, har han ­forma teksten i eit strengare rytmisk skjema enn originalen. Han har utnytta at det er større forskjell på trykktunge og trykksvake stavingar i norsk enn på italiensk, og gjort omsetjinga på ein variant av blankverset. For når ein «gir slipp på enderimet i et dikt, så fratar man diktet et ­ganske ­vesentlig element i dets estetikk», skriv han i innleiinga.

– Det er eit middel til å ­gjere musikk av det på norsk. Når enderimet er utelukka, må ein kompensere med andre metodar – elles risikerer ein å miste den engasjerande effekten eit verk kan ha, seier Ringen.

Viljen og fornuften

Unn Falkeid er glad for at vi no får to nye omsetjingar, og ho håper det kan gjere Dante tilgjengeleg for fleire lesarar.

– Han vil formidle noko til oss, som handlar om våre ­eigne liv, om vala vi tar, om kva samfunn vi vil ha, om å få viljen og ­fornuften til å gå i takt. Eg ­kjenner ingen forfattarar som tematiserer dette betre.

Dante er ein av dei klassikarane som det berre blir større og større interesse for.

– Det at det kjem to nye ­norske utgåver no, seier litt om vår tid – om graden av intensitet og ­alvor som pregar samfunns­debatten. Det er noko presserande som tvingar seg fram med ­utfordringar vi har i dag, seier Falkeid.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kultur