Kultur

Frå hundehuset til spa-weekend

Fleire og fleire handsamar kjæledyra som familiemedlemmar på linje med menneske. Pengemengda vi nyttar på kjæledyra våre er mangedobla dei seinaste åra.

Bilde 1 av 5

Ved dyrebutikken Musti på Storosenteret er Yoki, ein ung hund av rasen Bichon havanais, på veg inn i lag med matmor. Han har nemleg spa-time, og skal no få ei større velvære-oppleving, med frisør, vask og massasje. I det han kjem inn døra er det han, og ikkje matmor, som får merksemda. Dei tilsette i butikken badar han med kompliment.

– Se på dei nydelege auga! Her helsar me først på hundane, og så på foreldra, fortel tenesteleiar Marija Beze.

Etterspurnaden etter tenestar som pelsstell og hundefrisør har gått i taket dei seinaste åra. Dyrebutikken har pussa opp frisørlokalet, eller Spa- og velværesalongen som dei kallar det, i eit forsøk på å imøtekoma etterspurnaden. Dei er no fullbooka ut sommaren, og dei lærer stadig opp fleire hundefrisørar, såkalla «groomers», for å muliggjere fleire senter.

Heldige Yoki klynkar litt, og må skvetta nokre nervøse dråpar i det matmor forlét han, men han fell fort til ro etter litt kos og støtte frå hundefrisøren. Nokre få minutt inn i spa-opplevinga ser det ut til at vesle Yoki held på å sovne.

– Det er slettes ikkje unormalt, fortel Marija Beze.

LES OGSÅ: Kommer kjæledyr til himmelen?

Booming business

Dyrebutikken Musti på Storosenteret er berre éin av mange aktørar som opplever særs gode tider. Sidan fyrste butikkopning i slutten av 2016 har dei i snitt opna ein butikk i månaden. Samstundes rekna Dagens Næringsliv i 2012 med at det dei siste ti åra var ei auking på 30 prosent i talet på hundar i Noreg. Stadig fleire opnar lommeboka breidt for å blidgjera dei firbeinte.

Det er godt nytt for business. Veterinær-, dyrefôr- og dyreforsikringsbransjen er alle i sterk vekst. Dyreklær og -hotell har dukka opp i byane. Tidlegare nisjeområde som «grooming» og pelsstell har blitt vanlege.

Ser me over til svenskane har omsettinga innan kjæledyr omtrent firedobla seg frå 2001 til 2015, ifølge forskning.no. Dei reknar med at det er omtrent like mange tilsette innan kjæledyrverksemd i Sverige som det er i bibliotek, musem- og kulturverksemd i Noreg.

Humanisering

Det som har skjedd er det veterinærar og marknadsforskarar kallar for ei humanisering av kjæledyra. Fleire og fleire handsamar kjæledyra som familiemedlem på linje med menneske. Euromonitor, eit britisk selskap for marknadsforsking, merker seg at humaniseringstendensen er særskilt tydelig mellom rikare hushald i storbyar. Dyra får ein større del av den økonomiske kaka, og det blir projisert menneskelege eigenskapar som forståing, trøyst og kjærleik, over på dyra.

Marknadsjef i dyrebutikken Musti, Kristine Olsen, har merka seg tendensen. Ho kan fortelja om ein revolusjon innan dyrefôr. Ho reknar med at dei fyrsteklasses fôrprodukta deira no står for omtrent halvparten av marknaden av all dyrefôr. Tida kor ein kasta beinrestar i matskåla til hunden er forbi.

– Eit høgare medvit på kosthald til oss sjølv har nemleg smitta over på dyra. Det heng saman med at dei er blitt ein sentral del av familien, seier ho.

Utvalet av dyrefôr er enormt. Eigarane, eller foreldra som dei kallar seg her, er no opptekne av å gi kornfri og glutenfri mat til dei mest sensitive av «ungane» sine. Det finst eigne matvarer for kattar og hundar med fordøyingsproblem, og dei kresne kan få rått kjøt frå eigen frysar. Eit nettsøk openberrar økologisk og veganske hundefôrs-alternativ.

– Dei mest ihuga kan få tak i hundeiskrem i ulike smakar. Andre leverandørar tilbyr også øl og vin, fortel Kristine Olsen.

LES OGSÅ: Prest tror at han vil møte hundene sine i himmelen.

Overfører diettar

Det er uklart i kva grad kjæledyra dreg fordelar av den nye merksemda rundt dietten deira. Veterinær og kommunikasjonsansvarleg Sasja Elisabeth Rygg jobbar i Anicura, ein familie av dyreklinikkar i Noreg. Ho fortel at denne humaniseringa eller antropomorfismen, innanfor kjæledyrverda er komen for å bli – på godt og vondt. Fôr som ein får hjå veterinærar ser ho på som eit stort framsteg, då dei førebyggjer mot mykje medisinering. På den andre sida ser ho på hundeøl, vegansk og glutenfrie diettar som problematiske.

– Nokre av desse kan vere beint fram farlege, fortel ho.

Filosof Lars Fredrik Svendsen frå Universitetet i Bergen kan mykje om menneskeleggjering av dyr, såkalla antropomorfisme. Han har skrive om dyreetikk og om korleis vi kan forstå dyr. Han meiner antropomorfisme fell oss svært lett.

– Me har eit tilhug til å leita etter menneskelege trekk i verda. Nokre er rimelege, andre er ikkje fullt så rimelege, fortel Svendsen.

Han meiner det er viktig å anerkjenna også det som er ulikt mellom eit menneske og ein hund. Ein hund som blir behandla for mykje som eit menneske lever ikkje i tråd med sin eigenverdi, meiner Svendsen. Han er likevel ikkje negativ til kjæledyrtrenden.

– I det me tar dyr inn i liva våre så får me eit ansvar som me må leva opp til. Betre medvit omkring velferda til kjæledyra er berre flott, meiner Svendsen.

Når det kjem til ressursbruk og klimautslepp er det ikkje ved kjæledyra skoen trykker, meiner han.

– Spa og hundebarnehage kan verke tøvete, men dersom hund og eigar trivst skal ikkje eg vifta med sabelen, seier Svendsen.

Rein hund

Lille Yoki er omsider vaska, føna og rein som aldri før. Marija Beze og Kristine Olsen erkjenner at mykje av gleda med for eksempel hundefrisyrar og hundeklede ligg på mennesket si side. Dei meiner at det er eigarane sjølve som må avgjere om det av og til kan bli «litt mykje». Trass alt har me eit godt auge for å sjå om hunden har det bra. Yoki sjølv ser ut til å trivest særs godt med det nye tilvêret.

LES OGSÅ: Preken for pus - gudstjeneste for dyr.

---

Kjæledyrindustri

  • Det auka talet på kjæledyr og velvillige eigarar har skapt grobunn for ein lønsam kjæledyrindustri.
  • I tidsrommet 2002–2012 var det ein 30 prosents auke i talet på hundar i Noreg.
  • I 2012 blei marknaden knytt til hundehald rekna til å ligga på 4,4 milliarder kroner.
  • Hundar og kattar står for omfattande miljø og klimautslepp – ein stor hund konsumerer på eitt år like mykje ressurser som ein borgar i Indonesia, ifølge forskar Robert Vale.
  • Kilde: SSB, Dagens næringsliv, Aftenposten, Robert Vale, forskning.no

---

Les mer om mer disse temaene:

Jo Arne Hansen Marvik

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kultur