Bøker

Historisk omsetting

Det er nærmast ufatteleg at dei gammaltestamentlege apokryfane ikkje har vore tilgjengelege på nynorsk – før i dag.

I dag kjem dei gammaltestamentlege apokryfane ut på nynorsk for første gong. Bøkene som er ein naturleg del av Bibelen for katolikkar og ortodokse, er mindre kjente blant norske protestantar. Det finst mange aktive bibellesarar som ikkje har oversikt over innhaldet i bøkene Martin Luther vippa ut av kanon, men erklærte som «gode og nyttige å lese».

No er det på tide å ta Luther på alvor. Vi kan ikkje vedkjennast å vere uvitande om så viktige skrifter frå verdslitteraturen, som attpå til har bibelsk status i store delar av verda. For det er ingen tvil om at dei gammaltestamentlege apokryfane er både nyttige og gode – dei blei alludert til allereie av Jesus og apostelen Paulus. Det er pinleg å vere blank på desse bøkene.

Dei gammaltestamentlege apokryfane fyller dessutan ut det historiske holrommet vi kan finne i den protestantiske Bibelen. Der står det lite om hundreåra rett før Jesu fødsel. Det gamle testamentet sluttar i det store og heile i persartida på 400-talet før Kristus, med somme referansar til hellenistisk tid frå år 332 f.Kr og framover. Den langvarige jødiske fridomskampen, som er eit viktig bakteppe for evangelia sine skildringar av Jesus frå Nasaret, står det fint lite om.

Denne kan vi derimot lese om i dei gammaltestamentlege apokryfane, i 1. og 2. Makkabearbok. Desse bøkene skildrar det jødiske opprøret mot det syriske overherredømmet på 100-talet f.Kr. Forteljinga om opprørsleiaren Juda Makkabi og brørna hans er særs spennande lesing, der Juda vinn slag på slag mot ei overmakt som har tusenvis av soldatar, hestfolk og krigselefantar.

Det er også synd om vi går glipp av dei historiske «novellene» Tobit og Judit, som er godt fortalde historier med både sjarm og intensitet. Ikkje minst har forteljinga om Judit som tek den fiendtlege hærføraren Holofernes av dage – ved å kappe av han hovudet – gitt inspirasjon til ei rekke kjente kunstnarar gjennom tidene. Då Dante skreiv Den guddommelege komedie, plasserte han Holofernes på ein lite fordelaktig stad.

Visdomsboka legg seg tett opp til visdomslitteraturen vi elles kjenner frå Det gamle testamentet. Truleg var Paulus inspirert av denne boka då han skreiv dei nydelege orda om kjærleiken i 1. Korintarbrev.

Siraks bok er ei visdomsbok som kan minne om Salomos ordtak. Og Baruk er kjent frå Det gamle testamentet som skrivaren til profeten Jeremia. I dei gammaltestamentlege apokryfane har han si eiga leseverdige bok.

Nemnast må også det apokryfe tillegget til Daniels bok, der forteljinga om Susanna har fått fornya aktualitet etter Metoo-kampanjen. Susanna blir seksuelt trakassert av to sleipe, eldre menn, som attpåtil er religiøse leiarar. Til slutt er det Daniel som grip inn og hindrar ei komplett katastrofe.

Alt dette, og mykje meir, finst i dei gammaltestamentlege apokryfane. Det er nærmast ufatteleg at desse viktige skriftene ikkje har vore tilgjengelege på nynorsk – før i dag. Apokryfane, eit ord som opphavleg tyder «skjult», er no komne fram i lyset. Det er å håpe at nyomsettinga av bøkene gir dei eit fornya løft, slik 2011-omsettinga av Bibelen gjorde han til emne for samtalar rundt norske kjøkkenbord igjen, så å seie.

Sjølv fekk eg slått kloa i bøkene på onsdag og har ikkje rukke å lese heile omsettinga enno. Men det kan eg allereie seie: Det er ein fryd å lese apokryfane på nynorsk! Som i opninga av Visdomsboka: «Elsk rettferda, de som rår over jorda!» Teksten innbyr til høgtlesing.

Bibelselskapet skal ha ros for dette viktige arbeidet, på begge målformer. Det er ikkje å ta for hardt i å kalle utgivinga for historisk.

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Bøker