Kultur

Forfattar Jon Fosse gjer minst mogleg ut av jula

«Ein vinterdag» har Jon Fosse kalt julefortellinga han har skrive for Den norske kyrkja sin adventskalender. – Eg likte jula som barn, sidan har eg hatt eit vanskeleg forhold til heile jula, seier han.

Første desember vil du kunne finne Fosse-teksten på nettstaden til Den norske kyrkja. «I de dager...» heter kalenderen der du bak første luke finner årets vinner av Nordisk Råds litteraturpris, Jon Fosse. Han er ein av dei 24 forfattarane som sa ja til å skrive inspirert av juleevangeliet. Blant dei andre finn vi Gaute Heivoll, Ruth Lillegraven, Rune Christiansen, Gro Dahle, Lars Petter Sveen og Kari Bremnes.

Jon Fosse har skreve teksten eksklusivt for kyrkja. I teksten som du kan lese på dei neste sidene, fortel han om eit møte mellom dei to karane Åsleik og Asle. Åsleik vil ha Asle med inn fjorden for å feire jul hos søstera si. Asle har vorte invitert til henne fleire år på rad.

LES OGSÅ: Dette er historien bak salmen Mitt hjerte alltid vanker

Betlehem

– Kvifor sa du ja til å være med på dette?

– Det kan eg sant å seia ikkje hugsa. Men eg må ha gjort det av di eg kanskje trudde at eg kunne få til ein tekst som kunne passa. At eg i alle fall hadde lyst til å prøva.

Asle er også ein figur i fortellinga som forfattaren fekk Nordisk Råds Litteraturpris for i haust. Fleire har meint å se slektskap mellom det unge paret Asle og Alida og Josef og Maria i Bibelen. I Ein vinterdag er det einaste som gjer jula god for Asle det «å tenkja på at ein ung mann og ei ung jente er kjærastar». Her fortel Fosse om ei strime av ljos og om dei tre som visste at «det ljoset tydde at Gud hadde sendt Menneskesonen til jord».

LES OG LYTT: 'Vi mennesker trenger hverandre'

Andvake. – Kor tett på Andvaketrilogien er denne teksten for deg?

– Teksten er sant å seia eit noko omskrive utdrag av ein lengre prosatekst eg held på med, den vert lang som ein roman, men eg vil ikkje kalla det for roman, berre for skjønnlitterær prosa. Eg har aldri prøvt å skriva på noko bestemt vis, eg har alltid skrive slik eg har fått til å skriva.

– Og det skjedde nok eit skifte i måten min å skriva prosa på med Andvake-boka, i alle fall med universet eg skriv innanfor, for å seia det slik. Så om ikkje på anna vis, så er denne teksten tett på Andvake og dei andre bøkene i trilogien. Det er slik eg for tida får til å skriva, rett og slett. Slik eg til dømes i mange år fekk til å skriva dramatikk, på min måte. Før det liksom var slutt med det.

Påskehøgtida

– Kva er ditt forhold til juleevangeliet?

– Eg har ikkje noko særskilt forhold til juleevangeliet. Ikkje meir enn det andre som reknar seg for kristne har i alle fall. Eg likte jula, og julefeiringa, då eg var barn, og sidan har eg hatt eit noko vanskeleg forhold til heile jula. Så eg freistar så langt råd er å gjera minst ut av det. Jula er viktig, men for meg, som for andre katolikkar, er det påsken som er den største høgtida.

– Kva er meininga med advenstida for deg?

– Sant å seia lita. Eg går etter at eg konverterte jamt til messe, og messa er viktig for meg, og kyrkjeåret går no sin rundgang. Og lilla er ein fin farge!

Ikkje jul

– Asle skal ikkje ha øl, ikkje dram og ikkje jul - kva har skjedd?

– Eg, som mange andre, har eit noko vanskeleg forhold til jul, og difor drikk ein gjerne for mykje då. Jula er ei vanskeleg tid for mange, både for familiar og for einslege. Ein skal liksom ha det kjekt og triveleg - og då endar det gjerne med uhygge, og nok også ofte med for mykje alkohol.

– Kva kan det vere som gjer at systera spør gong etter gong?

– Ho har kanskje sine baktankar, kven veit. Det lurer nok Asle på òg, i sitt stille sinn.

– Og kvifor vil ikkje Asle inn i Instefjord - ein takkar ja til invitasjoner i Instefjord, ikkje sant, og han likar jo ikkje å vere åleine?

– Det kan henda at han ombestemmer seg. Vi får sjå kva som skjer, skriv Jon Fosse i sitt svar.

Følg oss på Facebook og Twitter!

Omsorg og humor

Direktør i Kirkerådet, Jens-Petter Johnsen, lover «24 nydelege tekster, med varme, omsorg, humor og overraskingar»

– Vi ønsker å løfte fram juleevangeliet, det skrivne ordet og jula sin bodskap gjennom å la forfattarar skrive eigne versjonar, refleksjonar, tankar og assosiasjonar med bibelordet som utgangspunkt, seier Johnsen.

Tekstane skal høsten 2016 bli utgitt som ein antologi i bokform på Verbum forlag.

Les mer om mer disse temaene:

Arne Guttormsen

Arne Guttormsen

Arne Guttormsen er kulturjournalist i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kultur