Film

Briljant om Berlin

Den tyske spelefilmen En natt i Berlin består av eitt einaste langt klipp. Det halsbrekkande filmprosjektet lukkast optimalt.

Utgangspunktet for det tyske spenningsdramaet En natt i Berlin er spesielt: Heile filmen er skoten i ei einaste tagning.

For å rydde unna alle eventuelle misforståingar om at dette er ein lettvint måte å lage spelefilm på: Det er eit svært vanskeleg prosjekt å lage god film med berre eitt klipp. Særleg er det krevjande med dramaturgien, og skodespelarane kan ikkje gjere (alvorlege) feil.

Det blir også feil å samanlikne eit slikt filmprosjekt med gate­teater. Støttefunksjonane på filmsettet er mykje meir omfattande. Og alt skal formidlast gjennom eit einaste filmkamera, i dette tilfellet operert av nordmannen Sturla Brandth Grøvlen.

LES ANMELDELSEN AV KARSTEN OG PETRA: Simpelthen rørende

Grøvlens prestasjon er formidabel. Sølvbjørnen han fekk på filmfestivalen i Berlin, er fullt fortent.

Jaktar på lykka

Den tyske regissøren Sebastian Schipper har sjølv vore med på manusarbeidet, saman med Eike Frederik Schulz og Olivia Neergaard-Holm.

Historia handlar om den unge spanske kvinna Victoria (Laia Costa), som har flytta til Berlin på jakt etter lykka. Filmen gjer ikkje eit poeng av det, men vi veit kor stor arbeidsløysa er blant spanske ungdommar.

I Berlin har Victoria fått seg jobb på ein kafé, men ho har enno ikkje fått så mange vener. Når ho møter ein gutegjeng, får vi nesten kalle det, med den kjekke og munnrappe Sonne (Frederick Lau) i front, augnar Victoria eit høve til å komme seg eit stykke vidare i livet sitt.

LES OGSÅ: Vil Hollywood ta bølgja?

Ho følgjer med gjengen rundt i det nattlege Berlin, dei tøysar og tullar, naskar i ein kiosk og listar seg opp på ein hemmeleg takterrasse.

Dramatikk

Filmen har i starten eit slentrande driv, der vi blir meir og meir kjente med Victoria og Sonne. Kjemien deira er god; kanskje vil dei bli kjærastar? Men så tek filmen ei dramatisk vending, der Victoria blir riven med på noko ho aldri hatt sett komme berre eit par timar i førevegen.

Utan å røpe for mykje, kan eg seie at ho snart hamnar midt i eit drama på liv og død.

LES ANMELDELSEN AV BØLGEN: Skremmande katastrofefilm frå Sunnmøre

En natt i Berlin lukkast med å stramme skruen og skape ei stigande spenning, utan å overforenkle eller bli banal. Framleis altså på eitt klipp. Den russiske Russian Ark, den kjente eitt-klipp-filmen av Alexander Sokurov, var aldri i nærleiken av det same. Sebastian Schipper imponerer med dette filmprosjektet, og skodespelet imponerer tilsvarande.

Medrivande kunst

Resultatet er ein film som trass eit par små breistar undervegs vil bli snakka om i lang tid. Filmen tek det moderne, urbane og rastlause Europa på pulsen og formidlar stoffet i ei både medrivande og kunstnarisk form.

Følg oss på Facebook og Twitter!

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Mer fra: Film