Kultur

Heltedikt 
for vår 
eiga tid

– I Edda-dikta
 les vi om jaget etter gull og makt, akkurat dei same grunnleggande lystene som ligg bak dagens grådigheitskultur, seier Edda-gjendiktar Knut Ødegård.

Lyrikaren Knut Ødegård har ­akkurat lagt siste hand på si gjendikting av Edda til nynorsk. Det fjerde bandet, med heltedikt frå den eldre Edda, kjem ut no.

– Etter seks års slit, men også ei stor glede, fortel Ødegård, som gler seg over ein ny vår for norrøne­ og gammal-islandske skrifter.

For fire år sidan kom Kjell Arild Pollestad si nye utgåve av Snorres Kongesagaer, i fjor kom det store islandske middelalder­manuskriptet – Flatøybok, omsett av Edvard Eikill, og no er den eldre Edda komplett i ny nynorskgjendikting. Det er 108 år sidan sist.

– Det er viktig at nye generasjonar får tilgang til dette verdfulle materialet om historia vår, på eit språk nærast mogleg opp til det dei sjølv brukar. Eit arkaisk og vanskeleg språk kan stenge for forståinga. Slik sett er 1908-utgåva utdatert for lenge­ sidan. Dessutan kjem det ein jamn straum av forsking til, som fører til ny forståing av dei gamle tekstane, og som det må takast omsyn til i omsettings­arbeidet, seier Ødegård.

LES MER: Døde en av norgeshistoriens viktigste skikkelser som hellig munk i Syria?

Røter

I møte med unge menneske merkar han ein aukande­ trong til kunnskap om eigne røter, i ei verd som vert meir og meir internasjonalisert.

– Eg besøker av og til skular, og dei unge kastar ikkje papir­kuler på den gamle poeten, ler han.

– Dei har eit ope sinn og er ikkje redde for å verte fora med gammal visdom. Og dei er merksame på den aukande grådigheitskulturen, som slo ut for fullt under den store finanskrisa med det store krakket på Island for ikkje lenge sidan.

LES MER: Gi Oscar til ­islandske sauebønder!

Ødegård tenker at det er dei mange likskapane mellom lystene etter makt og rikdom, i norrøn tid og i dag, som gjer at denne litteraturen framleis har stor appell.

– Gullet er raudt i eddadiktinga,­ som eld – men òg som blod. Edda­-dikta er vår viktigaste kjelde til forståing av norrøn mytologi – men kampen om gullet går som ein raud tråd gjennom dei gamle heltedikta. Når ein får auge på det, ser ein kor aktuelle desse eldgamle dikta er. Byter ein ut gullet med olje, vert den blodige vegen endå klårare.

Profeti

Han ser ei uhyre gjennomtenkt analyse av det uføret vi sjølv har ført oss inn i.

– Dette er ikkje berre litteratur for vår tid – men om vår tid. Den gamle litteraturen profeterer treffsikkert om den grådigheita som vi stadig slit med. Diagnosen er presis, og like aktuell som for tusen år sidan. Trongen til å eige fører til svik og forringing av menneskeverdet. Lengten etter gull vert sterkare enn respekten for medmenneska. Det er ei sterk beskriving av Europa og Midtausten i dag; eit tilvere av svik, drap, krig, naturøydelegging, ­etniske motsetnadar og flyktningkatastrofar, meiner han.

LES MER: Fra Hellig Olav til Ole Hallesby

Forsking

Religionsforskar Kari Vogt har skrive forordet i 4. bind av det nye Edda-verket. Ho vektlegg dei litterære kvalitetane i den norrøne diktinga, som gjer det aktuelt inn i vår tid.

– Som i Shakespeares dikting handlar det om våre eigne liv, heva over tid og stad.

Ho registrerer ei aukande­ ­interesse for den norrøne littera­turen, både hos lesarar og forskarar.

– Det har vore ei rik oppblomstring for denne litteraturen­ s­idan 80-talet. Heltedikta er ei nærliggande og aktuell kjelde som dagens fantasy-forfattarar auser av. Tolkien henta mykje stoff frå dei norrøne kjeldene, seier Kari Vogt som trur den store interessa for fantasy kan gjere at fleire lesarar finn vegen til dei norrøne tekstane.

LES MER: «Jeg var 17 da jeg ble bedt om å flørte med kundene»

Frederik Lønstad har vore redaktør for Edda-prosjektet i Cappelen Damm. Sjølv om Edda-­dikta aldri vert bestseljar, er ­salet betre enn det meste av samtidslyrikk.

– Edda-figurane er nok vel så komplekse som dei fantasy-skikkelsane dei er modellar for i dag, og har vel så mykje livsvisdom å by på. Den store interessa for fantasy forplantar seg nok til auka interesse for dei opphavlege, mytologiske kjeldene, trur Lønstad, som fortel at heile serien kjem i pocket-utgåve.

Ekko

Det er eit stort tidsspenn i Edda-historiene. Ingen veit heilt sikkert når dei vart til, eller kvar dei kjem i frå.

– Eg tek utgangspunkt i eit handskrift frå 1270, men dette er basert på munnlege overleveringar, seier Knut Ødegård.

Han fortel at Edda-dikta er ein del av ein felleseuropeisk arv.

– Hunarkongen Attila frå 400-talet dukkar opp som Atle, og fleire tradisjonar er knytte saman. Dei ukjende opphavsmennene var skolerte, og kan ha hatt kjennskap heilt tilbake til Gilgamesh-legenda frå 2100 før vår tidsrekning. Ein finn likskap med historia om St. Georg og draken, og element som liknar på episodar i Odysseen av Homer. Mange av heltedikta handlar om verkelege personar, men dette er ikkje presis historieskriving. Det er meir å rekne som eit ekko frå forgangne tider og deira heltar, fortel Ødegård.

Og historiene har vi teke med oss inn i vår tid.

– Richard Wagner hentar materiale frå Edda saman med Nibelungenlied inn i sin store operasyklus Nibelungen-ringen. Sigurd Fåvnesbane som er den store helten i Edda, dukkar opp som Siegfried hos Wagner. J.R.R. Tolkien bruker og mykje av dette materialet i Ringenes Herre. Og heltedikt-tradisjonen gjer seg gjeldande i dagens fantasy-litteratur.

Les mer om mer disse temaene:

Lars O. Flydal

Lars O. Flydal

Lars O. Flydal har i mange år vært journalist og fotograf i Vårt Land, og har dekket både kultur- og kirkeliv.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kultur