Bøker

Gud i samtidslitteraturen

Kristendommen gjer stadig nye inntog i den norske skjønnlitteraturen. Mange sentrale forfattarar skriv no om Gud.

Bokåret 2015 var eit mangfaldig år. Ei enorm mengd med bøker, rundt 40 debutantar, ei rekke ulike tematikkar og formeksperiment. Midt i dette virvaret finn vi også ei rekke bøker som på ulikt vis går i samtale med tematikkar og tankegods frå Bibelen og kristendommen. Steinar Opstad skal nemnast blant dei fremste. Poeten som heilt sidan midten av 1990-talet har vore opptatt av religiøst språk i diktinga si, og funne nye måtar å dekonstruere og bygge opp dei religiøse omgrepa på, kom i haust med ei av sine sterkaste diktsamlinga, Kjærlighetstapene. Eg meiner framleis at Opstad her skriv gåsehudframkallande interessant om kristen tru, som her: «Når noen stiller meg det ublu spørsmålet om jeg tror på Gud, kan jeg bli like forlegen som når noen spør om jeg har en kjæreste. Tvilen utgjør halve meg, men den har aldri latt meg i stikken på en slik måte at den har hindret meg i å forelske meg eller å elske en annen dypt.»

LES OGSÅ: Her er nyhetsåret 2015

Presise uttrykk

I ein kommentar tidlegare i haust skreiv eg at Opstads dikt og aforismar går rett til kjernen av dei verkeleg store spørsmåla og evnar å sette presise uttrykk på det samtidig daglegdagse og uforklarlege: «Er troen en dagdrøm? Nei, slik kan det ikke være, for et helt liv kan ikke være fylt av en og samme drøm. La oss heller si at troen er like virkelig som været.»

Opstads diktsamling var ikkje den einaste som gjekk i tydeleg samtale med Bibelen i år. Også brageprisnominerte Inger Elisabeth Hansen gjorde det same i si første diktsamling på tolv år, Å resirkulere lengselen, avrenning foregår. Her går ho i dialog særleg med Forkynnaren i Bibelen, og med Dødehavsrullane, i ei samling der eit sterkt engasjement for miljøet ligg i botnen for dikta. Hansen skriv samfunnsengasjerte dikt med brodd, om eit skaparverk under angrep.

Bibelen var også sterkt til stades i Jan Jakob Tønseths diktsamling, Muntre dødsdikt, der forfattaren tok utgangspunkt i ei personleg sjukdomshistorie – han blei ramma av brystkreft. Dei bibelsprengte dikta i samlinga går både i direkte dialog med tekstar i Bibelen og med Jesus, eller dei nærmar seg det bibelske på meir fantasifullt vis, i form av bibelfantasiar.

Ikkje tabu

Terje Dragseth går også i samtale med Bibelen, då særleg Johannes Openberring, i den nye diktsamlinga Jeg skriver språket: «Se, jeg gjør alle ting nye!»

Vi skal også nemne dei yngre poetane Casper André Lugg (Dagene er som gress) og debutanten Solveig Mette Tjeltveit (Noo gode gnu), som har mykje religiøst stoff i dikta sine.

For ikkje å nemne sjølve storkanonen, Knut Ødegård, truleg Noregs mest omsette lyrikar (i tillegg til å vere litteraturkritikar i Vårt Land), som i haust kom med utvalde dikt i samlinga Drankarar og galningar.

Alle desse diktarane skriv seg inn i ei tydeleg rørsle på det norske skjønnlitterære feltet, at Gud ikkje lenger er tabu for forfattarar. Då eg spurte poeten Eldrid Lunden om dette, i eit arrangement i Oslo domkirke i haust, sa ho at ho ikkje var overraska over at så mange norske forfattarar i dag skriv om Gud. Ho poengterte at det går i bølgjer, men at utviklinga frå 1960-talet og 1970-talet var stor.

LES MER: Her er årets filmer

Tendens

«Gud gjør comeback i norsk åndsliv,» skreiv Dagbladet tidlegare i år. Diktantologien Bibeldikt (2014), redigert av Jan Ove Ulstein og meg, viste at 88 av Noregs fremste forfattarar ikkje sjenerer seg for å skrive i uttalt samtale med Bibelen. Odveig Klyve, Marit Kaldhol, Ingrid Storholmen, Einar Økland, Håvard Rem, Ruth Lillegraven, Gro Dahle og nemnte Steinar Opstad er berre nokre av mange namn.

Tendensen har vore påfallande over fleire år, med forfattarar som Hanne Ørstavik, Karl Ove Knausgård og Lars Petter Sveen. Jon Fosse har gått i nærdialog med mystikk og evangelietekst. Til og med Dag Solstad interesserer seg for Gud, som omgrep.

I år kom også Jan Roar Leikvolls sterkt religiøse manus Forkynnaren ut, posthumt.

I november trykte Vårt Lands litteraturbilag eit lengre essay om Gud i samtidslitteraturen, der eg peika på ei rekke namn som har interessert seg for religiøse spørsmål og referansar i bøkene sine. Berre to veker seinare sette Den norske kyrkja i gang med sin litterære adventskalender på kirken.no. Gjennom 24 dagar i desember har 24 profilerte forfattarar skrive kvar sine tekst i samtale med juleevangeliet. Jon Fosse, Mona Høvring, Gro Dahle, Eivind Hofstad Evjemo og Ingrid Storholmen var blant dei du kunne lese bak adventslukene. Tekstane blir samla og kjem ut som bok neste haust.

LES OGSÅ: Kulturskolene satsar på talentutvikling

Nye bod

Det er ikkje så mange år sidan det var tette skott mellom det kyrkjelege og det litterære miljøet. Situasjonen er annleis i dag, noko bokåret 2015 bar nye bod om. Ikkje berre er talet på forfattarar som interesserer seg for Gud, aukande. Mykje av den beste litteraturen som blir skriven her til lands, går i dag i samtale med Bibelen og religiøse spørsmål. Det er grunn til å vente seg nye under i året som kjem.

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Bøker