Kultur

Fly-over-folket

Rundt J. D. Vance gjekk folk på trygd og dop. Sjølv gjekk han inn døra på prestisjeuniversitet. ­Klassereisa hans tek deg gjennom eit USA du knapt ser. Til Donalds land.

No er han her, på norsk, mannen frå turbulente og særs enkle kår som skreiv boka om det fattige, kvite USA; J. D. Vance, der J står for James og D for David.

Hillbilly Elegy: A Memoir of a Family and Culture in Crisis kom ut i USA på det absolutt rette tidspunktet, sommaren mellom ein opprivande nominasjonskamp og ein endå meir opprivande valkamp. I eit USA styrt av dei etablerte og ein bøllete milliardær.

Han nemner aldri namnet, så Hillbillyens klagesang: En biografi om en familie og en kultur i krise er ikkje ein politisk analyse­ av fenomenet Donald Trump, men eit innsiktsfullt portrett av veljarane hans.

Vance skriv likevel om dei mange kvite, som valde, midt i vonløysa, å røyste fram Trump. Først som presidentkandidaten partiet ikkje ville ha, så strake vegen til Det kvite hus fordi dei ville protestere mot dei politiske leiarane som hadde styrt landet før han, og som aldri hadde sett i deira retning.

Vance viser veg inn i det ­uprivilegerte USA.

LES MEIR – Trump er ekstrem

Blå skjorte

Skiltet varslar mat. Bacon og egg. Pannekaker og sirup. Eg svingar av motor­vegen. Tid for frukost. Leige­bilen smyg seg inn mellom skitne fire­hjulstrekkarar og rustne flak, styrt av menn som ein gong bar adelsmerket til den amerikanske middelklassa.

Blue Collar-skjorta.

Den blå bomullsskjorta var arbeidsuniforma til dei millionar av amerikanarar som bygde Amerika. Som skrudde saman bilane, og kjøleskåpa. Som gjorde Amerika stort, og stolt.

Så kom framsteget kjørande inn over bygrensene. Med seg på lasteplana tok dei jobbane,­ frakta­ dei til sørstatane, til ­Mexico, til Kina. Alle stadar kosta ein ­arbeidar lite. Blåskjorta blei hengt vekk. Fram kom dårleg betalte korttidsjobbar, så trygde­utbetalingar, og til sist, dopen.

Framtida var ein annan stad.

Eg er i rustbeltet, det utpinte­ rektangelet sør for dei store sjøane.­ Her står monumenta over gullalderen tett. Bilfabrikkar.­ Stålverk. Kvitevarefabrikkar. No rotnar dei på rot.

Rustbeltet er regionen som gav USA ein president landet aldri har sett maken til.

– Vi trur på Donald. Han er vår mann, seier ein og løftar kaffi­kruset til ein skål.

La Trump få røske opp, la han riste i dei som aldri ser vår veg, seier han eigentleg.

Eksistensielle kriser

No er Vance omsett til norsk. Hillbillyens klagesang er reiseskildringa­ du skal lese om du er berre­ litt ­interessert i USA. For oss som seier­ som Jens Bjørneboe, «Vi som elsker Amerika», er ho boka vi har sakna.

Både før, under og etter det amerikanske presidentvalet har det ikkje mangla på analytikarar, professorar og USA-ekspertar som har forklart Donald Trumps elleville ferd mot vervet «verdas mektigaste mann». Likevel er det Vances Hillbillyens­ klagesang du skal lese. Som ei reiseskildring. Frå eit utpint landskap. I det ­andre USA.

Kvifor?

Han er ein av dei. Ein av dei oversette og nedvurderte. Han er ein hillbilly.

Men han er ein hillbilly, i dress, som har lært seg skilnaden på kvitvin og kvitvin, som evnar å fortelje kva som har skjedd med familien og fellesskapet i eit land fillerista av økonomiske stormar. Hillbillyens klagesang er ingen sosioøkonomisk analyse, ført i pennen av ein finansanalytikar. På den andre sida er det akkurat dét boka med undertittelen En biografi om en familie og en kultur i krise, er. Ein drepande presis analyse, som utespelar seg i familiar i eksistensiell krise.

Vance gjer det brutalt. Straks såret har fått skorpe, røskar han skorpa av. Sjå, skriv han, sjå her er vrangsidene av det kvite ­fattige USA.

LES MEIR Dei frontar USA nye og stygge ansikt

Fattige, men byrge

Den klasse­reisande juristen har ein fot i rustbeltet, regionen som er tømt for blue collar-jobbar. Her vaks han opp med mora som var rusmisbrukar og storforbrukar av menn, så besteforeldra reiste han opp. Den andre foten står tungt i bakken i ein av USAs fattigaste og mest myteomspunne regionar: Appalachia, fjellområdet som strekkjer seg gjennom 13 delstatar aust for Midtvesten. Her har han røtene sine, herfrå kom heltane i Vances liv. ­Besteforeldra. Frå kolgruve­landskap fylt med fattigfolk. Menn og kvinner frå britiske utkantar, Skottland og Irland, hardføre og byrge ­immigrantar som alltid har vilja klare seg sjølve, sjølv når dei går under.

«Eg er ein fjellmann, slik mange av Amerikas kvite arbeidarklasse er. Og vi fjellfolk gjer det ikkje så bra. Amerikanarar kallar dei hillbillies, rednecks eller kvitt søppel. Eg kallar dei naboar, vener og familie», skriv Vance.

Eller: Du kan ta guten ut av Appalachia, men aldri Appalachia ut av guten. Sjølv om guten blir advokat med suksess.

Halde nede

J. D. Vance droppa­ nesten ut av skulen, men blei henta inn av bestemor, og ville noko meir enn ein usikker jobb på stålverket. Han hadde to i seg til universitetsstudier, men for å lære å bli mann – i ei verd med få gode farsførebilete – verva Vance seg til marine­infanteriet. For å bli herda. For å bli vaksen. Med bestemors ­bistand fann han fram til stipend som sikra han jussutdanning på eit prestisje­universitet, eit nålaugo så trongt at han, som ein hillbilly, løynde at han studerte juss på Yale.

Hillbillyens klagesang er eit sviande oppgjer med ein stolt, men øydeleggjande fjellfolkkultur; eit folk som blir halde nede av sjølvlaga, destruktive demonar. Alkoholisme, pille- og narkotikamisbruk, overgrep, arbeidsløyse, fattigdom.

Eg svingar ut på motorvegen. Ut frå motløysa, ut frå hovud­gater med gjenspikra­ fasadar og crack-sal. Frå J. D. Vances byar i det andre Amerika er det lenger til Washington, New York og San Francisco enn til London, Paris eller London. Umåteleg mykje lenger.

Gav tilsvar

– Vi, sa ein på parkeringsplassen, vi er «the fly over people».

James David Vances kjære Amerika er det urbane, liberale­ aust- og vestkystborgarar – gjerne med forakt – omtalar som fly-over-folket.

I fjor gav dei svar på tiltale. Dei gav verda Donald Trump.

Hillbillyens klagesang: En biografi om en familie og en kultur i krise forklarar kvifor.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kultur