FILMMELDING: Det er intenst å sjå Fridtjof Kjærengs portrett av Børre Knudsen, En prest og en plage. Her møter vi ein mann som stilte seg midt i striden, vart elska av somme og hata av endå fleire. I ei rekke aksjonar for det ufødde livet brukte han svært dramatiske verkemiddel. Han kjente det som eit kall. For Børre Knudsen var det «intet eller alt», og han fira ikkje ein tomme.
I så måte minner Børre Knudsen om Henrik Ibsens Brand, presten frå skodespelet med same namn. Også Brand var kompromisslaus i si prestegjerning, og måtte betale dei menneskelege kostnadene som denne haldninga påførte han.
LES OGSÅ: - Vet ikke om kampen var verdt prisen
Angrar ikkje. I Kjærengs dokumentarfilm er Knudsen ein plaga mann, ramma av Parkinsons og sjølvransakande ettertankar. Saman med kona Ragnhild ser han attende på livet slik det skulle komme til å bli. Han angrar ikkje på abortkampen han førte, men seier det slik: «Det var nødvendig at nokon gjorde det. Og dessverre var det eg som gjorde det.»
Det er vondt for ekteparet Knudsen å innsjå at kampen dei førde gjekk ut over borna – dette blir tydeleg i filmen. Det må også vere tøft for Børre Knudsen at kampen hans truleg var med på å skape den polariserte abortdebatten som det norske ordskiftet framleis lir under – om dette seier filmen ingenting. At En prest og en plage har fått ny aktualitet gjennom reservasjonsstriden dei seinaste månadane, er også noko som ligg utanfor Kjærengs kontroll. Filmskaparen brukar kreftene på å vise fram mennesket Børre Knudsen, og det gjer han godt. Filmen har ein sterk nerve, og vil ganske sikkert trekke både sympatisørar og meiningsmotstandarar til kinosalen.
Tittelen er inspirert av Niels Chr. Geelmuydens bok, utan at filmen bygger på boka utover dette. Det overordna tematikken dreier seg altså om det å slåst for det ein trur på, og la konsekvensane av kampen vere underordna. På mange måtar er filmen også eit portrett av ein mann som på mange måtar blei latt «i stikken» av meiningsfellar. Børre Knudsen og Ludvig Nessa blei ståande forunderleg åleine, når vi veit kor mange som var samde i sak. Verkemidla deira skremte bort folk frå alle leirar.
LES OGSÅ: Abortprest sensurert av Facebook
Hekta på naturen. Fotograferinga i En prest og en plage er god, både der vi kjem tett inn på Børre og Ragnhild Knudsen i innandørsscener, og der Kjæreng etablerer dei i pakt med naturen. Børre Knudsen er hekta på naturen, som han seier i filmen, og naturmetaforar – både fjell og båten på fjord – får også ein sentral plass.
Oppsynet til Børre Knudsen er elles like fullt av nerve som resten av filmen: Men det karakteristiske skjegget, og dei intense auga, kan han innimellom forvekslast med ein gammaltestamentleg profet. Eller altså Brand. Inntrykket blir forsterka av at han ofte bryt ut i åleinesong – dette skal vere godt for stemma hans.
LES OGSÅ: 'Jeg er blitt spart for bitterheten'
Provokasjonskraft. Skjelvinga, som er eit resultat av Parkinsons, går att som eit moment i forteljinga. Det dannar ein effektiv kontrast til det prinsippfaste og «harde» – no i sin alderdom viser Børre Knudsen seg i det «svake». Provokasjonskraft har han framleis, slik han seier at han gjerne vil bli putta naken i ein plastsekk og slengt på plenen framfor Stortinget når han døyr. Scena seier mykje om Børre Knudsen: Etter alt han har vore igjennom av prøvingar, står kampen for det ufødde livet framleis så sentralt at han ønskjer å vere aksjonist også etter sin død.
Eg skulle gjerne sett meir humor i Kjærengs portrett. Det er lite rom for slikt, sjølv om Børre Knudsen prøver seg med ein liten prestevits. Kanskje var det slik det måtte vere. Det store alvoret prega livet hans.
En prest og en plage femnar sjølvsagt ikkje alt. Men filmen er blitt eit sterkt portrett, slik det kan opplevast både forsonande, kampvillig og provokativt, alt etter sjåarståstad.
Nærmare Ibsens Brand har vi ikkje vore i nyare norsk historie.
SJÅ FILMEN: En prest og en plage er tilgjengeleg på nett-TV hjå NRK fram til 20. september. Sjå filmen her.