24 timar med tvil, 1 minutt med håp i Agnus Dei
Andreaspris-vinnaren Agnus Dei er så langt unna julekos som ein kan kome. Men midt i mørket formulerer han ein kraftfull respons på det vondes problem.
Prisvinnar: Den fransk-polske spelefilmen fekk den økumeniske Andreasprisen tidlegare i år. Fleire av nonnene i eit polsk kloster er blitt gravide etter å ha blitt valdtekne under andre verdskrigen, og treng hjelp til å føde.
Filmweb
Midt i julehøgtida kjem filmen som vann den økumeniske Andreasprisen tidlegare i år, det fransk-polske dramaet Agnus Dei. Filmen er regissert av Anne Fontaine, som mellom anna er kjent for Coco før Chanel. Den nye filmen handlar om noko heilt anna enn opptakten til siste skrik frå Paris. Her er det dei aller største tematikkane som rår grunnen.
Agnus Dei bygger på ei sann historie frå tida rett etter andre verdskrigen. Vi følgjer den unge franske Raudekross-legen Mathilde (Lou de Laâge), som er blitt sendt til Polen for å gi hjelp til trengande krigsoffer. Her blir ho oppsøkt av ei polsk nonne som ikkje kan forklare kva ho treng hjelp til. Nonna ber likevel så insisterande i snøen utanfor det provisoriske sjukehuset at Mathilde, som sjølv er ateist, blir med henne til klosteret.
Her ventar det Mathilde ei brutal overrasking. Det viser seg nemleg at fleire av nonnene er gravide, etter å ha blitt valdtekne under krigen. No treng dei hjelp til å føde.
Bestill abonnement her
KJØP