Film

Norsk film i hundre

Tre nye bøker gir deg god oversikt over norsk filmhistorie.

KOMMENTAR: Det er liten tvil om at norsk film er inne i ein ny gullalder. Nye talent dukkar opp både framføre og bak kamera, og norske kortfilmar, dokumentarfilmar og spelefilmar blir lagt merke til internasjonalt. Kortfilmen har kome lengst kva gjeld heider og ære, med Gullpalme i Cannes til Bobbie Peers (Sniffer), Oscar-statuett til Torill Kove (Den danske dikteren) og verdsomspennande festivalsuksess for Anita Killi (Sinna Mann). Dei seinare åra har også eit knippe sterke spelefilmregissørar gjort seg gjeldande: Bent Hamer, Erik Poppe og Hans Petter Moland frå den mellomaldrande garde; Joachim Trier, Sara Johnsen og Anne Sewitsky frå den unge. Og dette var berre nokre få av dei mange som hadde fortent merksemd. Norsk film går så det susar. Det synest både filmkritikarane og publikum å vere samde om.

Mord i september. Situasjonen har ikkje alltid vore slik. Både Jan Erik Holst og Gunnar Iversen skriv i dei nye bøkene Filmen i Norge og Norsk filmhistorie om «septembermordet» i 1980, då norske filmkritikarar totalslakta norsk film generelt og filmane La elva leve! og I ungdommens makt spesielt. Prosentdelen av kinogjengarar som såg norsk film på kino, var fleire år nede i under fem prosent – eit skandaløst dårleg tal for ein nasjon med filmambisjonar. I fjor var talet til samanlikning 23,2 prosent.

Dei nemnde bøkene gir god oversikt over den norske filmhistoria frå høvesvis 16 og 100 år tilbake i tid. Filmen i Norge. Norske kinofilmer 1995-2011 er eit framhald til boka med same hovudtittel som kom ut i 1995. Innleiingsvis får vi nokre fine essays, frå Holsts oversynsartiklar om filmar og filmpolitikk til Rune Valles essay om videomaskina – i byrjinga skulda for å vere «djevelens treskeverk».

Hovuddelen i boka er ein oversikt over kvar enkelt norske film som har hatt premiere på norske kinoar, eit glimrande oppslagsverk for alle som er over gjennomsnittet interesserte i norsk film. Her får vi til dømes vite at Berit Nesheims Søndagsengler (1996) blei sendt ut i elleve kopiar og sett av 100.510 kinogjengarar, og at Max Manus (2008) blei sendt ut i 97 kopiar og sett av rekordhøge 1.164.157.

Mykje info. Til kvar film får vi også informasjon om tidspunktet for premieren, kven som var involverte i filmen bak kamera (frå regi og produksjon til sminke og script), kva slags skodespelarar som var med, kven som hadde distribusjonen og kva aldersgrense som vart sett av Medietilsynet.

I tillegg får vi eit kort synopsis eller handlingsreferat til kvar film, samt utdrag frå utvalde kritikkar i norsk dagspresse og eventuelt internasjonale bransjetidsskrift. Her er den einaste innvendinga mi mot boka, for eg synest Holst er smalspora i utvalet av norske kritikkar – her er det berre Aftenposten, Dagsavisen, Dagbladet og Dagens Næringsliv som gjeld, aldri ei tilvising til Morgenbladet, Klassekampen, VG eller Vårt Land, for ikkje å snakke om sterke regionsaviser som Adresseavisen, Bergens Tidende og Stavanger Aftenblad. I ei så brei og oversiktsskapande framstilling som denne boka er, hadde det vore ein klar fordel å synleggjere fleire aktørar innan filmkritikken.

Innsiktsfullt. At Holst somme stader røper eigen smak og personlege preferansar, får heller gå. Det gjer også Gunnar Iversen, professor i filmvitskap ved NTNU i Trondheim, i den svært innsiktsfulle og forståingsskapande Norsk filmhistorie. Iversen fortel både om rammene rundt den norske filmen, og om det faktiske innhaldet. Store delar av boka går med til presentasjon av sentrale verk i norsk filmhistorie, og professoren trør sjeldan eller aldri feil.

Ved sida av den fine filmgjennomgangen, og det oversiktsskapande blikket på bransjepolitiske spørsmål og utfordringar, tek Iversen også med eit par artige anekdotar, som den om den legendariske filmpampen Kristoffer Aamots rekruttering av Arne Skouen som regissør. Journalisten og forfattaren Skouen blei kalt inn til Aamots mektige kontor, der pampen sat med boka Gategutter framfor seg. «Jeg har lest boken din,» sa Aamot. «Den må vi filme.» Skouen klarte ikkje å svare noko anna enn «ja». «Og du må skrive manuskript,» sa Aamot. Og følgde opp: «Åsså må du ta regien etterpå.» Iversen kommenterer: «Slik ble vår fremste filmregissør skapt.»

I randsonene. Norsk filmhistorie er ein glimrande gjennomgang av hundre år med norsk film. Her får vi rett nok den norske spelefilmen si historie. Det finst ei anna historie òg, som filmprofessorane Eva Bakøy og Tore Helseth ved Høgskolen i Lillehammer fortel i den nye boka Den andre norske filmhistorien. Her handlar det nemleg ikkje primært om spelefilmen, men om alt som har gått føre seg i andre område av filmfeltet. Såleis får vi kapittel både om informasjonsfilmen, døvefilmen, skulefilmen og husmorfilmen. Dette siste var kvinneopplysning og reklame i langfilmformat, retta mot husmødrer og som regel synt på formiddagstid. Fleire er dei kvinnene som fekk sitt første møte med levande bilete gjennom husmorfilmen.

Andre tematikkar i Den andre norske filmhistorien er arbeidarfilmen, ekspedisjonsfilmen, kunstkortfilmen, ungdomsfilmen og animasjonsfilmen. Redaktørane sjølve har skrive om den norske filmrevyen (Helseth) og den norske migrantfilmen (Bakøy).

Til saman gir desse tre bøkene ei særs god oversikt over norsk filmhistorie. Ikkje minst inspirerer dei til å leite fram gløymte perler frå mange år tilbake, og til attersyn med etablerte klassikarar vi trudde vi hadde gjort oss ferdige med.

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Film