Pøbelungdommen

Kari Anne Moes dokumentar Pøbler gjer meg glad i dei unge menneska ho skildrar. Filmen gir håp, men viser også kor vanskeleg det er å komme seg ut av destruktive mønster.

Kari Anne Moe har laga ein symaptisk dokumentar som gjer meg engasjert i personane ho skildrar, meiner vår meldar. Særleg blir han opptatt av korleis det går med Jan Olav (midten), som har vanskeleg for å kontrollere sinnet sitt og på eit tidspunkt blir sparka ut av kurset.
Publisert Sist oppdatert

Eddie Eidsvåg har fått mykje velfortent ros for Pøbelprosjektet, som han starta for mange år sidan. I Kari Anne Moes dokumentarfilm Pøbler spelar han ei viktig, men tilbaketrekt rolle. Moe, som er mest kjent for dokumentarfilmen Til Ungdommen (2012), konsentrerer seg endå ein gong om ungdommane. Pøblane, om du vil: Dei som av ulike grunnar har falle litt utanfor og ikkje komme seg ut i jobb.

Hjelp til jobb

Når eg seier ungdommar, er det kanskje å strekke omgrepet. Stort sett er det snakk om unge menneske i byrjinga av 20-åra eller rett under 20. Moe filmar dei mens dei er på kurs for langtids-arbeidsledige. Dette kurset skal kunne hjelpe dei ut i jobb.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP