Brennaktuelt filmkyss frå sør

Stor festivalsatsing på filmar frå Midtausten.

Kunstnarisk leiar Lasse Skagen inviterer til 99 filmar frå heile verda under Film fra Sør-festivalen 6. - 16. oktober. Festivalen har ei særleg satsing på filmar frå Midtausten.
Publisert Sist oppdatert

Den største filmfestivalen i Oslo, Film fra Sør, går føre seg 6. – 16. oktober. På programmet står nittini filmar frå Afrika, Asia, Midtausten og Latin-Amerika. Blant høgdepunkta er fleire prisvinnande filmar frå Midtausten og Iran, og ei rekkje sjangerfilmar frå heile verda.

Opningsfilmen er libanesiske Nadine Labakis Where do we go now?, vinnaren av publikumsprisen på årets filmfestival i Toronto. I hovudprogrammet er også iranske Nader and Simin, som vann Gullbjørnen i Berlin tidlegare i år, og tyrkiske Once Upon a Time in Anatolia, som fekk juryens spesialpris i Cannes. Andre prisvinnande godbitar er iranske Circumstance, fransk-iranske Certified Copy og egyptiske Microphone.

- Midtausten er brennaktuelt no, og difor har vi vald å satse spesielt på gjestar og filmar frå regionen på årets festival, seier kunstnarisk leiar i Film fra Sør, Lasse Skagen, i ei pressemelding.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP