Film

Fortryllande mytologi i irsk animasjonsfilm

Den animerte filmperla Sangen fra havet bygger på ei irsk segn om skapningar som er halvt sel, halvt menneske. Mytologien er framand, men fengslande.

Det finst få filmar av same slag som Sangen fra havet. Den irske teiknaren og regissøren Tomm Moore kan likevel minne om den japanske meisterregissøren Hayao Miyazaki, med kombinasjonen av fantastisk-magiske forteljingar og nydeleg handteikning. Moore var nominert til Oscar for beste animasjonsfilm både i 2009 (The Secret of Kells) og i fjor, for Sangen fra havet. Filmskaparen, som sjølv har skrive manuset til filmen, var i The Secret of Kells oppteken av ein ung gut som blir utdanna til å følgje etter sin onkel, abbeden Callah, i klosteret. Møtet med ein anna munk gjer at han i staden får auga opp for kunsten.

LES OGSÅ: Anmeldelse av den nyeste James Bond-filmen

Irsk segn

I Sangen fra havet tek Moore utgangspunkt i ei gammal irsk segn om selkiane, skapningar som er halvt sel og halvt menneske. Vi møter ein liten familie som bur på eit fyr ute på ei øy. Då mora i familien føder sitt andre barn, blir ho sporlaust borte. Fleire år seinare er det den vesle jenta, Saoirse, som må blir klar over sin sanne identitet: Ho er den siste selkien, og har makt til å berge heile slekta si med song. Problemet er at Saoirse enno ikkje har lært verken å snakke eller synge – ho er stum som ein østers, for å bruke eit havuttrykk.

Filmmagi

Sangen fra havet har eit spesielt visuelt uttrykk, med ei blanding av teknikkar som inkluderer vassfargar. Resultatet er mektig, ja, eg vil kalle filmen for eit stykke animert filmmagi. Her smeltar det beste frå Disney saman med det beste frå Miyazaki, i ei forteljing som er skrudd mange hakk ned i tempo.

Eg trur ikkje barn vil synest dette er for kjedeleg, i tillegg vil dei truleg bli fascinert av sel-skapningane. Spørsmålet er kanskje heller om ikkje dette primært er ein film for vaksne, med sin underlege, men fortryllande mytologi.

LES OGSÅ: «En film utenom det vanlige»

Gode stemmer

Eg trur ikkje det, all den tid barn interesserer seg for filmar frå japanske Studio Ghibli. Dei norske stemmene – Henrik Folke-Olsen Hellum, Josephine Østergaard, Anders Baasmo Christiansen, Lise Fjeldstad, Trond-Viggo Torgersen og Ane Brun – er også med på å fange inn sjåarane i det særeigne universet. Særleg smeltar eg for stemma til Ane Brun, som spelar mammaselkien. Brun burde gjere fleire stemmeroller på film!

Det mytologiske elementet i filmen er godt samanfletta med ein meir normal irsk kvardag, der vi både får innblikk i barske forhold på ei fyrvaktarøy og på det meir ordinære livet i Dublin. Inngangen til selkiane ligg skjult midt i vår eiga verd, i god fantasy-tradisjon.

Midt i filmen dukkar det også opp kristne symbol, som Jesus på krossen og ei rad med jomfru Maria-figurar. Eg er ambivalent til korleis dette fungerer, om det er med på dra det kristne symboluniverset inn mot mytologien, eller om det først og fremst etablerer segna i ein truverdig irsk kvardag.

Det er mykje som står på spel i Sangen fra havet. Filmen er like spennande som han er poetisk. Det er ein sjeldan kombinasjon.

Følg oss på Facebook og Twitter!

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Film