Klima

I år er reisa feriemålet

Reisefeberen har gått over i skamkjensle for mange. Resepten for dette heiter tog. Biverknadane du risikerer å få, er god tid og utsikt.

Bilde 1 av 4

– Dottera mi sa at eg har brukt opp sommarferiekvota for heile familien etter alle flyturane med jobben min, seier Heidi Marikken Sund.

Sund hadde ikkje anna moglegheit enn å gje dottera rett. Som seksjonsleiar for Norges Handelshøyskole har det blitt for mange flyturar i det siste. Difor har dei bestemt seg for å reise med tog frå Bergen til Portugal i år.

Facebook-gruppa «Togferie» vitnar om at det er fleire som legg togplanar i sommar. På denne sida deler medlemmane reiseplanar og gjev kvarandre råd. Gruppa vart oppretta i mars og nærmar seg 15.000 medlemmar.

Å sitje dagevis i eit tog med kjernefamilien høyrest ut som godt materiale for ein komedie – her er det mykje som kan gå galt, og mange tenker nok at ein kjapp flytur er ein betre idé. Men kva kan ein gjere når ønsket kjem frå klimamedvitne born?

– Borna våre meiner det er sånn vi må reise på ferie framover. Dei er alvorleg bekymra for klimasituasjonen. Dette alvoret gjer inntrykk på meg.

Strabasiøst

Dei som tek toget frå Bergen til Portugal, kan ikkje klandrast for å velje minste motstands veg. Den brukarvenlege flybransjen sparar deg mykje tid både før og undervegs. Det er fleire årsaker til at Europas tog ikkje alltid går like smidig.

Jernbanesystema har nemleg utvikla seg ulikt frå nasjon til nasjon sidan 1830-talet (dn.se). Difor er det ulikt mellomrom på skjenene, ulike straumsystem og ulike mål på tunnelar frå land til land. I tillegg må kvart tog søkje om å få krysse kvar einaste landegrense. Dette gjer at ein må bruke mange forskjellege aktørar undervegs.

Freistinga til å hoppe bukk over det heile er stor. Familien Schjørlien ser annleis på det.

– Vi har det for enkelt. Folk toler ikkje venting. Eg meiner vi må senke krava og tilpasse oss situasjonen, seier Kay Asbjørn Knutsen Schjørlien.

Schjørlien veit kva han snakkar om. Han har tatt med dei to borna sine på Interrail-ferie frå dottera var to år. Turane har vara frå to veker til ein månad. Borna, som no er 10 og 13 år, har sett meir av Europa enn dei fleste.

– Eg har berre positive ting å seie om togferie. Borna mine har vore i alle dei europeiske landa, utanom Hellas.

LES OGSÅ: Flyselskapene kan i stor grad sende regningen for sin virksomhet til våre etterkommere

Rutinerte togfolk

Løyndomen bak suksessen ligg i korleis ein ser på reisa.

– Reisa må vere målet i seg sjølv. Eg får mykje tid saman med borna mine. Det er veldig koseleg. Undervegs ser vi korleis naturen, arkitekturen og kulturen endrar seg.

– Men blir ikkje borna leie av prat og titting or vindauget?

– Ein må vere kreativ på lange strekk og prøve å halde det spennande. Eg fortel om landa vi reiser gjennom, så ser vi på kart og speler kort saman. Viss ein berre let borna spele på nettbrett, blir dei fort rastlause, trur eg.

I tillegg til å ha det morosamt og sosialt, nyttar Schjørlien turen til å gje borna gode verdiar.

– Eg vil vise dei at verda ikkje er så stor – andre enden av jorda er berre ein togtur unna. Det er viktig for meg at borna får sjå at verda er meir enn ei strand i Syden og byen dei bur i. I tillegg har toget omtrent ti gongar mindre utslepp enn flytrafikken, så vi reiser med betre samvit enn flyturistane.

Sjølv om underhaldningsopplegget til Schjørlien ligg tett på læreplanane, kjennest det ikkje som å vere på skulen for dottera.

– Vi har meir fridom på toget enn på skulen, og det er artigare å høyre pappa fortelje om landa medan vi køyrer gjennom dei, seier Zoe Aurora.

Men nokre gongar byr togbyte på stressande situasjonar.

– Vi må halde oversikt og skunde oss med bagasjen straks vi kjem fram. Viss ikkje vi rekk toget, kan det bli nokre timar med venting. Det kan vere keisamt, men det gjev turen litt spenning òg.

LES OGSÅ: De svenske kristenlederne Peter Halldorf og Magnus Malm skal ikke lenger fly – for å bidra til å redusere klimautslippene.

Førstereis

Medan verda verkar liten for den rutinerte togfamilien, har Europa blitt eit gigantisk kontinent i planleggingsfasen til familien Sund.

– Vi har ikkje landa heilt på reiserute. Førebels ser vi føre oss å reise om Göteborg, København, Berlin, Paris og vidare til Lisboa, mogleg gjennom Madrid. Vi forskar på dette i familierådet no, og skal sette oss ned med kartet ein dag. Planlegginga er halve moroa. Vi har aldri vore pakketurfolk. Det er morosamt å bli kjent med reisemålet på førehand, seier Sund.

Også familien Sund har skjønt at det er reisa som er feriemålet. Heidi innrømmer at ho er usikker korleis det skal gå.

– Far i huset er skeptisk. Han reiste mykje med tog i militæret og likte det dårleg. Han byrjar sjå lysare på det no. Vi må tenke at det ikkje er reisemålet, men reisa i seg sjølv som er viktig. Eg trur det handlar om å kome i eit meditativt og eventyrlystent modus.

Med åra har familien Sund blitt meir og meir klimamedvitne. Oppskrifta er å ta små skritt.

– Det er enklare å ete elefanten i små bitar. Difor har vi landa på å fly heim att. Viss toget blir ein suksess, er det lettare å ta det begge vegar neste gong.

Grenseutfordringar

På den nemnde Facebook-gruppa er det fleire som er misnøgde med togtilbodet frå Norge til Danmark. Mange vel å ta fly for å kome seg til kontinentet, for så å ta tog på kryss og tvers i Europa. For nokre år sidan hadde NSB eigne ruter til København. No stoppar dei i Göteborg.

– Då vi køyrde til København, måtte vi ha tre separate sikkerheitssystem for å køyre det same toget over grensene. Det viser litt av kompleksiteten i togverda, seier pressesjef for Vy, Åge-Christoffer Lundeby.

– Kan dei stadig meir klimamedvitne turistane vente seg betre togtilbod frå Norge og ut i Europa framover?

– I går la vi ut ei pressemelding om at det kjem fleire avgangar frå Oslo til Göteborg frå desember 2019. No ønskte vel du noko meir enn det. Problemet er at grenseoverskridande trafikk har mange utfordringar. Men vi trur at auka etterspørsel vil medverke til utvikling av betre tilbod i framtida.

LES OGSÅ: Kun 22 prosent av spurte nordmenn er villige til å fly mindre for å spare klimaet.

Enklare enn før

Sjølv om togferie krevjar ein del planlegging og openheit for improvisasjon, meiner Schjørlien at det er liten grunn til å klage.

– Då eg reiste på Interrail i ungdommen, var det usikkerheit heile vegen. Eg har hatt mange døgn på togstasjonar i Europa. No finst det appar med rutetabellar og du kan bestille billettar undervegs. Ein må sjeldan vente lenge på neste tog. Viss ein må det, er det berre å la vere å klage og hugse på å ha det gøy, seier Schjørlien.

---

Interrail

  • Billettilbod oppretta av Den internasjonale jernbaneunionen i 1972 for å markere sitt 50-årsjubileum.
  • 21 europeiske jernbaneselskap inngjekk i samarbeidet.
  • Tilbodet gjaldt berre for unge folk, fram til 1998. No kan alle kjøpe billett, men prisane varierer etter alder.
  • I dag kan ein reise i 31 europeiske land med Interrail-billett.
  • Prisane varierer etter alder og kor mange reisedagar og land du inkluderer i billetten.

---

Les mer om mer disse temaene:

David Sviland

David Sviland

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Klima