Politikk

Individet først – og sist

Kva er konsekvensane av eit samfunn der vi konkurrerer mot kvarandre på alle områda i livet? Liberalismen kan gå ut over psyken vår, relasjonane våre, og trua på at det finst noko større enn sjølvet.

Fellesnemnaren for all liberalisme er at det er det sjølvtilstrekkelege individet som står i universets sentrum, ifølgje ­redaktørane av antologien Ingen mennesker er født frie. ­Kritikk av liberalismen, som kom denne veka.

– Liberalismen har fått hegemoni i samfunnet. Der konkurrerande ideologiar tidlegare eksisterte side om side – religiøse, konservative, sosialdemokratiske – finst no berre ulike sjatteringar av liberalismen, meiner Mímir Kristjánsson, som står bak utgivinga saman med Oscar Dybedahl, Sigurd Hverven og Ola Innset.

Individjag

Boktittelen er lånt frå Hvervens artikkel og hans kritikk av fridomsomgrepet slik det er forma av liberalismen – ein fridom som berre gjeld for dei sterkaste individa.

– Det fører til at fellesskap og tryggleik ein før kunne finne i samfunnet, går i oppløysing på kostnad av individjag, seier ­Kristjánsson, som til dagleg er nyheitssjef i Klassekampen.

– Dei som allereie har mykje, kan få enorm fridom, medan dei svake har mista den beskyttelsen som låg i ein del statlege rammer tidlegare. Liberalistane har arbeidd målretta for å bryte ned alle vern mellom menneske og marknad.

Han meiner at folk har behov for noko større enn seg sjølve, men at ei slik forteljing ikkje lenger finst i eit samfunn strukturert kring individ i konkurranse mot kvarandre, der alt kan målast og alt skal vere lønnsamt. Den dominerande tankegangen botnar i at ein sjølv er skuld om ein ikkje lukkast, heller enn eit ønske om å bygge eit samfunn som tar vare på alle.

Avlar høgrepopulisme

Eit gjennomgåande poeng i boka er korleis liberalismen ikkje lenger handlar berre om økonomi, men har utvida seg til å vere rådande ideologi på alle områda i liva våre.

– For dei som hamnar bakarst i rekka, er det ikkje snakk om nokon reell fridom eller meining å finne i liberalismen, som er imot tanken på at det finst noko større enn sjølvet og vår eiga nyting her og no.

Derfor avlar liberalismen høgrepopulisme, meiner Kristjánsson.

– Dei som tapar konkurransen, søkjer seg til sterke autoritære figurar, som Donald Trump og Marine Le Pen. For mange blir dei det einaste alternativet no.

I artikkelen «Markedets makt over menneskene», set forfattar og journalist Linn Stalsberg ord som eg, meg, valfridom, sjølv-realisering, kompetanse, positiv, karriere og meir opp mot ord som vi, oss, omsorg, tolmod, raus, nøgd, jobb og nok.

– Utelukkar desse tinga kvarandre?

– Dei må ikkje gjere det, men for å halde tritt med ideal som storsamfunnet set høgt, der ein skal vere sjølvstendig og framoverlent, drive nettverksbygging og streve oppover, er det ikkje så lett å styre blikket nedover, å bry seg om dei som har mindre, seier Stalsberg.

Moderne sorg

Her trur ho også det kan ligge ein slags moderne sorg i konflikten med eit sett med verdiar vi eigentleg set veldig høgt sjølve, som solidaritet og omsorg. For nyliberalismen er ikkje berre økonomi, det er ideologi, og det er verdiar som vi sjølv byrjar leve etter.

– Det er ikkje berre vi som skapar samfunnet, samfunnet skapar også oss, og det trur eg ikkje alltid vi er bevisste på.

Ho meiner vi gløymer at vi lever i ei ideologisk tid, der vi adopterer ein tankegang om at alle skal klare seg sjølve og ha ansvar for eige liv.

– Reint politisk kan ei styrking av denne tankegangen, som strid i mot kollektiv tankegang, true det etiske fundamentet som velferdsstaten bygger på.

Det kan også vere ein trussel mot folkehelsa, skriv ho, og viser til forsking som finn at konkurranse og materialisme fører til angst, stress og depresjon.

– I staden for å prøve å endre samfunnet saman, internaliserer vi heile problemet, og all potensiell kritikk for at vi ikkje har suksess i livet, vender vi mot oss sjølve.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Politikk