Kultur

Heddapris til naken kritikk

Heddaprisvinnaren sto naken på scena som ein kritikk mot kommersialiseringa av ­kvinnekroppen. – Men framsyninga er også kritisk til kvinnene som brukar kroppen sin for å kome seg opp og fram, seier Helga Guren.

Lårene. Pikkene. Berømmelsen.

Slik er gangen i monolog-framsyninga Dritt//La Merda, som Helga Guren har vunne ­prisen for beste kvinnelege skode­spelar med. Dramatikar Cristian Ceresoli har kalla stykket for ein tragedie i tre satsar, men ikkje fordi det går ille med den kvinnelege protagonisten.

– Ho vinn ho, i sine auge, seier Guren. – Men sett utanfrå gjer ho jo absolutt ikkje det. Stykket vekslar mellom ærlig brutalitet og ein veldig humor i framstillinga av kva ho er villig til å gjere for å oppnå suksess.

Meir ubehag i Oslo

Vi møter Guren på veg heim til Stavanger, der ho er busett saman med ­familien sin. I samband med Heddadagane har ho vore ei veke i hovudstaden, der Dritt//La Merda, i Audny Chris Holsen sin regi, vart sett opp på Oslo Nye.

Under desse siste framsyning­ane har skodespelarinna måtte­ ta stilling til ei utfordring som ikkje var der då stykket fyrst gjekk på Rogaland teater. 33-åringen ventar nemleg barn i august – og skulle stå naken på scena under framføringa.

– Eg trur og håper at det gjorde det enda meir ubehagelig for publikum, seier Guren.

– Men på ein god måte. Den gravide kroppen opnar jo opp for eit anna lag av assosiasjonar. Det er eit lite liv som skal inn i denne verda, som frå protagonisten sitt synspunkt ser ganske dårlig ut.

For Guren sin eigen del var det også noko fascinerande – og frigjerande – reint kroppsleg ved å stå gravid på scena.

– Eg kjende meg meir som eit dyr. Kroppen er liksom ikkje min akkurat noko, det er noko anna som driv og tek bustad i den.

LES MEIR: River Ibsen i biter

Kvinnene er ikkje offer

Guren omtalar monologen ho har framført som kritisk til det kommersielle samfunnet generelt, og kommersialiseringa av kvinnekroppen spesielt. Oppsetninga hadde premiere i 2012, altså nokre år før den mykje omtalte metoo-bølga.

– Metoo er reaksjonen på det helvetet som kvinna i stykket går gjennom, seier Guren.

– Eg trur den reaksjonen var heilt nødvendig, for det skjer mange maktovergrep. Både frå kvinner og menn har eg opplevd det.

Trass i denne maktubalansen meiner heddaprisvinnaren likevel at kvinner ikkje berre er offer i metoo-sakene.

– Stykket er like mykje ein kritikk av kvinnene som vel å bruke kroppen sin for å kome seg opp og fram - og då særleg samfunnsstrukturane som legg til rette for dette. Det er ikkje nokon som tvingar protagonisten, ho vel å gjere det ho gjer.

LES MEIR: Friskt barneteater om å være født i feil kropp

Streng regi

Ein kritikk som har vore retta mot Dritt//La merda er at framsyninga har svært strenge føringar på regien frå dramatikar Ceresoli si side. Til dømes når det gjeld kravet om å framføre monologen naken.

Er det nødvendig å tvinge skodespelarinna, i dette tilfellet deg, til å stå på scena utan klede?

– I utgangspunktet er eg skeptisk til nakenheit som verkemiddel i kunst, men her meiner eg det er eit viktig grep, som er integrert i kunstverket, og aldri blir spekulativt. Med klede hadde kvinna representert eit sjikt i samfunnet, mens den nakne kroppen i større grad gjer henne universell. Grepet framkallar også ein unik konsentrasjon både for meg og publikum – som faktisk gjer at teksten kjem betre fram.

Eiga initiativ

Men kva tenkjer du om at den mannlege dramatikaren set dette som eit krav til den kvinnelege skodespelaren?

– Faktisk så var det ikkje ­Ceresoli som bestemte dette kostymet, men skodespelarinna ­Silvia Gallerano. Det var ho som spelte protagonisten i den opphavlege framsyninga. Og det er eg sjølv som har tatt initiativet til å gjere denne viktige teksten, så eg var klar over kva det innebar.

LES MEIR: Med Hedda-dagene inntar Teater-Norge hovedstaden

Les mer om mer disse temaene:

Helene H. Hareide

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kultur