Kultur

Gav milliardformuen til dei fattige

– Olav den heilage er Trondheims skytshelgen. Men Thomas Angell har ­betydd vel så mykje for byen lokalt sett, meiner kunsthistorikar. I år er det 250 år sidan kjøpmannen Thomas Angell (1692–1767) døydde og gav alt han eigde til dei fattige.

– Det er jo Olav den heilage som står i sentrum når vi feirar Olavsfestdagene. Så kvifor skal vi no engasjere oss i rikmannen Thomas Angell? spør guiden publikum som har møtt opp for å bli med Alexander Asphaug ­Rauboti, kunsthistorikar og ­fungerande dagleg leiar i Fortidsminne-
foreningen – Den trønderske ­avdeling, på byvandring.

I år er det 250 år sidan ­Thomas Angell døydde, og det er kanskje den viktigaste grunnen til at denne byvandringa blir halden no. Men at ho er ein del av Olavsfestdagene, som i år har idol som tema, reiser spørsmålet: Kan ein trøndersk kjøpmann som levde på 1700-talet vere eit idol?

Velståande

– Det er visuelle spor etter Thomas Angell over heile byen, spreidd frå aust til vest, fortel Rauboti når vi står framfor monumentet av han framfor Thomas Angells hus, ikkje langt frå Kjøpmannsgata, der Angell sjølv levde det meste livet sitt.

Sjølv om han gjorde gode gjerningar medan han levde, og var kjend for å vere rundhanda overfor byens fattige, var det først etter han døydde at kjøpmannen Thomas Angell viste seg som eksepsjonelt gåvmild idet han testamenterte heile sin formue på 300.000 riksdalar – tilsvarande mellom 2 og 2,3 milliardar ­kronar i dag – til heimbyen Trondheims fattigvesen.

– Det var ikkje det at det var så uvanleg at folk gav noko av formuen sin til dei fattige eller som gåve i ei eller anna form til byen, det var skikk og bruk på 1700-talet, seier Rauboti.

LES OGSÅ: En helgen for vår tid

Forskjellen er for det første at Angell gav heile formuen sin, for det andre at han i motsetnad til mange andre ikkje gav noko for at det skulle bli oppført eit monument eller liknande til hans ære.

– Der andre var opptekne av å synleggjere sin eigen posisjon, hamna Angell sitt våpenskjold på bygningar som inngjekk i ­sosialt stell, seier Rauboti.

Feide

Angell gifta seg aldri, men levde det meste av livet saman med broren og ­familien hans. Dei dreiv ­forretningane ­saman, og dei fekk inntekter blant anna frå koparverk, sagbruk, og skog og jordstykke knytt til dei mange eigedommane dei eigde i distrikta, som auka den allereie betydelege formuen bygd opp gjennom tre generasjonar av dyktige forretningsfolk.

– Ein familiefeide er truleg noko av grunnen til at han ­valde å testamentere sin del ut av ­familien, seier Rauboti.

Niesa Karen Angell gifta seg nemleg med den danske ­Peter Fredrik Suhm, som Thomas ­Angell etter kvart fekk eit veldig dårleg forhold til.

– Mest truleg handla det om at Angell sterkt mislikte Suhms lausslupne og umoralske livsstil. Angell søkte kongen om tillating til å kunne testamentere ­formuen sin uavhengig av ­arvelinja.

Men vi kan også finne spor i boksamlinga hans som tyder på at han hadde førebilete innanfor nye europeiske strøymingar, opplysningstidas motstand mot den rådande skolastikken og den nye pietismen, og eit ­ideal for Angell kan ha vore til ­dømes den tyske pietisten ­August ­Hermann Francke som etablerte skular og heimar for fattige barn på slutten av 1600-talet. Angell tok også sjølv eksamen i teologi i 1712.

– Denne feiden har nok spelt ei rolle for dette valet, men den sterkaste drivkrafta var nok 
absolutt hans religiøse overtyd-ing, fortel Rauboti.

LES OGSÅ: Høysesong for idoldyrking

Testamente

Neste stopp i vandringa er Thomas Angells hus mellom Nidarosdomen og Gamle bybro, som vart bygd for å huse eldre enker opphavleg ­fødde inn i ein høgare stand, men som var blitt fattige. Det huser også Thomas Angells Stiftelser, og huset er framleis i bruk som eldreheim.

Vidare går turen til fattighuset på Kalvskinnet, der det var elendige kår før dei vart tilgodesett med sjettedelen av renteintektene av Angells formue. Thomas Angells Stuer vart oppført som ein ny fløy for å huse gamle, fattige enker utanfor borgarskapet.

– Angell hadde spesifisert ­tydeleg i testamentet sitt kva pengane skulle gå til. 1/6 av formuen skulle gå til barna i ­Waisenhuset, 1/6 til fattighuset, 2/6 til fattige enker, og dei siste 2/6 skulle setjast av så formuen kunne halde fram med å auke, fortel Rauboti til publikum.

Men særleg dette siste punktet var det ikkje alle som var like nøgde med.

– Biskop Gunnerus var skeptisk til at ein slik formue øyremerkt dei fattige skulle auke, i frykt for at det no skulle strøyme fattige til byen og på sikt øydelegge Guds orden, seier Rauboti.

Biskopen og andre ville heller nytte pengane til å ruste opp ­byens infrastruktur, og slik gjekk det til at mellom anna ei betring av byens vassverk, utbygging av Tukthuset og eit løft av skulevesenet i byen vart utført utan at det var testamentert noko til desse formåla.

– Det var jo ikkje direkte til hjelp for dei fattige, men det kom jo heilt klart borgarane i byen til gode på sikt.

LES OGSÅ: Kirkens idolkjønn er hugget i stein

Profan skytshelgen

Før vi ­avsluttar vandringa ved Waisenhuset­, der foreldrelause barn budde og gjekk på skule, går vi innom Trondheim kate-
dralskole. Katedralskolens nye bygning frå 1780-åra vart ­finansiert av midlar frå Thomas Angells stiftelse.

Innskrifta rett oppunder 
taket på bygningen lyder slik: «Momentum Pietatis Thomæ Angell» – «Til minne om den fromme ­Thomas Angell».

Rauboti fortel også at ­Angell øyremerkte 100 riksdalar til festmiddag for byens fattige same dag som gravferda hans skulle haldast.

Før vandringa spurde vi om det er slik at vi kan sjå på ­Thomas Angell som eit idol.

– Eg vil eigentleg påstå at vi kan kalle han eit idol. Hans kristne grunnverdiar var hans sterkaste drivkraft, og ein må jo kunne seie at han er eit førebilete for oss alle. Heilag Olav er byens formelle skytshelgen.

Men ­Thomas Angell har hatt enorm betyding for byen - først og fremst dei fattige - og levde 
livet sitt også relativt ­førebiletleg. Derfor har eg valt å kalle han ein profan skytshelgen.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kultur