– Gullalder for norsk dokumentarfilm

FILM: Med Margreth Olins «Fedrelandet» er Norges offisielle Oscar-kandidat for første gong ein dokumentarfilm. Valet speglar det høge nivået i sjangeren, meiner ekspertar.

Margreth Olin
Margreth Olins dokumentarfilm «Fedrelandet» er vald ut til å vere Noregs offisielle Oscar-kandidat. – Filmen skal minne oss på den djupe relasjonen vi har til naturen, seier filmskaparen.
Publisert Sist oppdatert

– Det er ei stor ære å få vere den første dokumentarfilmen til å representere Noreg i kategorien beste internasjonale film. Det er historisk, seier Margreth Olin.

Den norske Oscar-komiteen meiner at Olins dokumentar Fedrelandet har ein sjanse til å hevde seg i det sterke landskapet av kvalitetsfilmar frå heile verda. Fedrelandet krinsar rundt Olins far, Jørgen Mykløen, og heimstaden hans i Oldedalen i Nordfjord. Dokumentarfilmen byr både på eksistensiell refleksjon og mektige naturskildringar.

– Eg er glad på vegne av heile det kunstnariske laget som har arbeidd med filmen, og på vegne av far min, seier Olin om det norske Oscar-kandidaturet – vel vitande om at det ligg mykje arbeid framfor henne for at filmen faktisk skal bli nominert til ein Oscar.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS