Film

Åleine på Mars

The Martian er ein forbløffande god sci-fi-thriller frå ei ikkje altfor fjern framtid. Aksel Hennie spelar ei lita, men fin rolle, i Ridley Scotts storslåtte film.

Denne veka kom den amerikanske romfartsorganisasjonen NASA med ei oppsiktsvekkande nyhende. Forskarane har funne flytande vatn på Mars.

Nyhenda passar som hand i hanske for regissør Ridley Scott, som no er aktuell med storfilmen The Martian. Filmen handlar om ein astronaut som blir etterlaten åleine på Mars då mannskapet på romekspedisjonen blir overraska av ein sterk storm og må evakuere frå planeten.

Mannskapet er sikre på at Mark Watney (Matt Damon) er død, men ein god porsjon flaks har berga han frå den visse død i Mars-stormen.

Enorm utfordring

Dødstrugselen er likevel langt ifrå over. Watney må overleve så lenge på planeten at ein ny ekspedisjon kan komme for å hente han. Det vil truleg ta fire år.

Watneys utgangspunkt er ekstremt vanskeleg. Ikkje minst må ingeniøren og biologen gjere­ bane­brytande forskingsarbeid for å skaffe seg nok mat til å overleve i så lang tid. Han set i gang med å bygge eit slags drivhus i bueininga som er stasjonert på planten, der han dyrkar poteter og må produsere vatn ved hjelp av farlege prosessar.

LES OGSÅ: Suverent familiedrama frå Joachim Trier

I tillegg må han finne ein måte å kommunisere med jordkloden på, og han må bygge om roveren (køyretøyet som er blitt brukt på ekspedisjonen) til å kunne takle den lange distansen til eit anna viktig punkt på planeten.

Matt Damon spelar hovud­rolla med ei effektiv blanding av desperasjon, handlekraft og svart humor. Mark Watney blir ein person eg straks identifiserer meg med og heiar på.

Filmen kan på eitt vis likne Alfonoso Cuarons Gravity, med Sandra Bullock i hovudrolla: Det handlar om å takle gedigne utfordringar i rommet og komme heilskinna attende til jordkloden.

The Martian (3D)

Amerikansk sci-fi-thriller

Regi: Ridley Scott

Aldersgrense 9 år

Anmeldelse: The Martian er ein forbløffande­ god sci-fi-thriller frå ei ikkje altfor fjern framtid.

Stor regissør

Regissør Ridley Scott er mannen for dei store filmane, på godt og vondt. Blade Runner (1982) og Gladiatoren (2000) står framleis blant dei beste han har laga, i ein katalog som også inkluderer suksessar som Thelma & Louise (1991) og American gangster (2007).

Moses-filmen han kom med i fjor, Exodus: Gods and kings var derimot ein flopp – mykje på grunn av den manglande trua på underet, som Bibelens forteljing om Moses er full av.

Følg oss på Facebook og Twitter!

Scott må ha lært av Moses-­fadesen, for The Martian er full av under, om enn høgteknologiske og ikkje-religiøse. Det er også noko rørande ved korleis menneskeheita er i stand til å samle seg om ein enkelt manns lagnad langt ute i universet. I filmen sameiner mange gode krefter seg, frå USA til Kina.

Fin rolle

Også mannskapet om bord i Mars-ekspedisjonen er av ulike nasjonale opphav. Det er her Aksel Hennie kjem på, eller inn i, banen, som den tyske astronauten Alex Vogel. Hennie får ikkje spesielt mykje tid på lerretet, men gjer ei fin rolle som ansvarsfull romfarar.

Dette er den største produksjonen han har vore med i. Som skodespelar har han likevel langt større prestasjonar å sjå attende på.

LES OGSÅ: I Game of Thrones den sanne helten borte

Det er Matt Damon som ber denne filmen på sine breie skuldrer. Å halde intensiteten i den over to timar lange filmen oppe nærmast på eiga hand, er formidabelt gjort.

Ny interesse

Eg ser slett ikkje bort ifrå at The Martian kan auke interessa for romfart generelt og ein framtidig Mars-ekspedisjon spesielt. Sjølv om dette er ein sci-fi-­film, er mange av scenene­ og detaljane bygd over reelle lestar – slik filmen bygger på den omfattande researchen til data­ingeniøren og forfattaren Andy Weir, som fekk ein bestseljar med ­romanen The Martian.

The Martian er ein forbløffande­ god sci-fi-thriller frå ei ikkje altfor fjern framtid. Skal tru om vi framleis lever når mennesket første gong set foten på Mars?

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Film