Ekebergsletta, Oslo25.10.2023
SNUOPERASJON: Kåffa, eller KFUM-kameratene Oslo, har sjansen til å rykke opp til eliteserien i helga. Etter seks serierundar låg den kristne fotballklubben desidert sist på tabellen. Snuoperasjonen for den ferske hovudtrenaren Johannes «Johs» Moesgaard har vore total.

Historien bak mirakelet: Rykka opp med ånd, sjel og kropp

FOTBALL: Den kristne fotballklubben «Kåffa» rykkar opp til Eliteserien. – Verdiane som sit i veggane har vore heilt avgjerande, seier trenar Johannes Moesgaard.

Publisert Sist oppdatert

Denne saka blei først publisert 27. oktober 2023. Mandag 2. desember 2024 ble Moesgaard kåret til årets trener i Eliteserien av Norsk Toppfotball ogTv 2.

Det er god stemning på Ekebergsletta. På treningsfeltet til KFUM-kameratene Oslo veit alle kva det står om. Dei treng nesten ikkje snakke om det ein gong: Allereie på søndag kan den kristne fotballklubben ha sikra opprykk til eliteserien. Like mogleg er det at spenninga held fram ei stund til. Kongsvinger pustar klubben i nakken mens tre rundar står att. Men det er Kåffa, som klubben blir kalla, som har los på andreplassen. På dei seinaste seks kampane har dei fem sigrar og ein uavgjort.

– Bra, gutta!

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS