Kultur

Gåta om den tapte ­Moseboka

Dei fleste som hadde hatt å gjera med dei gamle manuskripta, var døde. Dersom manuskripta var forfalska, ville forfalskaren sikra at alle spor forsvann?

Magnar Kartveit, kultur@vl.no

Søndag 9. mars 1884 vart politiet tilkalla til eit tvilsamt hotell i Rotterdam. Ein mann hadde sjekka inn to dagar tidlegare, låst seg inne på rommet sitt og ikkje kome ut igjen. Politiinspektør Cramer braut seg inn på rommet, og fann ein kropp liggjande på senga, blodig og med kulehol i hovudet, og ved sida av senga ein bag full av hebraiske og engelske manuskript. Identiteten var lett å fastslå: Ein stabel visittkort hadde teksten:

M. W. Shapira, Book Seller and Antiquarian

Agent of the British Museum

Jerusalem

Men namnet fekk ingen klokker til å ringja hjå politiet, så heile tilfellet vekte lita oppsikt i Rotterdam. Hadde dei visst litt meir, og kva manuskript han hadde med seg, ville dei nok ha vist meir interesse for kasuset. Tre dagar seinare skreiv Leidisch Dagblad at den døde truleg var «mannen som i fjor vart illgjeten i England for sine forfalska manuskript.» Avisa var på sporet, men notisen fortalde berre litt av historia. Var manuskripta ekte? Vart han myrda, var det sjølvmord?

Forfalsking?

Moses Wilhelm Shapira hadde adresse Jerusalem. Han hadde handla ein god del manuskript med British Museum, og han selde antikvitetar. Visittkortet var korrekt nok, men røpa ikkje at han opprinneleg var polsk jøde, fødd i 1830, og hadde blitt kristen på reisa til Jerusalem i 1850-åra. Der hadde han mykje kontakt med den anglikanske Christ Church like innanfor Jaffaporten i Gamlebyen, starta forretning med manuskript og antikvitetar, og vart etterkvart ein etablert antikvitetshandlar. Men ingenting av dette kunne forklara at han enda sine dagar i Nederland. Då må ein leita andre stader.

LES OGSÅ: Nye funn vitner om plyndring

Åtte månader før dødsfallet hadde Shapira vore i England, og møtt forskarane i Palestine Exploration Fund og vist fram femten eller seksten manuskript med hebraisk skrift, og med ein tekst som likna svært på kjente deler av Femte Mosebok i Det gamle testamentet. Han var så sikker på at dette var den eldste teksten til Bibelen at han forlangte ein million engelske pund for manuskripta, og rekna med å bli ein velståande mann på salet. British Museum tok han alvorleg, og oppnemnde den beste autoriteten dei hadde, Christian David Ginsburg, til å granska manuskripta. Ginsburg brukte tre veker på granskinga, og halla til at det var ekte saker, men før han rakk å offentleggjera dette, kom ein artikkel i The Times om at Shapira prøvde å selja forfalska varer. Og forfattaren var ingen kvensomhelst.

Manuskript frå Dødehavet?

Forskarar har starta fleire gonger, men gitt opp å finna ut av kva dette eigentleg var for manuskript. Og så, i fjor gav den amerikanske professoren Chanan Tigay ut ei bok om Shapira og manuskripta hans, og den er bygt på omfattande gransking av mannen og livet. Tigay har reist der det var nødvendig, snakka med dei han trong, gått den langsame vegen gjennom aktuelle aktmapper i engelske og amerikanske bibliotek, og ikkje minst lært seg nok om manuskriptsituasjonen for Det gamle testamentet. Og grunnen til hans interesse er lett å sjå: For 70 år sidan vart det gjort eit funn av manuskript – ekte manuskript – som minna svært om Shapiras. Det er tekstane frå Dødehavet, for det meste frå Qumran sør for Jeriko. Sat Shapira på eit knippe manuskript frå Qumran? Det er ikkje urimeleg, for eksempel dukka det mot slutten av 1800-talet opp manuskript i Kairo som er kopiar av tekstar frå Qumran. Dei er skrivne i det tiande og tolvte hundreåret, men har nøye parallellar i Qumran-tekstar som er meir enn tusen år eldre. Shapiras versjon av Femte Mosebok kan ha vore ekte saker, men artikkelen i The Times har lenge stått som prov på falskneri.

LES OGSÅ: - Minst 90 prosent er falske

Mannen som i The Times felte dommen over Shapiras manuskript, var Charles Clermont-Ganneau. Han var ein fransk tolk med vitskaplege ambisjonar, og budde i Jerusalem i 1868, året då Mesha-steinen vart funnen aust for Dødehavet. Steinen inneheld ei innskrift frå 800-talet f. Kr., som er svært viktig i forskinga. Finnaren var ein tysk misjonær i Jerusalem, Friedrich Klein, men steinen hamna til sist i Louvre-museet i Paris. Tidlegare presenterte museet Clermont-Ganneau som finnaren, men no seier dei at han var den som redda steinen og innskrifta. Det er ei sanning med modifikasjonar, og Clermont-Ganneau viste seg i denne affæren å vera mindre enn pålitande. Funnet skjedde midt i opptakten til den tysk-franske krig, og også i Jerusalem var det spenningar mellom desse nasjonane, pluss engelskmennene. Alle ville ha ein bit av steinen, og Clermont-Ganneau fekk fatt i det meste. I prosessen kom han på kant med Shapira.

Antikvitetar?

Det kunne vera ein grunn til det. I tida etter funnet av Mesha-steinen byrja det å dukka opp antikvitetar frå Moab, området der kong Mesha hadde styrt og der innskrifta hans vart funnen. Det dreia seg om krukker og fat, groteske hovud, mannsfigurar som ville ha gjort ein viss stein ved Egersund til skamme, kvinnekroppar med overdimensjonerte genitalia. Shapira kjøpte desse antikvitetane, og i 1873 selde han over 1600 gjenstandar til det prøyssiske kongelege museet i Berlin for 20.000 dalar, meir enn to millionar kroner. Tyske forskarar hadde vurdert dei som ekte, men kom etterkvart på andre tanker, og mot slutten av året rekna dei antikvitetane som forfalska. Clermont-Ganneau hengde seg på, og erklærte Shapira som ansvarleg for å ha lurt tyskarane. Frankrike hadde sikra seg Rosetta-steinen under Napoleons felttog i Egypt i 1799, men England slo Frankrike og førde steinen til British Museum. No hadde Frankrike fått Mesha-steinen, og tyskarane var på jakt etter ein gjenstand med tilsvarande prestisje. Gjenstandane frå Moab lova godt, men vart ein skamplett på tysk forsking.

LES OGSÅ: Dødehavsrullene på nettet

Ti år seinare kom Shapira med manuskripta til London. Var mannen som førte skam over tyskarane truverdig? Var tekstane hans ekte? Ginsburgs vurdering var positiv, men så dukka Clermont-Ganneau opp, og fekk ein liten glimt av manuskripta. Det var nok for han til å erklæra dei som falske, og Ginsburg vart riven med i opinionen som oppstod. Erfaringa frå Berlin ville engelskmennene ikkje gjera opp att, sjølv om det var ein franskmann som førte an i diskusjonen. Ginsburg var sjølv jøde som hadde blitt kristen, og han ville kanskje ikkje ha sitjande på seg at han forsvarte ein person med same bakgrunn, og i tillegg med eit frynsete rykte. Kvar vart det så av manuskripta?

Tigays jakt

Chanan Tigay har lagt seg i selen for å finna ut kvar det vart av dei etter at British Museum ikkje ville kjøpa dei. Det er jo ein god sjanse for at dei kom frå Qumran: dei vart funne i holer ved Dødehavet, dei var verkeleg gamle, skrifta var ekte gammal-hebraisk, dei hadde ein avvikande Bibeltekst. Alt dette er også tilfelle for somme av Dødehavstekstane. Det kan ha vore ekte manuskript Shapira hadde med seg. Kanskje dei finst ein stad i dag?

Denne tanken har ført Tigay til Israel, Tyskland, England, Australia. Ironisk nok dukka det mest interessante materiale opp i eit bibliotek rundt hjørnet der han bur i San Fransisco. Han meiner det er ein samanheng mellom dette materialet og Shapiras manuskript og tolkar det som prov for falskneri. Så skulle saka endeleg vera avslutta? Tja, hans materiale er ikkje eit prov, for han treng Shapiras manuskript for å visa at der er ein samanheng. Ikkje nok med det.

Samtidig med Tigays bok kom ein artikkel i Palestine Exploration Quarterly, tidsskriftet til Palestine Exploration Fund, som Shapira hadde mykje kontakt med. Forfattaren er Shlomo Guil, som oppgir å vera ein Independent Researcher. Han kjenner ikkje Tigays undersøkjing, og har ein heilt annan konklusjon enn han. Dermed er saka i full gjenge igjen. Var manuskripta ekte? Var dei frå Qumran? Hadde dei ein tekst som i dag vil føya seg inn i mønsteret frå den gongen?

Og: Døydde Shapira for eiga hand eller vart han myrda? Dei fleste vil tippa at han reiste rundt i Europa på måfå etter nederlaget i London. Me veit at han var i Amsterdam, og hadde tenkt seg til Berlin. Han skreiv brev og forsvarte manuskripta. Så enda han i Rotterdam, der han enda sitt liv. Eller: Var det ein nemesis som innhenta han? Dei fleste som hadde hatt å gjera med manuskripta, var døde. Dersom manuskripta var forfalska, ville forfalskaren sikra at alle spor forsvann?

Den eldste Bibelteksten?

Manuskripta Shapira hadde, viste ein annan versjon av Femte Mosebok enn den vanlege. For eksempel er dei ti bod forskjellige. Den norske Bibelomsetjinga har «Du skal ikkje bryta ekteskapet», i Shapiras Mosebok var det «Du skal ikkje bryta ekteskapet med nestens kone». I staden for «Du skal ikkje slå ihel» står det «Du skal ikkje ta nestens liv», og «Du skal ikkje stela» er erstatta av «Du skal ikkje stela nestens eigedom». Fleire liknande variantar var å lesa. I 1883 kunne dette vekkja uro og mistanke om forfalsking. Ein hadde også den gongen den greske teksten til Det gamle testamentet, og den er forskjellig frå den hebraiske på mange punkt. I tillegg var den samaritanske teksten til Mosebøkene kjent, og den er også ein annan. Likevel var det standard jødisk tekst som galdt, og som alle bibelomsetjingane brukte. Her kom Shapiras tekst inn som eit uromoment.

70 år etter funnet av Dødehavstekstane har diskusjonane om variantane mellom standard hebraisk versjon og dei andre kome til ro i fagmiljøa. Og bibellesarane har også slått seg til ro med at det kan ha vore forskjellig tekstar ein gong. Men det ville vera spennande å vita kva manuskript British Museum ikkje kjøpte den gongen, og som forsvann og som ingen har greidd å spora opp. Den som klarar det, vil gjera eit funn, og han vil også kanskje finna ei løysing på korleis Shapira døydde. Desse sakene har ikkje falle til ro.

Magnar Kartveit, professor emeritus, VID vitenskapelige høgskole

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kultur