Bøker

Halleluja

Endeleg eit hebraisk ord som har erobra verda! Halleluja for European Song Contest og Leonard Cohen!

Eller var det Hallelujah med h på slutten? Slik er det i engelsk, men dei norske Biblane klarar seg utan. Er den siste h-en berre til pynt? Nei, han har faktisk noko å seia.

Hallelujah er nemleg to ord: hallelu + jah. Det første er imperativ fleirtal hankjønn: lovsyng, de menn! Kvinnene er sjølvsagt med i dette fleirtalet, men grammatikken er hankjønn. Det andre ordet er ei kort form av gudsnamnet Jahve. Eller Jahveh, eller Yahweh, avhengig av kva omskrift ein vel. For å sjå samanhengen med gudsnamnet, må h-en vera med: hallelu jah! «Lovsyng Jahve, de menn og kvinner!»

Det er ganske godt gjort at Halleluja har overlevt til vår tid. Jahve-namnet vart nemleg forbode å uttala. Ganske tidleg i det gamle Israel vart dette namnet rekna for å vera så heilagt at det ikkje skulle uttalast. I tekstar som vart skrivne etter eksilet, på 400-talet før Kristus og seinare, minkar bruken av Jahve til fordel for Adonay, «Herren». Til sist vart ikkje namnet brukt, men erstatta av «Adonay» eller «Namnet» (hasjem, sjema’). Berre i greske tekstar frå tida etter Kristus dukkar Jahve opp, i forma Iabe, uttalt Iave, eller Jave.

Det er difor litt av eit under at den korte forma Jah har fått eksistera fram til i dag.

Ein kan innvenda at namnet er kjent gjennom forma Jehovah. Den finst i Jehovas Vitne, men også i sjølvaste King James Version frå 1611. Men Jehovah er ikkje det same som Jahve. Forklaringa er slik:

På den tida då det vart ulovleg å uttala namnet Jahve, inneheldt dei hebraiske tekstane til Det gamle testamentet likevel dette ordet, men berre konsonantane: YHWH. Men noko måtte ein uttala når ein las tekstane, og då vart det Adonay. Dette ordet skreiv ein ikkje inn i teksten, men brukte vokalane a-o-a på YHWH. Då fekk ein kombinasjonen YaHoWah, som etter lydlovene vart til YeHoWaH. Det var aldri dei jødiske lærde si meining at ein skulle bruka dette hybride ordet, for det var jo to ord. Enten skulle ein lesa Adonay, eller bryta forbodet, og seia Jahve.

Men så kom lesarar som ikkje kjende denne leseregelen, og dei las konsonantar og vokalar i same slengen. Dermed oppstod Jehovah, som altså er ei europeisk feil-lesing.

Halleluja finst seksten gonger i Bibel 2011, og alle er i Salmane, Salme 104 – 150. Serleg tett er førekomstane i dei sist fem salmane. I grunnteksten er det ein del tilfelle med det fulle uttrykket «Lovsyng Jahve», Sal 148,7. Salme 150 har ti Hallelu! og to Halleluja! Det eine uttrykket er omsett, det andre er transkribert. Dei 150 salmane startar med eit «Sæl er den som…» og munner ut i dette: lovsyng Herren!

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Bøker